Studentar innførte system for betre pasienttryggleik

Liggesår, infeksjonar, fall: Dette er nokre av farane pasientar er utsette for på sjukehus. Ei gruppe sjukepleiarstudentar frå HVL har jobba med ein metode for å gjere opphaldet tryggare.

Tekst: Katrine Sele

”Tavlemøte” er namnet på tiltaket som fire studentar ved sjukepleieutdanninga i Førde har vore ansvarlege for å innføre. I løpet av praksistida si på medisinsk sengepost på Førde sentralsjukehus, har dei gjennom dette vore med på å systematisere arbeidet ved avdelinga, slik at opphaldet der vil føre til langt mindre risiko for pasientane.

Kvar dag i seks veker har studentane leia møte for dei tilsette innanfor alle fagkategoriar: sjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og ergoterapeuter. Under møta har dei gått systematisk gjennom ei rekkje risikofaktorar, og sjekka av korleis det ligg an for kvar pasient.

Motverkar unødig skade og liding

– Som andreårsstudent i sjukepleie var det skummelt å stå og leie eit møte framfor alle desse røynde fagfolka. Eg hadde høg puls! seier Vebjørn Dolve.

– Vi skjønar jo at forandring er vanskeleg for folk. Med desse møta fekk dei endå ein ting å tenkje på i arbeidskvardagen sin, og dei følte uro over at det kunne ta vekk tid med pasientane, seier Even Hallingstad.

– Likevel følte vi at dei var veldig mottakelege for dette nye tiltaket, og såg nytta av det. Så det var flott å jobbe med dei, seier Dolve.

Pasienttryggleik har vore eit stort tema innan norsk helsevesen dei siste åra. Gjennom pasientsikkerheitsprogrammet satsar helsestyresmaktene på å betre tryggleiken på norske sjukehus, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar gjennom å innføre ulike tiltakspakker. Tavlemøte er eitt av fleire verkemiddel som skal gjere arbeidet med pasientar meir systematisk og oversiktleg.

For det å ligge på sjukehus er farleg i seg sjølv – i 2011 viste statistikken at heile 16 prosent av dei som var innlagde, blei påført unødig skade. Sidan har denne statistikken gått ned som følgje av kvalitetsarbeid, men ennå er det mykje att å gjere på feltet. Typiske problem kjem av mangel på rutine. Veneflon eller kateter kan bli verande i for lenge, og skape infeksjonsfare. Manglande merksemd kring ernæring eller liggestilling kan føre til unødig skade og liding. Tidlegare har oppfølginga av desse felta typisk vore lite systematiserte, dermed har risiko for skade som følge av dette vore stor.

Samarbeid mellom skule og helseføretak

Tavlemøte har vore innført ved nokre få avdelingar ved Førde sentralsjukehus, men langt ifrå alle. Det nye i dette tilfellet er at studentar har vore ansvarlege for innføre rutinen. Marny Alice Pettersen, fagutviklingssjukepleiar ved medisinsk avdeling, har leia prosjektet i lag med Irene Aasen Andersen og Sissel Hjelle Øygard, høgskulelektorar ved HVL. Saman søkte dei samarbeidsmidlar, slik at Helse Førde og HVL i lag kunne gjennomføre tiltaket i pasienttryggleik.

I tillegg til dei fire studentane frå andreåret ved sjukepleiarutdanninga i Førde, var tre studentar frå tredjeåret også involverte – med utgangspunkt i tavlemøta, skreiv dei ei oppgåve om kvalitetsarbeid i sjukepleie. Tankegangen kring kvalitetsarbeid er svært viktig å få innpoda under utdanninga – at sjukepleiarar heile tida må jobbe med å finne betre måtar å arbeide på. Alle praksisstudentane fekk oppleve at dei alt frå første stund dei kjem innafor ein helseinstitusjon, kan vere med på å setje sitt preg på korleis ting blir gjort.

– Gode rutinar er ein svært viktig del av god sjukepleie. Kring ein enkelt pasient er det utruleg mange fagfolk som samarbeider om pleia – gjerne fleire titals. Svikt i kommunikasjonen mellom ulike faggrupper kan få alvorlege konsekvensar, seier Irene Aasen Andersen.

