Vil spreie musikkterapi som metode

I Førde har sjukepleiarstudentar i fleire år hatt prosjekt om musikkterapi, i samarbeid med Senter for musikkterapi i Sogn og Fjordane. Dei har mellom anna sett på tiltak som Førde Seniorkor, Internasjonalt kor og individuell musikkterapi.

No har HVL blitt med i kunnskapsklynga Polyfon, som skal bidra til å spreie musikkterapien som metode innanfor helse- og sosialfaga. Nettverket blir leia av Brynjulf Stige, ein pioner innanfor feltet. Deltakinga i kunnskapsklynga gir fagfolk og studentar ved HVL tilgang på ei rekkje ressursar som bidrar til bruk av musikk som terapiform innanfor fem satsingsområde: barn og unge, psykisk helse, rus, eldrehelse og palliativ omsorg.

– I musikkterapien er fokus ikkje på sjukdom, men på kva som held folk friske. Det er eit fantastisk verktøy til å dyrke fram positivitet i alle slags vanskelege livssituasjonar, seier Førstelektor i sosiologi Aud Berit Fossøy ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Trøyst og drivkraft

Førstelektor Aud Berit Fossøy

Fossøy har sjølv sett kor mykje dei to kora i Førde har betydd for menneske i vanskelege situasjonar.

– Internasjonalt kor kombinerer flyktningar og lokalfolk, og er eit kjempetiltak for integrering. Det fungerer så enkelt og direkte – song er jo altoppslukande, du kan ikkje tenkje på noko anna når du syng, seier Fossøy.

Ho har sett kva det har betydd for flyktningar – korleis dei fekk dyrke fellesskap og musikk, og bli styrka av det. Ho hugsar også ei kvinne i Seniorkoret som var alvorleg sjuk – korleis ho gløymde alt i musikken, og fekk ein pause frå sjukdommen.

– Uansett situasjonen din, kan musikken verke som trøyst eller drivkraft. Ei fin verselinje kan sette ting på plass, seier Fossøy.

Sjå filmen tidelegare sjukepleiarstudentar har laga om Seniorkoret i Førde

Sterkt miljø

Fossøy er vararepresentant i styringsgruppa til Polyfon, mens Silje Valde Onsrud, leiar for Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, er leiar. Fossøy oppmodar fagfolk ved HVL, spesielt innanfor helse- og sosialfaga, til å følgje med på Facebook-gruppa til Polyfon, abonnere på nyheitsbrevet og delta i den årlege haustkonferansen.

Griegakademiet ved UiB koordinerer arbeidet i klynga. Gjennom Polyfon kan HVL-folk søke forskingsmidlar og dyrke faglege samarbeid. Sogn og Fjordane har eige partssamarbeid, og her finn vi Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (Fakultet for helse- og sosialvitskap) og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane.

– Miljøet for musikkterapi har i årevis vore sterkt i Førde. Eg håpar vi kan styrke denne tankegangen og arbeidsmetoden fleire plassar, seier Fossøy.

Tilpassa og regelmessig

Musikkterapi er anerkjent som ein viktig del av behandling- og rehabiliteringsopplegg. Det som kjenneteiknar denne forma for terapi, er at det er noko som skal skje regelmessig, og vere tilpassa den enkelte brukaren. Musikk kan brukast på mange forskjellige vis for å lette kvardagen.

– Levande musikk eller cd-ar kan brukast for å skape ei fin stund, og framkalle minne. Det kan også bidra til inkludering, slik som ved den årlege Kulturfestivalen for psykisk utviklingshemma i Førde, som munnar ut i konsertar med dei som er med, fortel Fossøy.

Men musikken let seg også bruke på enklare, intuitive måtar, til dømes som ein del av eit stelleritual.

– La oss seie ein pleiar skal jobbe med ein dement person –  hjelpe vedkommande opp av senga og inn i kleda. Viss han nynnar ein melodi, kan det hjelpe til med å gi rytme til arbeidet, og få pasienten med på rørslene, seier Fossøy.

For meir informasjon om polyfon, sjå her!

Saken er skrevet av kommunikasjonsrådgivar Katrine Sele, HVL