Gründerdag og bandy for blinde

Høgskulen og Ungt entreprenørskap arrangerte gründerdag i Førde fredag 24. oktober.

Studentane i aksjon for å teste løysinga dei har kome fram til

Gruppene var sjølvstyrte, og dei fekk høve til å presentere løysingar for ulike bedrifter. Bedriftene stilte med mentorar. Kreativiteten var stor, og oppgåvene gjekk i alt frå medmenneskeleg tilbakemelding frå pasientar og pårørande i Helse Førde, til utvikling av app for ernæring og kosthald.

På biletet ser vi ei gruppe som forska på Innebandy for blinde etter oppdrag frå UWC i Fjaler. Dei brukte ein ball med lydsignal og dei hadde på blenda briller for å kunne få kjensla av å vere blind.

Dagrun Kyrkjebø frå avdeling for helsefag ved høgskulen stod ansvarleg for gründerdagen. Ho håpar at dette vert eit årleg arrangement.