Ein plan for kvar pasient

Berre det å planlegge utskriving av ei pasient, er ei omfattande oppgåve i seg sjølv. Mykje kan gå gale om ikkje dei rette fagfolka er involverte. I tilfelle der pasienten skal vidare til ein annan institusjon, er det mykje kunnskap som skal vere med vidare. Systematisk arbeid med tryggleik vil kaste av seg mykje: under arbeidet med å avdekke risiko, vil det vere mogleg å utvikle ein plan for den enkelte pasienten som følgjer han vidare til neste institusjon.

Gjennom å jobbe med tavlemøta synst praksisstudent Even Hallingstad at han fekk god innsikt i korleis ei avdeling fungerer:

– I sjukepleie er det mykje som bli gjort intuitivt, og det kan vere vanskeleg for ein som er ny i faget å forstå kva som må gjerast. Gjennom at ting i møte blir sagt høgt og sett fokus på, har vi eit mykje betre system for å vite kva kvarandre gjer, og det hjelper utruleg mykje, seier han.

To nye professorar ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde

Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Førde og Helse Førde (HF) har fått to nye professorar, Christian Moltu og John Roger Andersen. Begge dei to er sentrale personar i forskingsmiljøet i HF og HVL, me gratulerer dei begge med professortittelen!

Professor Christian Moltu si forskingsverksemd har fokus på samarbeidet  mellom terapeut og pasient, brukarmedverknad i forsking og utvikling av kvalitativ metodologi. Han leier forskingsgruppa for psykisk helse og rus, som særleg ser på korleis ein kan sikre at pasienten verkeleg har utbyte av behandlinga. Dersom behandlaren får eit godt bilete av pasienten sin tilstand, kan behandlinga tilpassast. Moltu har også utvikla eit system for klinisk tilbakemelding, NORSE. Moltu er psykologspesialist, arbeider som fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i HF og som professor II på HVL.

Link til personprofil til professor Moltu på HVL, finn du her! 

Professor John Roger Andersen sine sentrale forskingsområder er endringar i livskvalitet og helse etter behandling for sjukleg overvekt og ulike andre langvarige lidingar, og helse og livskvalitet hos barn og unge. Han har arbeida med utvikling av kvalitetsregister og har brei forskingserfaring med registerdata. Andersen leier forskingsgruppa folkehelse, livsstil og overvekt. Gruppa forskar mellom anna på over 15 års erfaring med fedmekirurgi ved Førde sentralsjukehus og på korleis personar med fedme kan få betre helse og livskvalitet gjennom livsstilsendringar.  Andersen er professor ved HVL og forskingskoordinator i HF.

Link til personprofil til professor Andersen på HVL, finn du her! 

 

Forskingskompetansedagane 2017. Helsedata som lokalt fortrinn – «Gullet skal heim»

11 – 12  mai 2017 arrangerer Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde dei årlege Forskingskompetansedagane, programmet er nesten klart. Det me lurer på no er om DU har noko DU brenn inne med som DU ynskje å formidla om årets tema!

I år er eit viktig mål med seminaret å setje fokus på  DATA: Kva har vi av data, synleggjering av dette, trygg lagring av data og eventuell deling av data, både under og etter endt prosjektperiode. Ikkje minst er målet med  forskingskompetansedagane at forskarar frå HVL og HF skal møtast, knyta kontakt og dele kunnskap som igjen kan generera samarbeid.

Sit du no og tenker at du har forskingsdata som resten av dine forskarkollegar i Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet må få vita om: Ta kontakt med kjersti.gausvik@hvl.no innan 31.mars 2017.

Frå forsking til teater

Stykket “Overføring” vert spelt på Det Norske Teater i desse dagar. Teaterstykket handlar om erfaringar frå eldre terapeutar, det blir den første iscenesetjinga av materiale basert på forsking. Tretten terapeutar er intervjua. Råmaterialet består av hundrevis av sider med tekst. Det er skrive to forskingsartiklar og eit bokkapittel som formidlar noko av det dei fann da dei analyserte materialet.

