Vil spreie musikkterapi som metode

I Førde har sjukepleiarstudentar i fleire år hatt prosjekt om musikkterapi, i samarbeid med Senter for musikkterapi i Sogn og Fjordane. Dei har mellom anna sett på tiltak som Førde Seniorkor, Internasjonalt kor og individuell musikkterapi.

No har HVL blitt med i kunnskapsklynga Polyfon, som skal bidra til å spreie musikkterapien som metode innanfor helse- og sosialfaga. Nettverket blir leia av Brynjulf Stige, ein pioner innanfor feltet. Deltakinga i kunnskapsklynga gir fagfolk og studentar ved HVL tilgang på ei rekkje ressursar som bidrar til bruk av musikk som terapiform innanfor fem satsingsområde: barn og unge, psykisk helse, rus, eldrehelse og palliativ omsorg.

– I musikkterapien er fokus ikkje på sjukdom, men på kva som held folk friske. Det er eit fantastisk verktøy til å dyrke fram positivitet i alle slags vanskelege livssituasjonar, seier Førstelektor i sosiologi Aud Berit Fossøy ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Trøyst og drivkraft

Førstelektor Aud Berit Fossøy

Fossøy har sjølv sett kor mykje dei to kora i Førde har betydd for menneske i vanskelege situasjonar.

– Internasjonalt kor kombinerer flyktningar og lokalfolk, og er eit kjempetiltak for integrering. Det fungerer så enkelt og direkte – song er jo altoppslukande, du kan ikkje tenkje på noko anna når du syng, seier Fossøy.

Ho har sett kva det har betydd for flyktningar – korleis dei fekk dyrke fellesskap og musikk, og bli styrka av det. Ho hugsar også ei kvinne i Seniorkoret som var alvorleg sjuk – korleis ho gløymde alt i musikken, og fekk ein pause frå sjukdommen.

– Uansett situasjonen din, kan musikken verke som trøyst eller drivkraft. Ei fin verselinje kan sette ting på plass, seier Fossøy.

Sjå filmen tidelegare sjukepleiarstudentar har laga om Seniorkoret i Førde

Sterkt miljø

Fossøy er vararepresentant i styringsgruppa til Polyfon, mens Silje Valde Onsrud, leiar for Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, er leiar. Fossøy oppmodar fagfolk ved HVL, spesielt innanfor helse- og sosialfaga, til å følgje med på Facebook-gruppa til Polyfon, abonnere på nyheitsbrevet og delta i den årlege haustkonferansen.

Griegakademiet ved UiB koordinerer arbeidet i klynga. Gjennom Polyfon kan HVL-folk søke forskingsmidlar og dyrke faglege samarbeid. Sogn og Fjordane har eige partssamarbeid, og her finn vi Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (Fakultet for helse- og sosialvitskap) og Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane.

– Miljøet for musikkterapi har i årevis vore sterkt i Førde. Eg håpar vi kan styrke denne tankegangen og arbeidsmetoden fleire plassar, seier Fossøy.

Tilpassa og regelmessig

Musikkterapi er anerkjent som ein viktig del av behandling- og rehabiliteringsopplegg. Det som kjenneteiknar denne forma for terapi, er at det er noko som skal skje regelmessig, og vere tilpassa den enkelte brukaren. Musikk kan brukast på mange forskjellige vis for å lette kvardagen.

– Levande musikk eller cd-ar kan brukast for å skape ei fin stund, og framkalle minne. Det kan også bidra til inkludering, slik som ved den årlege Kulturfestivalen for psykisk utviklingshemma i Førde, som munnar ut i konsertar med dei som er med, fortel Fossøy.

Men musikken let seg også bruke på enklare, intuitive måtar, til dømes som ein del av eit stelleritual.

– La oss seie ein pleiar skal jobbe med ein dement person –  hjelpe vedkommande opp av senga og inn i kleda. Viss han nynnar ein melodi, kan det hjelpe til med å gi rytme til arbeidet, og få pasienten med på rørslene, seier Fossøy.

For meir informasjon om polyfon, sjå her!

