Interne midlar på til saman 550 000 kroner er no delt ut til seks innovative prosjekt.
I år har seksjon for forsking og innovasjon hatt høve til å lyse ut interne midlar til nyskapande arbeid. Formålet med midlane er å stimulere til auka innovasjonaktivitet. Alle tilsette i Helse Førde med eit pågåande innovasjonsprosjekt, eller ein god idé til nyskapande arbeid, kunne søke.
Helse Førde er opptatt av innovasjon, og innovasjonsrådgjevarane bidreg gjerne med å rettleie og hjelpe fram gode idear og prosjekt. Trykk her for å sende inn din idé.
Her er prosjekta som fekk støtte:
Rehabilitering med nye auger – VR
110 000 kr
Søkjarane Jeanette Svarstad og Stine Solvik er spesialfysioterapeutar ved avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester i Helse Førde.
Prosjektet ønskjer å bruke VR-teknologi til opptrening av pasientar som har hatt hjerneslag. Ein har allereie hausta nokre erfaringar og ønskjer å vidareutvikle VR som arbeidsmetodikk for å kunne tilby det til fleire pasientar. Erfaringane så langt viser at å bruke VR i rehabilitering og opptrening har hatt stor nytte for både pasientane og dei som legg til rette for treninga.
Prosjektet har tidlegare fått såkornmidlar, og innovasjonsmidlane skal bidra til å implementere VR som ein del av drifta i avdelinga, lære opp fleire medarbeidarar og kjøpe inn utstyr.
Digital førarkortutredning
80 000 kr
Søkjar Andreas Håkansson er nevropsykolog ved avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering i Helse Førde.
Prosjektet har som mål å utvikle ein digital førarkorttest som vil heve kvaliteten på måten ein vurderer om pasientar er skikka til å behalde førarkortet. Den primære brukargruppa er pasientar med hjerneskade (slag, nevrodegenerative demensar). Testen vil ved hjelp av eit enkelt opplegg måle relevante visuo-kognitive funksjoner som ikkje blir målt i noverande praksis.
Håkansson utviklar testen i samarbeid med ingeniørstudentar på Høgskulen på Vestlandet, som gjer dette som ei bacheloroppgåve.
Akuttskrin anafylaksi
100 000 kr
Søkjar Kjersti Grinde er fagutviklingsjordmor ved kvinneklinikken i Helse Førde.
Prosjektet har utvikla ein prototype for eit standardisert akuttskrin som skal nyttast ved anafylaktisk sjokk. Prosjektleiar har gjennom klinisk arbeid erfart at det er behov for eit standardisert skrin, då dagens situasjon viser at skrina fins i mange ulike fargar, fasongar, og med ulikt innhald.
Grinde har vore i dialog med eit verktøykassefirma i Trøndelag, Fosen Tools, for å produsere to prototypar av skrinet. Grinde har også vore gjennom ei god forankring internt i Helse Førde og har presentert prosjektet både på avdelingar og i føretaksleiinga. Midlane skal brukast til frikjøp for å kunne vidareutvikle skrinet ytterlegare og implementere det i fleire avdelingar i Helse Førde. Dersom ein lukkast, kan ein også spreie det til andre føretak.
Painpad – pasientstyrt registrering og dokumentasjon av akutte smerter
110 000 kr
Søkjar Hans Jacob Westbye er anestesioverlege og medisinskfagleg rådgjevar for Nye Førde Sjukehus.
Prosjektet har som mål å gje pasientane medverknad i eiga behandling, og å utvikle og implementere ei teknisk løysing for automatisk registrering og dokumentasjon av opplevd smertenivå. Det er utvikla ein prototype som er ein digital versjon av smerteskalaen NRS-11 der pasientane kan trykke på tal frå 0-10 for å rapportere smertenivå.
Westbye har tidlegare også fått eksterne midlar frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest sitt næringsfond. Han er også i kontakt med masterstudentar ved Høgskulen på Vestlandet. Midlane skal brukast i fase 2 i prosjektet, der ein skal gjennomføre ei brukarundersøking og eit moglegheitsstudium.
Pust Deg Bedre – med fokus på saumlause overgangar på tvers av tenesteledd
100 000 kr
Søkjar Elin Johnsen er spesialfysioterapeut ved avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester i Helse Førde.
Søkjer har tidlegare fått midlar både frå Helse Vest og Helse Førde til å utvikle applikasjonen Pust Deg Bedre. No vart det søkt om midlar til å implementere og gjere kjent applikasjonen i kommunane for å styrke samhandlinga mellom spesialist –og primærhelsetenesta. Målet er å utvikle ein samhandlingskjede som skal styrke tilbodet om lungefysioterapi på tvers av tenesteledd.
Droner for effektivisering av Helse-Norge – visualiseringsdelen
50 000kr
Søkjar Benedicte S. Bendiksen er rådgjevar i fag –og utviklingsavdelinga, og koordinator for prosjektet Droner for effektivisering av Helse-Norge fase tre.
Prosjektet har vore gjennom to tidlegare fasar og er i fase tre organisert gjennom ein innovasjonskontrakt med Airlift Solutions, der alle føretaka i Helse Vest er pilotkundar.
Prosjektet er eit stort og viktig regionalt arbeid med brei forankring. Midlane skal gå til tenestedesign og visuell kommunikasjon.
Her kan du sjå video av fleire av prosjekta.