To innovasjonsprosjekt i Helse Førde har fått midlar frå Forskingsrådet sitt program Pilot Helse
Helse Førde fekk innvilga to søknadar om forprosjekt i Norges Forskingsråd sitt program Pilot Helse. Dei får 300.000 kroner kvar for å utvikle eit prosjekt som kan søkje på hovudutlysinga i Pilot Helse til hausten.
– Vi er veldig nøgde med å få tildelt midlar, og det vitnar om at vi har eit godt prosjekt. Vi ønskjer å utvikle nye løysingar og etablere forsking som vil gi ny kunnskap på feltet. Det vil ha nyskapande effekt for helsetenesteutvikling, samhandling mellom pasient og helseteneste og presisjonsbehandling av smerter etter operasjon.
Det seier Hans Jacob Westbye, overlege i Helse Førde og prosjektleiar for Presisjonsbehandling av postoperativ smerte gjennom digitalisert pasientmedvirkning og kartlegging.
Westbye sitt prosjekt har bakgrunn i at om lag 30 prosent av pasientar på verdsbasis opplever alvorleg eller ekstrem smerte i forbindelse med kirurgiske inngrep. Dårleg behandla akutte smerter gir auka risiko for komplikasjonar som infeksjonar og hjarteinfarkt, sein rehabilitering, lengre innleggingar og utvikling av kroniske smerter.
Prosjektet skal bygge vidare på det pågåande Helse Førde-prosjektet painpad, som digitaliserar pasientrapportert smerte etter operasjon. Det har tidlegare fått interne innovasjonsmidlar frå Helse Førde.
Helseteneste, forsking og næring hand i hand
I forprosjektet skal det etablerast eit konsortium mellom Helse Førde, Inventas AS, Norse Feedback AS og forsking ved Høgskulen på Vestlandet i Førde for å utvikle løysingar for pasientspesifikk postoperativ smertebehandling. Dei skal saman lage ein prosjektplan som vil danne grunnlag for søknad om Pilot Helse hovudprosjekt.
Innovative prosjekt av høg kvalitet
Helse Førde har også fått støtte frå Pilot Helse til vidareutvikling av prosjektet Dronar for effektivisering av helsenorge. Dette prosjektet skal bygge på droneprosjektet føretaka i Helse Vest er i gang med, som greier ut om dronar kan bidra til ei betre og meir framtidsretta løysing innan transport og logistikk. I første omgang ser vi på om det er mogleg å frakte blod- og vevsprøvar og legemiddel.
Målet no er å få med fleire sentrale aktørar, – skape breiare forankring og samarbeid med kommunar og fleire offentlege og private aktørar, slik at vi kan rigge oss for å søke hovudprosjekt. Prosjektet har tidlegare fått innovasjonsmidlar frå Helse Vest og frå Helse Førde.
Pilot Helse finansierer innovasjonsløp som kan bidra til bærekraft i helse- og omsorgstenesta og verdiskaping i norsk næringsliv. Totalt fekk dei inn 100 søknader, og 29 prosjekt fekk støtte.
– At vi har fått midlar til to prosjekt gjennom denne utlysinga vitnar om at Helse Førde har innovative prosjekt av høg kvalitet. Dette gjev stor motivasjon for å arbeide målretta vidare med innovasjon i helseføretaket, seier utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven.
Pilot Helse
- Alle prosjekt som siktar seg inn på tydelege behov i helsetenesta, kan søke om støtte.
- Forskingsrådet, dei regionale helseføretaka (RHF), Kommunesektorens organisasjon og SIVA samarbeider om ordninga.
- Fristen for hovudutlysinga er 15. September 2021. Det er ikkje nødvendig å ha fått støtte til forprosjekt for å søke.
- Dei to prioriterte tema for satsinga er ‘pasienten heime’ og ‘berekraftig helseteneste’.
Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.