Saken er skrevet av kommunikasjonsrådgivar Katrine Sele, HVL

Ny vitskapleg publikasjon

Beboere på sykehjem får lite besøk

Daglige aktiviteter knyttet til sosial kontakt blir ofte trukket fram som avgjørende for trivsel blant beboere på sykehjem. Besøkshyppighet i sykehjem er i liten grad forsket på. Hensikten med studien var å kartlegge antall besøk sykehjemsbeboere får under oppholdet på sykehjemmet og utforske sammenheng mellom besøkshyppighet og alder, kjønn, type avdeling, aktiviteter i dagliglivet (ADL-funksjon) samt oppholdslengde.

Data om 355 sykehjemsbeboere ble samlet av sykepleiestudenter i praksis i 15 kommuner som en del av et større forskingsprosjekt finansiert av Høgskulen på Vestlandet.

Høgskulelektor Joanna Galek

Gjennomsnittlig antall besøk var 8,8 per måned. Halvparten av beboerne i studien hadde besøk fem ganger eller færre i løpet av en måned, altså så vidt ett besøk i uka. Besøkshyppigheten til beboere innlagt i ulike institusjoner kan variere fra to besøk til nesten tretten besøk per måned. Beboere innlagt på langtidsavdeling mottok færre besøk sammenliknet med demens- og korttidsavdeling. Det er ikke funnet signifikant sammenheng mellom ADL-funksjon, kjønn, alder, oppholdslengde og besøkshyppighet.

Våre funn peker på at mange beboere på sykehjem får lite besøk, noe som kan være utfordrende for kommunale helse- og omsorgstjenester. Det kan medføre at ansatte må kompensere for manglende dekking av sosiale behov for å forebygge ensomhet blant sykehjemsbeboerne. Det er behov for mer forskning for å kartlegge årsaker til forskjellene mellom besøkshyppighet ved ulike institusjoner.

Artikkel finner du her!

Denne studien er en del av prosjektet: Sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim – ADL kartlegging av bebuarar, ledet av Anne Marie Sandvoll

Joanna Galek, høyskolelektor med tilknytting til forskningsgruppe Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga.

Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2019

Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2018.

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend. Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som vedtek fordelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Les meir om midlane her!

Ynskjer du å søke ta kontakt med Marit Solheim 

«Mastergrad bidreg til funksjonsdyktige spesialsjukepleiarar med endring- og utviklingskompetanse»

Dette hevdar Gro Hovland, som har koordineringsansvaret for masterutdanninga i anestesi-, operasjon- og intensivsjukepleie ved campus Førde. «Ei oppgradering av vidareutdanningane til masternivå vil auke den enkelte student si evne til kritisk og analytisk tenking. Sjukepleievurderingane skal gjerast på grunnlag av oppdatert forsking for å sikre at pasienten bli ivaretatt på ein god måte» Seier Gro Hovland.

Ti studentar starta våren 2018 på masterprogrammet ved campus Førde. Tove Eikeseth Klakegg er ein av desse ti, og blir ein av dei fyrste intensivsjukepleiarane i Førde med mastergrad. Hennar masterprosjekt skal fokusera på mobilisering av intensivpasientar.

Tidleg mobilitet av dei sjukaste
Klakegg skal i si masteroppgåve sjå på korleis intensivsjukepleiar, legar og fysioterapeutar ser på tidleg mobilisering av intensivpasientar. Ho skal omsetje eit spørjeskjema som blir brukt på intensivavdelingar i Canada til norske forhold, og teste dette ut.

Masterstudent Tove Eikeseth Klakegg

«Tidleg mobilisering vil seie at me vil ha pasientane så tidleg som mogleg opp av senga og trena dei» forklarar Klakegg. Det er mykje som ligg i mobilisering, alt frå passive rørsler, der fysioterapeutane beveger på armar og bein til sengeliggjande pasientar, til at pasientane skal ut av senga og opp å gå. Det er viktig å starta mobiliseringa også av dei sjukaste så tidleg som mogleg for a unngå at pasientane skal få uynskja komplikasjonar av medisinsk behandling som til dømes tap av muskelmasse, trykksår, delirium og redusert funksjon i ledd.