Christian Moltu som er tilsett ved Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet har bidratt i den eine forskingsartikkelen. Artikkelen dei har skreve er: «How does practicing psychotherapy affect the personal life of the therapist? A qualitative inquiry of senior therapists’ experiences,»

Her kan du lesa meir om tankane bak å bruka teater som formidling av forsking.

Her kan du ta ein sniktitt på teaterstykk.

Fjordomics – analysar for å avdekka risiko for utvikling av livsstilsrelaterte sjukdommar

Forskingsprosjektet Fjordomics fokuserer på å analysera blodet for å avdekka risiko for utvikling av livsstilsrelaterte sjukdommar. Resultata skal brukast til å starta førebygging av livsstilssjukdommar og ikkje minst finna rett behandling til kvar enkelt pasient, dersom sjukdom er påvist. Tarja Rajalahti Kvalheim og Olav Martin Kvalheim har utvikla eit unikt dataverktøy som analysere blodet ditt basert på avanserte matematiske modellar. Gjennom denne analysen ser ein etter mønster, det er desse mønstera som seier noko om du kan verta sjuk eller om du vil halda deg frisk. Prosjektet har stor betydning for å forstå samanhengane mellom fysisk form og hjarte/kar-helse på individnivå.

I følgje direktør i Helse Førde Jon Bolstad gjer desse to til at Helse Førde har ei hovudrolle i verda når det gjeld forsking på metabolomikk. Les meir her!

Nytt system skal gjøre det enklere å avsløre upublisert forskning

«Når forskere lar være å fortelle om resultatene fra forskningen sin, kan det bli trøbbel. Alvorlig trøbbel. Noe av det viktigste med forskning er at verden får vite om det forskerne har funnet ut – enten det er gode eller dårlig nyheter. Slik kan resultatene komme til nytte.» Skriv forsking.no.

No når Cristin og REK-databasane vert kopla saman, ville me kunne sjå kva for kliniske studiar som aldri ende med nokon publikasjon. I samband med Forskingskompetansedagane 11-12.mai vil me ha fokus på viktigheita av registrering av prosjekt i Cristin. Både for å profilera høgskulen sin forsking, di forsking, men og for at høgskulen skal ha oversikt over forskinga som føregår på høgskulen.

Les heile artikkelen her.

Høgskulen på Vestlandet har følgjande master- vidareutdanningstilbod i nærregion Sogn og Fjordane for studieåret 2017-2018

Aktiv omsorg – bevegelse, naturopplevingar og deltaking

Studiestad: Sogndal
Studiepoeng: 30
Deltidsstudium over 1 år
Søknadsfrist: 15. april
Kan inngå som valemne i master i samhandling innan helse- og sosialtenester

 Akuttsjukepleie for kommunehelsetenesta

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 30
Deltidsstudium over 1 år
Søknadsfrist: 15. april

Demens og alderspsykiatri

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 15
Deltidsstudium over ½ år
Søknadsfrist: 15. april
Kan inngå som valemne i master i samhandling innan helse- og sosialtenester

Innføring i rettleiing

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 15
Deltidsstudium over ½  år
Søknadsfrist: 15. april

Lindrande behandling, pleie og omsorg 1

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 15
Deltidsstudium over 1 år
Søknadsfrist: 15. april
Kan inngå som valemne i master i samhandling innan helse- og sosialtenester

Master i klinisk sjukepleie – intensivsjukepleie

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 120
Heiltidsstudium over 2 år
Søknadsfrist: 1. mars
Du kan velje å avslutte  studiet etter 1 ½ år med kvalifikasjon som spesialsjukepleiar

Master i klinisk sjukepleie – operasjonssjukepleie

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 120
Heiltidsstudium over 2 år
Søknadsfrist: 1. mars
Du kan velje å avslutte  studiet etter 1 ½ år med kvalifikasjon som spesialsjukepleiar

Master i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing

Studiestad: Sogndal (og Haugesund – ein klasse på kvar studiestad)
Studiepoeng: 120
Deltidsstudium over 4 år
Søknadsfrist: 15. april

Psykososialt arbeid med barn 0-4 år

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 30
Deltidsstudium over 1 år
Søknadsfrist: 15. april

