Forskarar frå Førde markerte seg på SESAM-konferansen

Forskarar frå Førde markerte seg godt på SESAM konferansen 2015 i Stavanger sist veke. Ein heil parallellsesjon var sett av til bidrag frå Førde (HiSF, HF og USHT).

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll var ein av hovudinnleiarane på konferansen, og forelas frå sin doktorgradsstudie om pleiepraksis i sjukeheim. Konferansen er populær og hadde over 200 deltakarar frå heile regionen.

SESAM er eit regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling

SESAM har hovudsete i Stavanger, og skal dekkje heile regionen. SESAM vart oppretta av Helse Vest i 2010 for å styrke samhandling, forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan fagfeltet eldremedisin. Tema for årets konferanse var samhandling for eldres helse.

Førde fylte eigen parallellsesjon

Parallellsesjon 2 vart leia av Hildur Thingnes frå Helse Førde. Thingnes er vår lokale koordinator for SESAM. Første forskar ut var Toril M Terum som er PhD-stipendiat finansiert av SESAM/USHT/Høgskulen/Helse Førde. Toril har som ein del av sitt PhD-prosjekt gjort ein prospektiv kohortstudie som omhandlar nevropsykiatriske symptom ved demens, pårørandebelastning og mental helse. I parallellsesjon 2 var foredragsholdarane både frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Førde kommune og Helse Førde og neste innlegg var halde av spesialsjukepleiar Greta Gard Endal, tilsett i Helse Førde, eldremedisinsk poliklinikk. Med utgangspunkt i masteroppgåva hadde ho eit foredrag om brukarmedverknad og den eldre pasienten.

Samarbeid mellom institusjonane viktig

Marta Strandos, leiar for Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane, var neste forelesar. Strandos heldt eit innlegg om demensomsorga og kvalitet i pleien. Den siste forelesaren frå Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, var høgskulelektor Gro Hovland som hadde eit innlegg om kompetanseutvikling i kommunehelsetenesta. Samspelet mellom høgskule og praksisfelt. At konferansen hadde bidrag frå Helse Førde, kommunen og Høgskulen vart positivt og er med på å fremje samarbeidet mellom institusjonane.

Av: Anne Marie Sandvoll og Gro Hovland.