Ny vitskapleg publikasjon

Frå alvorleg fedme til varig vektreduksjon – utan  operasjon

Å lykkast med varig vektreduksjon gjennom å endre levevanar er vanskeleg. Det er nok å gå ned 5-10% av utgangsvekta for å påverke helsa positivt. Held ein vekttapet i eit år eller lenger er det rekna som vellykka vektreduksjon. Dei fleste som prøvar å gå ned i vekt hoppar av, og det mest vanlege er å legge på seg vekta att. Nokon lykkast godt, og deira erfaringar er ofte presentert som solskinshistorier gjennom media. Men kva er dei underliggande prosessane ved varig vektreduksjon? Kva handlar det om og kva krev det, utover kva og kor mykje ein et, drikk og trenar?

Denne studien bygger på djupneintervju med åtte kvinner og to menn som tidlegare hadde hatt alvorleg fedme, det vil seie å ha ein kroppsmasseindeks på over 40, eller over 35 dersom ein har følgjesjukdommar. Alle hadde starta å gå ned i vekt for minst fem år sidan, og hadde vedlikehalde ein vektreduksjon på minst 10% av utgangsvekta.

Funna frå studien viser at varig vektreduksjon etter alvorleg fedme er ein livsendrande prosess som ikkje kan avsluttast, men som samstundes alltid er lett å avbryte. Varig vektreduksjon handlar om å handtere denne motsetnaden. Deltakarane sine erfaringar viste at å plikte seg overfor seg sjølv, å bygge ein struktur for gode val, mengder med trening og eit gjennomtenkt kosthald over tid var avgjerande, men ikkje nok. Varig vektreduksjon var ein djupt personleg prosess som også handla om korleis vekta hadde påverka livet deira før og no, og at desse erfaringane var avgjerande for korleis deltakarane levde liva sine. Livsendringane måtte bli integrert i dei sjølve, og få den høgaste prioriteten i det daglege. Å halde vekta nede innebar både å vere standhaftig og å fortsette, og å vere fleksibel og nyskapande.

Førsteamanuensis Eli Natvik

Resultata frå studien gir ny innsikt i kva det kan innebere å gå ned i vekt og halde vekta over tid etter alvorleg fedme. Auka forståing for prosessane til personar som lykkast med varig vektreduksjon kan vere nyttig for profesjonelle, og styrke det etiske engasjementet for å rettleie personar gjennom langvarige vektreduksjonsprosessar.

Det er eit livslangt prosjekt, og eg tenkjer over det heile tida (kort pause). Det er ikkje nokon redsle for å.. hamne tilbake dit eg var lenger, for det er eg så fast bestemt på at det skjer ikkje (…). Men eg tenkjer over det heile tida. Det følast av og til som ein jobb der ein ikkje kan ta så mange.. kvileskjer.

Link til artikkelen finn du her!

Eli Natvik er førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap (HVL), og er tilknytt Forskingsgruppa for psykisk helse og rus. Ho er på veg inn i ei postdoktor stilling i Helse Førde, og skal forske på psykisk helse og fedmekirurgi.