Vellukka teknologimøteplass på sjukehuset

Måndag 23. september vart TekPRAT arrangert for første gang på Førde Sentralsjukehus. Heile 85 personar prioriterte å bruke føremiddagen i auditoriet for å delta på eit mini-seminar med tema maskinlæring /AI. Deltakarane var ei god blanding av tilsette i Helse Førde, studentar og tilsette frå HVL og ein god del deltakarar frå næringslivet i regionen.

TekPRAT har siden 2017 vore arrangert i Bergen av Helse Vest IKT og ein del andre samarbeidspartar frå privat og offentleg sektor. Konseptet har vore godt motteke og omlag 100 menneske har 2-4 gongar årleg samlast for å lære meir om ulike teknologitema som har relevans for helsesektoren.

Målsetnaden med arrangementa er å legge til rette for tverrfaglege møteplassar som kan bidra til meir nyskaping gjennom kunnskapsdeling og nettverksbygging på tvers av fag og bransjar.

Helse Førde er første foretak utanfor Bergen som no tilbyr TekPRAT ein gong i halvåret. Arrangementskomiteen første gangen var HFD, HV IKT, HVL og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Les meir om TekPRAT her.
Følg gjerne sida til TekPRAT på facebook.

Har du spørsmål eller innspel til tema, kan du kontakte HFD sin lokale TekPRAT ansvarlege:

Gro Rukan
91321392 / gro@kpsf.no