Ny disputas frå overvektssatsinga

Randi Jepsen disputerte 15. april for phd-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Physical activity and self-reported outcomes during a two-year lifestyle intervention for severely obese adults”

Randi Jepsen har saman med kollegaer følgt 49 personar som deltok i livsstilsendringsprogram ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Alle hadde alvorleg fedme

Programmet gjekk over to år. I avhandlinga har Jepsen undersøkt samanhengar mellom objektivt målt fysisk aktivitet og ulike sjølvrapporterte data som mellom anna livskvalitet. Dette er vurdert med akselerometer og sjølvrapporterte data i spørjeskjema. Det er første gong at ein har kartlagt den fysiske aktiviteten ved denne type behandling med objektive mål.

Mosjon og bevegelse gir livskvalitet

Mot slutten av det to-årige behandllingsprogrammet greidde ikkje mange av deltakarane å halde fast på det auka aktivitetsnivået når dei var heime. Men ein fann likevel at livskvaliteten auka sjølv om vekta ikkje gjekk så mykje ned. Mosjon og bevegelse kan altså i seg sjølv gje betre livskvalitet.

Samarbeid med Hauglandsentret

I prosjektet har Randi Jepsen arbeidd nært saman med Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter, og dette nære samarbeidet vart framheva som ein svært god arbeidsmåte for å evaluere og utvikle praksis.

Overvekt og stigma

Tittelen på Randi si glitrande prøveførelesing var «Sosiale helseulikheter og stigma – implikasjoner for det helsefremmende og forebyggende arbeidet ved overvekt.» Her vart overvektige sin situasjonen og ulike samfunnsvinklar diskutert i eit kritisk perspektiv. Disputasen var ein spennande dialog mellom ein engasjert doktorand og to like engasjerte opponentar; professor Toril Rannestad, Høgskolen i Sør-Trøndelag og professor Stephan Rössner, Karolinska Institutet. Helsefremming som verdi og grunntenking og helsefremmande tiltak i behandlinga vart sterkt framme i diskusjonen.

Randi leier befolkningsstudie i Danmark

Randi Jepsen er etter mange år ved Høgskulen no tilbake i Danmark der ho arbeider som sjef for Lolland-Falster Undersøgelsen, som er ein stor dansk befolkningsstudie, men ho har framleis forskingssamarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Vi gratulerer Randi og ønskjer lukke til med vidare forsking.