Nye doktorgradsstipendiatar

Runar Tengel Hovland og Kari Eldal er tilsett som doktorgradsstipendiatar knytt til psykisk helse.

Avdeling for helsefag har tilsett to doktorgradsstipendiatar i forskingsgruppa for psykisk helse og rus, ein finansiert av eigne midler og ein av KD-stipend. Forskingsgruppa er og ei av to strategiske satsingar som Helse Førde har vedteke for dei neste 5 åra, og vert leia av Christian Moltu. Hovland skal forske på implementering av rutinemessig utkommemåling (ROM) og tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern, og Eldal skal forske på korleis slike system kan bidra til auka reell brukarmedverknad i miljøterapi for pasientar som er inneliggjande på sengepost.

Kari Eldal

Kari Eldal er utdanna ved Betaninen sjukepleiehøgskule i 1998. Ho jobba på kar- og endokrin- kirurgisk avdeling fram til 2004. Då flytta ho tilbake til Førde med familien, der ho starta å arbeide ved barneavdelinga på sjukehuset, blant anna med familiar som hadde barn med overvekt/fedme. Eldal gjennomførte master i klinisk sjukepleievitskap deltid ved høgskulen i Oslo hausten 2008 – våren 2012. Hausten 2011 tok Eldal til som høgskulelærer ved Sjukepleieutdanninga ved Avdeling for helsefag. I denne jobben har ho hatt studentar i spesialisthelsetenesta, og ein del undervisning blant anna om barn. Eldal er gift og har 4 born.

Runar Tengel Hovland

Runar Tengel Hovland arbeidar for tida som forskingsrådgjevar i Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare hatt liknande stillingar i Helse Førde og ved Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen. Han har brei erfaring med forskingsformidling og ymse forskingsadministrativt og -strategisk arbeid. Hovland har ein mastergrad i religionsvitskap frå UiB med sosiologi og psykologi som støttefag. Han er fødd og oppvaksen i Ålesund, og har budd i Naustdal med kone og to born sidan 2009.

Leiar av forskingssatsinga for rus og psykisk helse, Christian Moltu, fortel at han er svært nøgd med at ein i samarbeid med høgskulen no kan starte opp to doktorgradsløp samstundes. Vidare fortel han at gruppa no også skal lyse ut eit såkalla dobbelkompetanseløp med ytterlegare eit doktorgradsprosjekt, garantert av Helse Førde. Dette er ei stor styrking av forskingsmiljøet for psykisk helse og rus, seier Moltu og fortset: For å få til god og robust forsking er det viktig å gå frå å vere einskildforskarar, til å verte samarbeidande miljø av forskarar.

Hovland og Eldal tek til i stillingane 01. mars 2015 og har 4 år på å gjennomføre doktorgradene.