Rettleiing – grunnlag og metodar

Studiestad: Førde
Studiepoeng: 15
Deltidsstudium over ½ år
Søknadsfrist: 1. november

Rusproblematikk og rusarbeid

Studiestad: Sogndal
Utdanninga er sett saman av fire emne. Du kan ta heile utdanninga på 60 studiepoeng, eller enkeltemne på 15 studiepoeng.
Rusproblematikk – samansette utfordringar (Haust 2017).
Søknadsfrist: 15. april
Rusproblematikk – rusarbeid og behandling (Vår 2018).
Søknadsfrist: 1. november
Deltidsstudium over ½ år pr emne.
Emna kan inngå som valemne i master i samhandling innan helse- og sosialtenester

Samhandlingsbarometeret – Dataverktøy med mange føremål

Då samhandlingsreforma var på veg i 2011, såg Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane behov for ein nettstad som samla data av felles interesse når dei ulike nivåa i kommune- og spesialisthelsetenesta skulle samhandle.

Slik kunne samhandlingspartane ha meir handfaste tal som grunnlag for å snakke saman, og ikkje berre sine eigne inntrykk og lokale erfaringar. Kommunane kunne då samanlikne seg sjølv med dei andre, og også følgje utviklinga over tid for dei ulike faktorane. Det  var heilt sentralt å kunne samle data frå ulike kjelder, både eigne og eksterne. Slik kom ein ut med eit datasett som begge partar såg behovet for, og som begge kunne ha nytte av.

Les saken i Fjordabladet

Kreft i palliativ fase utfordrer familierelasjonene

Ph.D-student Marianne Fjose har publisert en forskningsartikkel med tittelen: «A Valuable but Demanding Time. Family Life During Advanced Cancer in an Elderly Family Member»

Artikkelen er en kvalitativ studie, som del av Marianne Fjose sitt doktorgradsprosjekt. Pasienten, og en til fire familiemedlemmer ble intervjuet sammen om hva de opplevde som viktig og vanskelig i familierelasjonene som følge av kreft i palliative fase hos pasienten.

Funn viste at det viktigste av alt for familiene var å sikre en positiv siste tid sammen. Samtidig var det tilstede praktiske og emosjonelle utfordringer relatert til pasientens økende avhengighet. Pasienter og familiemedlemmer fikk ulike behov som innimellom førte til at spenninger og konflikter oppstod i relasjonene. Det var også vanskelig for familiene å snakke sammen om utfordringene, og fordele ansvar og oppgaver. Siden å sikre en positiv siste tid sammen var det viktigeste, skjulte pasienter og familiemedlemmer tanker, følelser og behov for hverandre. Dette medvirket til at ulike behov var vanskelig å forstå og romme.

Artikkelen konkluderer med at for å hjelpe familier å redusere utfordringer og oppnå en positiv siste tid sammen, er det viktig at sykepleiere møter familien som en enhet og tilrettelegger for familiesamtaler der de ulike familiemedlemmene får uttrykt sine individuelle behov. Dette kan føre til en bedre utnyttelse av familie ressurser og dermed styrke familiesamholdet slik at pasienten kan bo hjemme så lenge som mulig.

Medforfattere og veiledere er: professor Grethe Eilertsen, HSN, professor Marit Kirkevold, UiO, og professor Ellen Karine Grov, HVL, HiOA (hovedveileder).

Artikkelen er publisert i:  Advances in Nursing Science:October/December 2016, volume 39, issue 4, pp 358-373.

Link til artikkelen: http://journals.lww.com/advancesinnursingscience/Citation/2016/10000/A_Valuable_but_Demanding_Time_Family_Life_During.8.aspx (artikkelen er ikke «open access»)

FRISK Sogn og Fjordane: Vil vita alt om helsa til alle i fylket

Er det fleire som røyker, blir vi feitare og er vi i for lite fysisk aktivitet? Det kan ei blodprøve og eit spørjeskjema gi svar på.

– Vi har god oversikt over helsetilstanden til born og unge, men vi veit mykje mindre om den vaksne delen av befolkninga. Der treng vi meir kunnskap, seier Hans Johan Breidablik, seniorrådgjevar og forskar.

Les saka på NRK