No kan du søke om innovasjonsmidlar!
No kan du søke om interne innovasjonsmidlar og innovasjonsmidlar frå Helse Vest 2021
Interne innovasjonsmidlar i Helse Førde
Søknadsfrist: 22. februar
Har du eit pågåande innovasjonsprosjekt eller ein god idé til nyskapande arbeid? No kan du, som tilsett i Helse Førde, søke om interne innovasjonsmidlar på inntil 150.000 kroner
Helse Førde har nyleg vedteke ein ny Strategi for forsking og innovasjon for perioden 2020-2025. Strategien legg opp til ein betydeleg auka aktivitet både innan forsking og innovasjon. Leiinga i Helse Førde har fokus på utviklingsarbeid, og ønskjer med denne utlysinga å stimulere til auka aktivitet innan nyskaping og innovasjon.
Trykk her for utlysingstekst og søknadsskjema.
Innovasjonsmidlar frå Helse Vest 2021
Søknadsfrist: 10.mars
Helse Vest RHF lyser ut inntil 14 millionar kroner til innovasjonsprosjekt i 2021.
- Du kan søke inntil 1,2 millionar kroner til nye prosjekt i eige helseføretak.
- I tillegg er det mogleg å søke inntil 400 000 kroner til «idéoverføring» – midlar til å innføre innovative løysingar som eit anna helseføretak allereie har tatt i bruk.
Tilsette i alle føretak og private ideelle institusjonar i Helse Vest kan søke regionale innovasjonsmidlar.