Nye tidsskriftartiklar om kvalitetsforbetring i sjukehus
Korleis kan store og samansette organisasjonar som sjukehus endrast? Det har to forskarar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane skreve nye artiklar om.
Førsteamanuensis Einar Hovlid og professor Oddbjørn Bukve ved Avdeling for samfunnsfag har publisert to nye artiklar med fokus på kva som gjer at endrings- og forbetringsprosessar i organisasjonar generelt, og helsestellet spesielt, kan lykkast. Den eine artikkelen set søkelyset på tilhøve i sjølve endringsprosessen, den andre på kontekstfaktorar som medverkar til at endring lykkast.
«Entreprenørskap eller institusjonaliseringsprosessar? Om mekanismar i organisasjonsendring»
Denne artikkelen vart publisert i Nordiske Organisasjonsstudier nr. 1, 2014. Tittelen er ”Entreprenørskap eller institusjonaliseringsprosessar? Om mekanismar i organisasjonsendring”. Hovudpoenget er at endringsaktørar i organisasjonen, såkalla institusjonelle entreprenørar, nok kan setje i gang endringsprosessar. Men i store og samansette organisasjonar har dei på langt nær kontrollen med korleis endringane blir sette i verk.
Gjennomgripande og varig endring er avhengig av at aktørane i organisasjonen endrar dei forståingsrammene som dei handlar ut frå. Slik endring spring ut av diskursive prosessar, korleis vi snakkar om og dermed forstår dei utfordringane og oppgåvene vi har og vilkåra for å løyse dei. Slike prosessar utspelar seg med sin eigen dynamikk, dei er ikkje kontrollerte frå eit sentrum.
Les artikkelen via Nordiske Organisasjonsstudier
«A qualititative study of contextual factors’ impact on measures to reduce surgery cancellations»
Denne artikkelen er førebels ikkje trykt, men ligg føre online. Den er utgitt av BMC Health Services Research, eit tidsskrift på nivå 2. Tittelen er ”A qualititative study of contextual factors’ impact on measures to reduce surgery cancellations”. Artikkelen trekker fram tre sentrale kontekstfaktorar for at den endringsprosessen som forfattarane studerte, kunne bli vellykka.
Det handlar om at aktørane i organisasjonen identifiserte eit endringsbehov, om praktisk tilrettelegging for endring, og om involvering og støtte frå leiarane.