Foto: PRIVAT

500 deltakarar, 30 stands og 20 innlegg på Helseinnovasjonskonferansen 2021. Sjå opptak av hovudprogrammet

Helseinnovasjonskonferansen er ein årleg møteplass med mål om erfaringsutveksling og nettverksbygging på tvers av offentleg og privat sektor, for at vi saman skal kunne løyse utfordringar i helsesektoren.

Sjå opptak av hovudprogrammet frå konferansen her

 

Konferansen viktig for samarbeid

På konferansen møttest framoverlente bedrifter, helsearbeidarar og representantar frå utdanningssektoren.

– Det er viktig for Helse Førde å vise fram kva vi jobbar med. Arenaer for erfaringsutveksling og læring er vesentlege for framtidig samarbeid mellom helseføretaket og andre aktørar i vår region, seier Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde.

Profesjonell gjennomføring

Grunna koronasituasjonen blei konferansen gjennomført på ei digital plattform, og hovudprogrammet vart streama frå Førde. Konferansier Håkon Haugsbø leia 512 deltakarar gjennom eit variert program spekka av gode innlegg frå ulike kompetansemiljø i heile Noreg. På programmet stod også ein engasjerande paneldebatt der utfordringa var «kvifor er offentleg – privat samarbeid så vanskeleg?».

Blant dei mange interessante innleggshaldarane på programmet fann ein mellom anna Karen Dolva, som prata om korleis innovativ og framtidsretta tenking har prega hennar arbeid, og Gunn-Berit Neergård, som forskar på innovasjon med utgangspunkt i helsepersonell som innovativ ressurs. Prosjektleiar Annette Eri Norevik fortalde om det 3-årige programmet e-Helse Vestland, og leiar i IT utvalet til Legeforeininga, Kjartan Olafsson, snakka om teknologioptimisme med beina godt planta i klinisk kvardag. Innimellom fordraga vart det vist små filmsnuttar av innovasjonsarbeid Helse Førde deltek i.

 

Ane Agdestein
innovasjonsrådgjevar – Trainee i Helse Førde. Foto: Remi Rygg/Rakkar

Stor aktivitet

Dei mange aktive deltakarane fekk snakka saman både på video og chat i digitale minglerom, og møtte innovative bedrifter på digitale stands.

Teknikk. Foto: Remi Rygg/Rakkar

Statistikken syner at det var mykje aktivitet på konferanseplattformen i løpet av dagen: 4000 besøk på dei ulike standane, 100 deltakarar fekk med seg lunsjdebattane, og det var 110 ein-til-ein-kontaktar mellom deltakarane. 550 meldingar vart sende på kryss og tvers under konferanse. Dette svarar til ein 10 meter lang chat-tråd, dersom ein hadde printa den ut.

Innspelingsleiar Jan Olav Åmdal frå Apriil. Foto: Remi Rygg/Rakkar

– Sidan vi denne gongen måtte køyre konferansen digitalt, var vi spente på korleis vi skulle oppnå målet med å bygge bru mellom fag og folk. Då er det ekstra stas å kunne oppsummere at deltakarane faktisk var aktive undervegs i konferansen, både på chat, i lunsjdebattane og på dei digitale standane, seier Gro Rukan, innovasjonsrådgjevar i Helse Førde.

Gro Rukan, innovasjonsrådgjevar i Helse Førde, og konferansier Håkon Haugsbø på Helseinnovasjonskonferansen 2021. Foto: Remi Rygg/Rakkar

Konferansen vart arrangert av Helse Førde, i samarbeid med Noregs Forskingsråd, Kunnskapsparken Vestland, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Utvikling, NHO og Høgskulen på Vestlandet.