Utarbeider handlingsplan for forsking og innovasjon i Helse Førde
Arbeidet med utarbeiding av handlingsplan for forsking og innovasjon i Helse Førde er no i gang.
Styret i Helse Førde har vedteke ein forskings- og innovasjonsstrategi for perioden 2020-2025. Strategien har som overordna mål at Helse Førde skal bli ein varig forsking- og innovasjonsorganisasjon.
Det er utarbeidd åtte mål– og tiltakspakkar i strategien. For å kunne realisere desse er det naudsynt å lage ein handlingsplan med målretta tiltak.
Det er oppnemnt ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe forankra i føretaksleiinga og i linja for utarbeiding av handlingsplanen. Kvar klinikk og stabsområde har oppnemnd deltakarar til arbeidsgruppa. Målet er å lage ein handlingsplan med målbare mål og konkrete tiltak som bidreg til å realisere forskings –og innovasjonsstrategien.
Arbeidet med planen vil halde fram no utover våren. Det vil kome ei ny oppdatering når handlingsplanen er ferdig utarbeidd.