Ny vitskapleg publikasjon
Nasjonale og internasjonle verktøy for å kartlegge ernæringsstatus hos heimebuande eldre
Helsedirektoratet tilrår at alle pasientar med heimesjukepleie kvar månad skal få kartlagt ernæringsstatus i Nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring. Hensikta med artikkelen er å synleggjere korleis internasjonal forsking verkar inn på norsk kartleggingspraksis av heimebuande eldre pasientar med kartleggingsverktøya Ernæringsjournal, MNA og NUFFE. Det skjer ei gradvis nasjonal tilpassing ved val av kartleggingsverktøy i forhold til internasjonal kunnskap.
Link til artikkelen finn du her!
Bente Gunn Melheim er høgskulelektor ved Institutt for sjukepleieutdanning Campus Førde ved Høgskulen på Vestlandet, og er knytt til forskingsgruppa Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga. Arbeidet inngår i grunnlaget for førstelektorkvalifisering.