Entries by mediebruketbot

Ny forsking viser at tilpassa koding av komplikasjonar etter kirurgi kan gi stor gevinst

Forskarar ved Haukeland Universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus har i samarbeid med internasjonale forskarar vist nytten ved å ha tilpassa kodar for å kunne skilje mellom «gamle» og nyoppståtte komplikasjonar på sjukehus. -Det er viktig å kunne skilje på nye og tidlegare komplikasjonar for å få meir korrekte opplysingar om dei komplikasjonar som oppstår i sjukehus, […]

Forskingsdagane 2018: Dropp-inn seminar 21.september

Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde inviterer deg til ein twist-pose av eit seminar. Her får du med deg noko av det nyaste innan forsking frå helseforskingsmiljøet i Førde og samarbeidspartane våre.   Du berre «droppar inn» på dei føredraga DU synest er interessante!  Her er mange go`bitar. Link til progammet finn du her!  

Ny vitskapleg publikasjon

Myndiggjøring og sykeliggjøring i brukermedvirkning Hva kan hindre at personal og ledere lytter til pasienters stemmer i et samarbeid om tjenesteutvikling? Artikkelen er basert på funn fra et aksjonsforskningsprosjekt  i offentlig rusbehandling. Her samarbeidet pasienter, personell, ledere og aksjonsforsker Tone Larsen om å forbedre behandlingstilbudet. Resultatene viser at ledere og ansatte ønsket at forskningsprosjektet skulle […]

Vil skape betre system for å involvere brukarar i utdanningane

Korleis kan helse- og sosialfaga på betre vis enn i dag dra nytte av erfaringane til folk som har pasient- eller brukarerfaring? Ei gruppe på HVL har nett levert eit forslag. Tone Larsen står i spissen for gruppa som har sett på brukarinvolvering i utdanning ved HVL. Ho har sjølv denne bakgrunnen – var rusbrukar […]

Ny vitskapleg publikasjon

Kvifor er det så mange som deltek i frivillig arbeid? Uten utsikt til pensjonspoeng, lønn og feriepeng? Kva er motivasjonen, der mange arbeider og bidreg gjerne mange timar kvar veke? I studien Magiske augneblikk; erfaringar med kulturprosjekt for eldre, får vi fatt i aktørar og frivillige sine perspektiv. Kva er det som driv desse? Korleis […]

Informasjonsmøte om forskingsmidlar frå Helse Vest

20. aug. 2018 kl. 14.00-15.15,  Førde Sentralsjukehus, Auditoriet 2 etg   Kompetansesenter for klinisk forsking i Helse Vest held informasjonsmøte om Helse Vest sine forskingsmidlar.  Målgruppe er både du som skal søkjer i år, og du som planlegg/vurderer å søkje seinare. Høve til å stille spørsmål under og umiddelbart etter møtet.  Om utlysinga med søknadsfrist 15. […]

Sterk deltaking frå Helse Førde på internasjonal konferanse

Den internasjonale psykoterapiforskingsforeninga Society of Psychotherapy Research held sin årlege verdskonferanse i Amsterdam i slutten av juni. Om lag 1000 forskarar frå heile verda tok del på konferansen, og forsking og innovasjon frå Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet var sterkt representert. Doktorgradsstudentar som Kristina Osland Lavik og Runar Hovland gav gode presentasjonar av funn […]

Ny vitskapleg publikasjon

Nasjonale og internasjonle verktøy for å kartlegge ernæringsstatus hos heimebuande eldre Helsedirektoratet tilrår at alle pasientar med heimesjukepleie kvar månad skal få kartlagt ernæringsstatus i Nasjonale faglege retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring. Hensikta med artikkelen er å synleggjere korleis internasjonal forsking verkar inn på norsk kartleggingspraksis av heimebuande eldre pasientar med kartleggingsverktøya Ernæringsjournal, […]

Ny vitskapleg publikasjon

Frå alvorleg fedme til varig vektreduksjon – utan  operasjon Å lykkast med varig vektreduksjon gjennom å endre levevanar er vanskeleg. Det er nok å gå ned 5-10% av utgangsvekta for å påverke helsa positivt. Held ein vekttapet i eit år eller lenger er det rekna som vellykka vektreduksjon. Dei fleste som prøvar å gå ned […]