Mobilitet fører til betre funksjonsnivå
Avdelingssjef Robert Brennersted ser gjerne at sjukepleiarar og andre gjennomfører praksisnære masterprosjekt som dette. «Når ein av våre tilsette gjennomfører eit slikt prosjekt, bidreg det til at praksis på intensivavdelinga forankrast i forskingsbasert akademisk kompetanse. Samstundes ser me at tidleg mobilisering av intensivpasientar har stor positiv påverknad på helsa til mange kategoriar pasientar,» seier han.

«Klakegg sitt masterprosjekt er eit godt døme på at masterutdanninga vil ruste sjukepleiarane til avansert klinisk arbeid samstundes som den gjer det mogleg for sjukepleiarane å forske på eige felt. Dette vil kunne bidra til livslang læring, karriereutvikling og utvikling av tenestene.» hevdar Gro Hovland.

Tove Eikeseth Klakegg har fått stipend på 15 000 kroner frå Helse Førde som støtte til å gjennomføre dette masterprosjektet. Klakegg tar masteren på sida av jobb på intensivavdelinga på sjukehuset.

Kan ozonert vatn kan være eit alternativ metode ved hånddesinfeksjon?

Prosjektleiar Hans Johan Breidablik forsker på om ozonert vatn kan være eit alternativ metode ved hånddesinfeksjon!

Studentane på sjukepleie på campus Førde bidreg inni prosjektet.

Sjå filmen om prosjektet her!

Seminar på sjukeheimane i Florø og Sogndal frå prosjektet sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim

Høgskuelektor Anne-Margrethe Hjertenes samne med studentane

Studentane presenterar funn frå forskingsprosjektet dei har delta i

Denne veka har prosjektleiar Anne Marie Sandvoll, saman med høgskulelektor Anne-Margrethe Hjertenes, høgskulelektor Hilde Søreide og Førstelektor Merete Dale  gjennomført seminar på sjukeheimane i Florø (Flora Omsorgssenter og Furuhaugane Omsorgssenter ) og i Sogndal. Prosjektet sjukepleiestudenten forskar i sjukeheim har no pågått i 3 år, sidan piloten med kull 67 som blir uteksaminert i desse dagar. Kvart kull av studentar som har vore ute i sjukeheim har delteke i forsking og presentert dette på sine praksisplassar. Studentane har henta inn skriftleg informert samtykke, registert ADL (aktivitetar i dagleglivet) ved hjelp av skjemat Barthel indeks, KMI, og tilleggsvariablar som besøk, aktivitetar, opphaldslengde samt kva romtype dei har.

Denne veka hadde vi oppsummeringar ute på sjukeheimane, der vi presenterte fleire funn frå heile studien, samt studentane sine erfaringar. I tillegg fekk vi viktige tilbakemeldingar frå praksisplassane som har delteke aktivt i prosjektet, som er støtta av samarbeidsmidlar. Praksisplassane tykkjer det er fint at vi forskar på denne gruppa pasientar, som etter deira erfaring får lite merksemd når det forsking. 

Studentane hadde ulike erfaringar, mellom anna at det kan vere utfordrande å hente inn informert samtykke dersom personen har demens. Når dette var henta inn, tykte dei sjølve datasamlinga gjekk greit. Og når dei no også fekk presentere resultat for avdelinga formidla dei at alt falt på plass. «No forstår eg kva eg har vore med på» var noko av det dei formidla. Studentane var veldig engasjerte i livet på sjukeheimen, og hadde god dialog med personalet.

Prosjektleiar Anne Marie Sandvoll saman med stolte studentar

Det kom fram mange gode refleksjoner, til dømes når vi registrerer aktivitet. Her fortalde den eine studenten at sjukeheimen eg er på har masse tilbod om aktivitetar, men bebuarane eg har følgt opp har ikkje krefter eller lyst til å delta. Prosjektet syner at studentane har fått innsikt i eldre sitt aktivitetsnivå og i forsking. Fokuset på ADL, KMI, besøk og aktivitetar er viktige område i dagens eldreomsorg, og resultatet frå dei innsamla data vert nytta i vitskaplege publikasjonar. Prosjektet har vore svært vellukka, og innfridd intensjonanene vi hadde. Vi har involvert studentar i forsking, samstundes som vi har  fått viktig informasjon om eldre sitt funksjons og aktivitetsnivå i sjukeheimar.

