Kliniske studie skal bli ein integrert del av all pasientbehandling

I dag lanserast den første nasjonale handlingsplanen for kliniske studie. Regjeringa sin visjon er at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling.

– Vi er ambisiøse når det gjeld kliniske studie. Regjeringa sitt mål er å doble antal kliniske studie innan 2025. Mange fleire pasientar skal delta i kliniske studie, og kliniske studie skal vere ein integrert del av behandlingstilbodet til pasientar. Det skal gjere fagmiljøa betre rusta til å ta i bruk ny kunnskap, og bidra til at fleire pasientar får moglegheita til å prøve ut ny, lovande behandling, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Kliniske studie undersøker kor effektive og trygge behandlingsmetodar, medisinsk utstyr, teknologi eller legemiddel er. Denne første nasjonale handlingsplanen for kliniske studie gjeld for 2021-2025, og innebefatter heile helse- og omsorgstenesta.

– Eit gjennomgåande tema i handlingsplanen er å styrke kunnskap på alle nivå i tenesta. Forsking skal vere ein naturleg del av arbeidskvardagen. Ei slik kulturendring krev at alle pasientmøter vert sett på som potensielle kjelder til forsking og kunnskap. Pasientane skal kunne sjå eit meir mangfaldig, betre og meir tilgjengeleg tilbod om deltaking i kliniske studie, også innanføre område som i dag har eit avgrensa kunnskapsgrunnlag, sier Høie.

30 millionar kroner til partnarskap mellom helsetenesta og næringslivet

– Skal måla i handlingsplanen nåast, vil det krevje ein skikkeleg laginnsats frå alle påverka: forskarar, helsepersonell og studiepersonell, og ikke minst leiarane deira. I tillegg er vi avhengige av eit godt samspel med næringslivet, akademia og pasientorganisasjonar, og at vi har smidige prosessar frå oppstart til avslutning av ein studie. Forsking, innovasjon og samarbeid mellom helsenæringa og helsetenesta er høgt prioritert i budsjettet for 2021, sier Høie.

Eit av dei tydelegaste innspela i arbeidet med handlingsplanen er at det trengs fleire stillingar og større forutsigbarheit for personell som gjennomfører kliniske studie. Det er sett av 30 millionar kroner til NorTrials på statsbudsjettet i 2021. Desse middela skal mellom anna nyttast til frikjøp og kompetanseheving hjå studiesjukepleiarar og studiepersonell.

– Vi lanserer NorTrials som skal bli eit partnarskap mellom spesialisthelsetenesta og næringslivet. Sjukehusa og næringslivet skal saman velge ut særlege satsingsområde. Dette er ein veldig god moglegheit for våre beste fagmiljø og næringslivet til saman å handplukke område der Noreg kan markere seg internasjonalt, sier Høie.

Ei fremtidsretta satsing

– Vi har laga ein handlingsplan som skal ruste Noreg for framtidas kliniske studie. Moderne diagnostikk, digitale verktøy og meir bruk av helsedata kjem til å endre helsetenesta. Desse endringane må både følgast med kliniske studie, og brukast til å gjere studie på nye måtar. Denne handlingsplanen legg til rette for det, sier Høie.

I år er det satt av 101 millionar kroner for å styrke persontilpassa behandling i sjukehusa.  Middela skal bidra til å etablere moderne avansert genetisk diagnostikk, nytt utstyr for gensekvensering og eit nasjonalt genomsenter. I tillegg er programmet for nasjonale kliniske studie i sjukehusa styrka med 30 millionar kroner. Dette vil gjere det mogleg for mange fleire pasientar å få persontilpassa behandling og delta i kliniske studie i Noreg. Handlingsplanen inneheld også tiltak som skal sikre god og relevant rådgjeving og effektivisering av godkjenningsprosessar og innhenting av samtykke.

Nasjonal handlingsplan for kliniske studier