Gründerdag og bandy for blinde
Høgskulen og Ungt entreprenørskap arrangerte gründerdag i Førde fredag 24. oktober. Gruppene var sjølvstyrte, og dei fekk høve til å presentere løysingar for ulike bedrifter. Bedriftene stilte med mentorar. Kreativiteten var stor, og oppgåvene gjekk i alt frå medmenneskeleg tilbakemelding frå pasientar og pårørande i Helse Førde, til utvikling av app for ernæring og kosthald. […]