Avsparkmøte for dei tematiske forskingssatsingane

Torsdag 22.januar var det avsparkmøte for dei to tematiske forskingssatsingane innan psykisk helse og rus, og folkehelse livsstil og overvekt.

Styret i Helse Førde har vedteke oppretting av to strategiske forskingssatsingar:  «Folkehelse, livsstil og overvekt» og  «Psykisk helse og rus». Satsingane skal organiserast rundt tematiske forskingsgrupper som inklduerer både Helse Førde-tilsette og Høgskulen i Sogn og Fjordane-tilsette. Gruppene er leia av høvesvis John Roger Andersen og Christian Moltu.

Helse Førde bevilga i desember 2014 midlar til satsingane, og budsjettet for satsingane er no vedteke i styringsgruppa. For å markere oppstarten i satsingane inviterte ein til avsparkmøte for alle som er nysjerrige på kva desse to gruppene skal halde på med.

-Vi har lært at å vere ein del av eit forskingsmiljø er nødvendig for å lukkast i forsking. Forskargruppene våre har også eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk og det er sjeldan vi ikkje kjenner nokon som kan hjelpe til ved behov, seier Andersen. –Ved å delta i forskargruppene får du tilgang til desse nettverka, avsluttar han.

-Satsinga innan psykisk helse og rus medfører ein moglegheit for å utvikle betra tenester innan det psykiske helsevernet, både for barn, ungdom og  vaksne, seier Moltu. Han peikar på at det er spesielt viktig at klinikarar og leiarar frå barnefeltet, som kanskje har lyst til å utvikle forskingsprosjekt, tek del på møtet og let seg informere. -Vaksenfeltet har fleire prosjekt knytt til seg, men bornefeltet har færre. Her bør vi satse på borna, avsluttar Moltu.

Møtet vart halde i Auditoriet på Førde Sentralsjukehus, og var ope både for leiarar i Helse Førde, og interesserte klinikarar og forskarar.