Eli Natvik har fått opprykk til professor

Eli Natvik fekk nylig opprykk til professor i helsefremjande og førebyggande arbeid. Natvik er opptatt av å fremme helse og livskvalitet hos pasientar, og av samspelet mellom menneske og teknologi, for å sikre gode helsetjenester til framtidige generasjonar. Helseforsking Sogn  og Fjordane gratulerer Eli med opprykket til professor!

Alexandra Reksten Tufteland, seniorrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon ved Høgskulen på Vestlandet, har intervjua Eli om hennar interesse for forsking. 

Korleis starta forskarkarriera di?

Svar: Startskotet var møta med personar som sleit med vekt- og helseproblematikk som kom til Helse Førde for fedmekirurgi, der eg som fysioterapeut var ein del av teamet rundt pasienten tidleg på 2000-talet. Eg lurte på kva behandlinga ville innebere for pasientane sine liv på lang sikt, utover lågare vekt. Dette fordjupa eg meg i gjennom master- og doktorgrad ved Universitetet i Bergen (UiB). Sidan har eg vore engasjert i å utvikle klinikknære forskingsprosjekt og samarbeid med brukarar, for at personar som lever med vekt- og helseproblem skal oppleve hjelpsame helsetenester og betre sjansar til å leve gode liv.

Forskingskarrieren starta med god rettleiing frå forskingsmiljøa ved Seksjon for fysioterapivitskap (UiB) og Helseforsking Sogn og Fjordane. Då eg oppnådde finansiering til doktorgradsprosjektet mitt frå Fysiofondet, kunne eg satse på forsking, som eg hadde veldig lyst til.

Kan du trekkje fram eit forskingsprosjekt som du jobbar med no? 

Svar: Då vel eg det nystarta NFR-finansierte forskings- og innovasjonsprosjektet Norse Impact – Continuous digital care in mental health (Norse Impact), som er leia av kollega Christian Moltu.

Eg leier arbeidspakken som skal utvikle, støtte og forske på prosessar for ansvarleg og etisk innovasjon. Fleire forskarar ved FHS bidreg til arbeidspakken, og vi er i gang med å bygge nye samarbeid nasjonalt. Prosjektet er eit høgdepunkt i mi karriere, fordi innovasjonsforsking er ei utviding av mine felt, samtidig som eg bygger meir kompetanse innan psykisk helse, brukarmedverknad og samhandling.

Dersom du fekk uavgrensa med tid og midlar – kva ville du ha forska på då?

Svar: Då ville eg ha bygd meir mangfaldig forsking og innovasjon som støttar samspelet mellom menneske og teknologi, for å fremme helse og solide helsetenester for generasjonane som kjem. Forskinga skulle vore utprega tverrfagleg og deltakande. Eg ville utvikla prosjekt saman med aktørar frå kunst- og kulturfeltet, i tillegg til dagens og framtidas brukarar og interessentar.

 

Disputas 8.11.2024 – Emotion-work in psychotherapy. A micro-process study from the client perspective.

Disputas 18.10.24 – «The first five session study: Alliance formation processes from the perspectives of clients and therapists»

Ambisjonar på eigne og regionens vegner

Ambisjonar på eigne og regionens vegner

Ei satsing på ein fellesarena for utdanning, forsking og innovasjon kombinert med ei helseklynge i Sogn og Fjordane vil vere eit viktig steg for å sikre seg ein plass på «landslaget» i utvikling av gode helsetenester. Det meiner prosjektgruppa til Campus Vie-prosjektet.

Det siste året har tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Sunnfjord kommune og Helse Førde vore involvert i Campus Vie-prosjektet. Det er lagt ned eit omfattande arbeid, der fokus har vore å styrke helserelatert utdanning, forsking og innovasjon i regionen. Prosjektgruppa har jobba etter følgjande prosjektdirektiv: «Partnarane skal i samarbeid, og saman med andre, legge grunnlaget for vidare arbeid med å etablere ein framtidsretta helsecampus som kan romme dei aktivitetane og behova som er kartlagde, styrke kompetansemiljøet og gjere Førde meir attraktiv som studie- og arbeidsstad».

Tilrådinga frå prosjektgruppa er i hovudtrekk at ein bør satse på både ein fysisk fellesarena i Førde og etablering av ei helseklynge for heile Sogn og Fjordane. Ein fellesarena og ei helseklynge vil vere viktige for
oppgåveløysing og auka verdiskaping i regionen.

Trykk på lenka her for å lese rapporten til denne delen av Campus Vie-satsinga. 

Har du innspel eller spørsmål kan du kontakte Gro Rukan, gro.rukan@helse-forde.no, 91321392

 

Vil arbeide fram ny helseklynge for Sogn og Fjordane

Ei helseklynge for Sogn og Fjordane er under utforming

Framtidas helse- og omsorgstenester er under sterkt press. Tilgang på arbeidskraft vil ramme mindre stadar hardare enn sentrale strok. Dette er bakteppet for at partnarane, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, saman med Sunnfjord kommune og Universitetet i Bergen no tar nye steg. Gjennom Campus Vie-prosjektet, har dei kartlagt korleis ein kan legge betre til rette for styrka samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon.

Frå ein fellesarena på Vie i Førde er målet dei kommande åra å styrke samhandlinga mellom utdanning, helsesektoren, næringslivet og interesseorganisasjonar.

