Samarbeidsmidlane 2014-2015 er utlyst
Hensikta med midlane er å fremje og stimulere til felles prosjekt som kan bidra til å vidareutvikle kvaliteten på utdanningstilbodet til studentane.
Samarbeidsmidlane mellom Avdeling for helsefag og praksisfeltet, tidlegare praksirettleiingsmidlane, er utlyst for 2014-2015. Søknadsfrist er 1. mai 2014.
Samarbeidsprosjekta kan initierast både av leiarar og tilsette i praksisfeltet og på høgskulen. Beløp til fordeling for studieåret 2014-2015 er kr 750.000.
Her finn du:
Informasjonsmøte om samarbeidsmidlane 18. mars kl 14.45 – 16.00.
Målgruppe: Tilsette frå alle praksisplassar som har studentar og tilsette på høgskulen.
Stad: Auditoriet ved Førde Sentralsjukehus, med videooverføring til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Sjå vedlagt program
Kurs i utarbeiding avprosjektsøknad/søkekurs 31. mars kl. 10:00-15:30.
Målgruppe: Personar/miljø som planlegg å sende søknad eller som ønskjer meir kompetanse i å utvikle prosjektsøknader.
Stad: Høgskulen, Campus Førde.
Utviklingsprosjekt/kvalitetsprosjekt er fokus for kurset. Ta gjerne med dykk idear de vil utvikle og eventuelt søke midlar til.
Påmelding til ragna.lillevik@hisf.no innan 24. mars.