Ny drone skal hjelpe sjukehusa på Vestlandet
På Vestlandet blir det frakta over 1, 6 millionar blod- og vevsprøver til og frå sjukehus i året, i tillegg til ei stor mengde legemiddel, utstyr og materiale. Eit innovasjonsprosjekt skal prøve ut droner som ei betre og framtidsretta løysing på denne logistikken. No er skissa til første dronen tilpassa og klar.
Prosjektet starta i samarbeid med Helse Førde i 2018 og Helse Førde er prosjektkoordinator for helseføretaka, som er pilotkundar. Det er Airlift Solutions som har fått støtte frå Innovasjon Norge og leier droneprosjektet. Airlift Solutions skal utvikle og pilotere løysinga saman med helseføretaka i Helse Vest.
– Vi har gått saman med norske underleverandørar, og første skisse til ei ny drone for bruk i sjukehusa er klar. Den nye dronen er tilpassa krava til tryggleik for luftfart og behova til helsetenestene, seier prosjektleiar Lise Løvereide.
– Løysinga skal være klar i 2022 og neste skritt er å gjere testflygingar på kunderuter. Då skal vi frakte, mellom anna, blodprøver, vevsprøver og legemiddel.
Dei medisinske fagmiljøa, laboratoria og sjukehusa har vore aktive pådrivarar i utviklinga av eit meir påliteleg logistikktilbod. Hans Tore Frydnes, som er klinikksjef for Klinikk for medisinsk teknologi i Helse Stavanger og leiar for styringsgruppa for dette prosjektet, og Anne Kristin Kleiven, som er utviklingsdirektør i Helse Førde, ser at droner kan ha stor nytte for helsetenestene.
– Sjølv om det er fleire prosjekt på området har droner i mindre grad vore nytta i helsetenestene i Noreg. Feire faktorar tilseier at denne typen transport vil kunne bidra til å forbetre logistikk- og kvalitetsutfordringane vi ser i dag. Droner kan gje effektiv og påliteleg levering, vere enklare sporbare og mindre sårbar for ytre faktorar. Utprøvinga i dette innovasjonsprosjektet vil gje oss svar på dette.
Prosjektkoordinator for droneprosjektet i Helse Førde, Benedicte Søgnen Bendiksen, er også veldig positiv.
– Ikke bare er dette prosjektet spennende mtp utviklingen av en innovativ tjeneste for helsesektoren, men også fordi det åpner for en helt ny måte for helseforetakene å samarbeide på!
Meir om droneprosjektet
Prosjektet Droner for effektivisering av Helse-Norge er støtta av Innovasjon Norge. Samarbeidet mellom helseføretaka i Helse Vest og Airlift Solutions er formalisert gjennom ei innovasjonskontrakt. Deltakarar i prosjektet per oktober 2020 er Helse Førde HF, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF, Sjukehusapoteka Vest HF og Airlift Solutions AS.
Prosjektet starta i samarbeid med Helse Førde i 2018, og Helse Førde er prosjektkoordinator for helseføretaka, som er pilotkundar. Det er etablert tverrfaglege prosjektgrupper og intensjonen er at prosjektet skal involvere deltakarar frå helseføretak i heile Noreg etter kvart.