Nasjonal helseatlasteneste hadde samling i Førde 2. og 3. mai

Frå venstre bak: Haji Kedir Bedane, Oddne Skrede, Knut Ivar Osvoll, Bård Uleberg Tove Johansen, Kristel Guldhaugen og Arnfinn Steindal. Framme frå venstre: Maria Holsen, Frank Olsen, Hanne Sigrun Byhring, Marte Bale og Yohannes Tesfay.
I tillegg deltok assisterande fagdirektør i Helse Vest Ola Jøsendal, utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven og seksjonsleiar Guro Mjanger i Helse Førde.

–  Det var både nyttig og nødvendig med eit fysisk møte etter korona-pandemien. Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) held til i Tromsø, og under pandemien har vi treft kvarandre berre på Teams.

Det seier Marte Bale, leiar for atlastenesta i Helse Førde.

Målet med samlinga var å starta opp ein felles utviklingsplan for helseatlastenesta dei neste to- tre åra. Nytt i arbeidet er mellom anna at dei tek i bruk data frå både spesialist- og kommunehelsetenesta i analysane, og har etablert ei ny nettside.

Ved at vi utarbeider planen i lag, blir utviklingsområda relevante og nyttige for heile tenesta – og forventeleg meir gjennomførbar. Gjennom helseatlas undersøker tenesta om innbyggarane får det same helsetenestetilbodet uansett kvar ein bur i landet. At vi saman sikrar ei vidareføring av den gode kvaliteten på arbeidet som blir utført, vidareutviklar den nye nettsida, tydeleggjer forsking som del av tenesta og kommuniserer resultat til målgruppene på ein god, planmessig og felles måte, er viktig for oss i tida framover.

I tillegg til ein plan for utvikling av tenesta er det også sett ned ei prioriteringsgruppe som skal føreslå kva for helseatlas som skal oppdaterast først, og kva nye emneområde som er relevante.

Sjå også: Store forskjeller i oppfølging av kronisk syke pasienter – Helse Førde (helse-forde.no)