 

Frå venstre: Simon Dankel (UiB), Anne Kristin Kleiven (Helse Førde), Hans-Jakob Reite (HVL), Arve Varden (Helse Førde), Gunnar Yttri (HVL), Jenny Følling (Sunnfjord kommune), Trond Ueland (Sunnfjord kommune), Gro Rukan (Helse Førde og HVL)

Partnarane i prosjektet ønskjer å leggje til rette for meir kompetansedeling og sambruk av areal.

– For Høgskulen på Vestlandet vil dette vera med å styrke vår faglege profil innan helse- og teknologifag. Det er i tråd med dei ambisjonane vi har for det nye universitetet. At vi får fram dette i lag med fleire andre aktørar er ein styrke, seier rektor Gunnar Yttri i HVL.

Anne Kristin Kleiven, prosjekteigar for Campus Vie-prosjektet og utviklingsdirektør i Helse Førde, er samd.

– Det er fornuftig å investere i ei slik satsing i lag. Det er både kostnadseffektivt, meir miljøvenleg og ikkje minst kan ein slik fellesarena bli eit attraktivt kraftsenter som heile regionen vil dra nytte av både når det gjeld rekruttering og innovasjonssamarbeid, seier ho.

 

Positivt for regionen

Universitetet i Bergen (UiB) er også tilknyta prosjektet gjennom «Vestlandslegen» som blir eit nytt desentralisert tilbod til medisinstudentar. Legestudentane vil i framtida kunne fullføre dei tre siste studieåra av utdanninga ved sjukehus fleire stadar på Vestlandet. Tilbodet er allereie på plass i Stavanger. Slik planane ligg føre, vil Helse Førde få medisinstudentar på plass innan 2030.

– Med både HVL og UiB på plass i Førde vil det styrke utdannings- og kompetansemiljøet på Vie. Fleire studietilbod i Sunnfjord er positivt for regionen, og forsking viser at mange vel å bli verande der dei studerer, fortel Trond Ueland i Sunnfjord kommune.

 

Utmerkar seg

Partnarane meiner fleire treng å få auga opp for breidda av fagleg aktivitet hos organisasjonane som held til på sjukehus- og høgskuleområdet på Vie. Forskingsmiljøet er i vekst, og forskinga frå Førde utmerkar seg utover landegrensene. Talet på doktorgradskandidatar knytt til desse to miljøa har auka kraftig dei seinare åra. Betre synleggjering av forskings- og utviklingsarbeidet som skjer på Vie er viktig for at fleire skal søke seg til regionen.

 

Auka innovasjonskraft gjennom tettare samarbeid

Ivar Petter Grøtte, leiar for administrasjonen til IT-Forum (bilete henta frå Vestlandsforsking)

Initiativet til å etablere ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane har blitt godt mottatt. På kort tid har 21 organisasjonar signert ei intensjonsavtale om å vere med i klyngesatsinga, og fleire er velkomne. Klynga skal legge til rette for samarbeid gjennom gode møteplassar med tilgang til kompetanse og testfasilitetar, og ikkje minst kan ei slik klynge bidra til auka attraktivitet og rekruttering gjennom å bidra til synleggjering av omfanget og variasjonen av forskings- og innovasjonsprosjekt i regionen. Neste steg på vegen vert å samle alle interessentane til eit ope møte 3. september i Førde.

– Ei slik helseklynge vil kunne få stor betydning for utvikling og verdiskaping i regionen. Krafta som ligg i tverrfagleg samarbeid må vi bli endå flinkare til å dyrke også i Sogn og Fjordane, seier Ivar Petter Grøtte, leiar for administrasjon til IT-Forum Vest som er ein av dei 21 organisasjonane som ønskjer ei slik helseklynge velkomen.

 

Partnarane ønsker fleire kommunar, organisasjonar og verksemder velkomne til å kople seg på satsinga.

Er du interessert i å delta i etablering av ei helseklynge i Sogn og Fjordane eller ønsker meir informasjon om Campus Vie-satsinga kontakt: Gro Rukan, gro.rukan@helse-forde.no, 91321392

 

Fakta:

Førde sentralsjukehus og Høgskulen på Vestlandet sitt campus ligg på Vie i Førde. Om nokre år kjem også Universitetet i Bergen til å etablere seg her med studietilbodet Vestlandslegen. Prosjektet som har sett på moglegheita for å utvikle området vidare har så langt fått arbeidstittel Campus Vie.

I framtida planlegg Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Helse Førde og Sunnfjord kommune å samlokalisere ein del funksjonar som til dømes eit felles senter for simulering og ferdigheitstrening, labfasilitetar, kurs- og konferanseaktivitetar og legge til rette for meir samhandling om forsking og innovasjon med eksterne aktørar.

Trykk her for å lese meir i Sluttrapporten til denne delen av Campus Vie-prosjektet.

Dei 21 som førebels har signert intensjonsavtale med partnarane i Campus Vie-prosjektet er:

  • IT Forum Vest
  • Helse Vest IKT
  • Bano
  • Digiplate
  • Pace Healthcare
  • PEAK Venture
  • Intin
  • Norse Feedback
  • Carasent
  • Retrams
  • AKA Freehands
  • Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
  • Kunnskapsparken Vestland
  • Sogn Næring
  • Sunnfjord Utvikling
  • Førde vidaregåande skule
  • Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (USHT)
  • Fjaler kommune
  • Stryn kommune
  • Gloppen kommune
  • Stad kommune

 

 

Å løyse grepet om hemmande kjensler