Ny vitskapleg publikasjon

Sjølvopplevd kompetanse blant sjukepleiarar som jobbar i kommunehelsetenestea

Hensikten med studien var å kartlegge områder med kompetansemanglar i kommunehelsetenesta for å synleggjere behov for kompetansehevande tiltak.

Resultata i studien viser at det er ein samanheng mellom alder, års erfaring, utdanning og sjølvopplevd kompetanse i kommunehelsetenesta. Sjukepleiarane vurderer eigen kompetanse innan grunnleggande sjukepleie (hjelperollen) og  yrkesrollen som god. Undervisning og rettleiing er områder sjukepleiarane opplever manglande kompetanse. Pårørande sitt behov for støtte og rettleiing av kollegaer i akutte kritiske situasjonar er områder sjukepleiarane vurdere eigen kompetanse som mangelfull. Eit  anna område som merkar seg u

Førstelektor Gro Hovland

t der kompetansen er låg er bruk av nyaste kunnskapen, forsking, evaluering av tenesta og ut frå det utvikle tenestene.  Dette er viktig kunnskap som må takast vidare til utdanningsinstitusjonar.

I artikkelen diskutere vi og korleis NurseCompetenceScale (NCS) kan nyttast av leiarane i klinisk praksis. NCS kan saman med ytre krav og pasientutfallsmålingar nyttast inn i avdelinga sine kompetanseplanar. Skjemaet kan vere eit verktøy for å få kartlegge kompetansemanglar, men vil og vere eit verktøy for å bli bevisst på kompetansen som ligg i tenesta.

Gro Hovland, førstelektor med tilknyting til forskingsgruppe Samhandling og kvalitet i helse og sosialtenestene. Campus Førde.

Denne studien er ein delstudie av NursComp leia av Maj-Britt Råholm. Les meir om prosjektet i Cristin

Artikkel finn du her, den er ikkje OA!

Gro Rukan er nytilsett hos Kunnskapsparken

Rukan har kontor med oss på Tefre. Rukan skal jobba med innovasjon og nyskaping innan helse og utdanning! Velkomen på laget Gro!

Les saken her!

Fristen for å søka Samarbeidsmidlar er utsatt til søndag 8.april kl 23.59

Alle som tar i mot studentar i praksis frå sjukepleieutdanninga og andre helseutdanningar ved campus Førde er velkomne til å søke om samarbeidsmidlar.

Målet med samarbeidsmidlane er å fremje og stimulere til felles prosjekt som kan bidra til å vidareutvikle kvaliteten i utdanningstilbodet til studentane.

Meir informasjon, utlysing og søknadsskjema finn du her!

Utsatt søknadsfrist til masterprogram i Sogn og Fjordane

Fristen for å søka opptak til masterprogram i Sogn og Fjordane er utsatt til 15. april. Følgjande studie tilbod er utlyst innan helse- og sosialsektoren: 

Samhandling innan helse- og sosialtenester
Ønskjer du å tileigne deg kunnskap om tilrettelegging og koordinering av tenester for brukarar med samansette behov? Gjennom eit brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokuserer dette masterstudiet på møte med brukarar som har behov for koordinerte helse- og sosialtenester.

Klinisk sjukepleie – Anestesisjukepleie 
Anestesisjukepleiaren er den første som møter pasienten på operasjonsavdelinga, og den siste som forlet pasienten ved overføring til oppvakningsavdelinga. Ein ser eit auka behov i helsetenesta for sjukepleiarar med spesialkompetanse innan klinisk arbeid, som kan initiere og delta aktivt i fagleg utviklingsarbeid, undervisning, forskning og helseleiing.

Klinisk sjukepleie – Intensivsjukepleie 
Ein pasient som blir akutt og kritisk sjuk treng intensivsjukepleie heile døgnet. Gjennom studiet i intensivsjukepleie får du tileigne deg kunnskap og utvikle kompetanse for å kunne ta ansvar for dei akutt og kritisk sjuke pasientane.