Innlegg

Norse i COVID-19 situasjonen

COVID- 19 situasjonen har ført til at mange pasientkonsultasjonar i psykisk helsevern må gjerast på video og telefon. Norse kan her vere eit godt verktøy til å styrke den faglege kvaliteten på slike konsultasjonar.

Les meir og få tips om korleis ein kan skape gode telefon- og videokonsultasjonar her.

Ønskjer du å forske på psykisk helse og innovasjon?

Høgskulen på Vestlandet søkjer no etter ein PhD-kandidat som ønskjer å vere med å utvikle og forbetre behandlinga innanfor psykisk helse. I dette forskingsprosjektet vil du vere med å vidareutvikle det kliniske tilbakemeldingsystemet Norse Feedback og vere ein del av eit  kunnskapsrikt og inspirerand forskingsmiljø til Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde.

Les meir om phd-stillinga her

Innovasjonspris til Christian Moltu

F.v: Arve Varden, administrerande direktør Helse Førde, Christian Moltu, prisvinnar, Baard Christian Schem, fagdirektør Helse Vest

Christian Moltu er tildelt innovasjonsprisen i Helse Vest. Han fekk prisen for Norse Feedback, eit digitalt system der pasientar melder frå om korleis dei har det før behandling. Norse hjelper pasientane til å ta meir aktivt del i behandlinga og støttar behandlarane i samtalar med pasientane. Christian fekk prisen under den årlege forskingskonferansen i Helse Vest. Senter for helseforsking gratulerer!

Norse Feedback blir skildra som eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Innovasjonsprisen var på 100 000 kroner, saman med eit kunstverk og blomar. Christian takka pasientane, alle som har bidrege med finansiering og ikkje minst alle medarbeidarane som er med på å utvikle tenesta. – Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med på å finansiere utviklinga, fortel Christian.

Christian Moltu, psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet, seier at han er svært glad for denne prisen. – Systemet vi har utvikla skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga, og hjelpe klinikarane når dei skal snakke med pasientane, fortel Christian.

Korleis fungerer Norse Feedback?

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system, der pasientar melder frå om korleis dei har det, før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang på avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Systemet gir raskt grafisk informasjon, som behandlaren og pasienten kan bruke når dei treffest. Det kan hjelpe til for å gjere endringar i behandlinga, og at pasientane kan medverke meir i behandlinga sjølv. Norse Feedback er utvikla på bakgrunn forsking på behova til pasientar, klinikarar og forskarar.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen. «Eg visste ikkje at eg kunne snakke om dette», er ei tilbakemelding vi ofte får frå pasientane.

Utdrag frå juryen si grunngjeving

Norse Feedback er eit digitalt system og eit konsept som persontilpassar behandlinga til pasientar som i dag ikkje får tilfredsstillande behandling. Systemet har sitt utspring innanfor psykisk helsevern, men blir òg nytta i somatikken og innanfor rusfeltet.

Utvikling hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Systemet fremmar samval og brukarmedverknad, og er særleg nyttig ved behandling til sårbare pasientgrupper som tidlegare har falle ut av behandlingsløpet. Norse Feedback er utvikla for enkel og sikker bruk på mobile plattformar for pasientane.

Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg. Melom anna bruker Helse Midt-Norge Norse Feedback i fem klinikkar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling. Sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019.

Tekst: Margunn Langedal Masdal

Sider

Christian Moltu

Christian Moltu


Professor i klinisk psykologi ved HVL
Fagsjef og psykologspesialist ved Helse Førde
Forskningsgruppe: Psykisk helse og rus


Cristin-profil

Moltu arbeider som professor i klinisk psykologi ved Høgskulen på Vestlandet og er fagsjef på psykatrisk klinikk i Helse Førde.

Han er også leiar for forskingsgruppa «Psykisk helse og rus».

Nyaste publikasjonar:



    Kven er du?

    Eg er ein mann på 42 år som er innflyttar i Førde. Eg har tre barn og ein sambuar, og likar ski, sykling, jakt, fisking og stort sett alt som inneber å vere ute. Eg er psykolog og er fagsjef for Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og eg er også forskingsgruppeleiar for forskingsgruppa for psykisk helse og rus

    Kva forskar du på?

    Veldig mange ting, eigentleg. Sidan eg leiar ei forskingsgruppe og rettleiar mange som tek doktorgrad både i Helse Førde, ved HVL, ved UiS, ved NTNU, ved UiB og i Danmark, i tillegg til eigne forskings- og innovasjonsprosjekt, så spenner det over mange tema. Men det begynte med psykoterapi, som eg er veldig oppteken av. Kva er det som bidreg til at psykoterapi hjelper folk og korleis det kan bli betre? Også ein del om rusavhengighet og betring. Det starta der, men på eit tidspunkt så begynte eg med det som seinare vart Norse Feedback, og etter det balla det på seg. Så no er eg involvert i forsking på psykisk helse, psykisk helse i somatiske helsetenester, teknologi i helsetenester, fedme, rus og smerte.

    Kvifor er dette viktig å forske på?

    Forskinga er generelt viktig fordi ho støtter noko som er veldig viktig for at helsetenester skal vere gode og bli betre – nysgjerrigheit. Det er eigentleg det forsking er. Nysgjerrigheit og måtar å finne ut av det på. Nysgjerrigheit er viktig for helsetenester fordi vi alltid må spørje oss: Kva meir er det å forstå om denne personen? Kva nytt kan eg lære av denne situasjonen. Klinikk og forsking er ganske likt på den måten – det er berre ulike metodar som brukast.

    Kvifor begynte du å forske?

    Fordi eg ikkje visste betre.

    Kva håpar du forskinga di skal bidra til for pasientane?

    Eg håper at forskinga skal bidra til at pasientar i størst mogleg grad kan møtast og forståast som heile menneske, og at den spesifikke helseutfordringa som den enkelte søkjer hjelp for forståast i lys av denne heilskapen.

    Kva håpar du forskinga di skal bidra til for helsepersonell?

    Eg synest det er viktig å ha det kjekt på jobb. Og eg trur fagfolk har det meir kjekt dess meir meiningsfullt dei opplever jobben sin. Og eg trur kunnskap, verktøy og hjelp til nysgjerrigheit gjer det lettare å hjelpe, og dermed oppleve meining. Så gjennom den rekka håper eg forsking skal bidra til at helsepersonell får det kjekt på jobb.