Sjukleg overvektige kvinner får betre fettsyreprofil med meir fysisk aktivitet

Ein ny studie i Fjordomics-prosjektet viser at sjukleg overvektige kvinner får ein betre fettsyreprofil ved hjelp av regelmessig fysisk aktivitet og eit kalorifattig kosthald.

Etter kun tre veker med eit sunt, kalorifattig kosthald og regelmessig fysisk aktivitet var nivåa av dei aller fleste fettsyrene i blodet redusert hjå kvinner med sjukleg overvekt. Nivåa av dei sunne omega-3-fettsyrene held seg imidlertid innanfor sunne nivå, skriv Unikard.

Du kan lese publikasjonen her.

Betre i matte med aktiv skuledag

Elevar som strevar med matematikk, gjer det betre på skulen når ein del av undervisninga flyttar ut på skuleplassen.

Tekst: Idun A.Husabø

Vi sit for mykje i ro – alle som ein. Til og med tiåringar har for mange timar på baken. Forskarane veit kor godt det ville vere for helsa deira med meir hopp og sprett og mindre tid i klasserommet. Men ville det òg få elevane til å lære betre?

Spørsmålet har interessert forskarar ved HiSF i fleire år. I 2014 starta dei ein studie som skulle følgje 1200 femteklassingar som fekk skuledagen sin justert. Det nye var at fysisk aktivitet vart brukt som ein eigen læringsmetode i fleire av faga.

Ut av klasserommet

Der elevane før sat bøygde over pultar for å notere nye engelske ord, skulle dei no ta på jakka si og springe glosene inn hovudet på plassen utanfor skulebygningen. Sjølv om dei framleis gjorde matteoppgåver på tavla som andre elevar, gjekk nokre av mattetimane føre seg ute, der dei til dømes spelte mattebingo.

Alt frå verbbøying til pugging av hovudstadar vart til stafettar der alle elevane på laget måtte springe, hinke eller hoppe seg gjennom oppgåvene. Til saman flytta skulane i forsøket ein og ein halv time av undervisninga ut i skulegarden, kvar veke. Forsøket varte frå november til juni.

Også den tradisjonelle undervisinga i klasserommet vart røska opp i. For når elevane hadde sete i ro ei stund, annonserte læraren «aktiv pause» og sette på ein video som alle skulle danse til. I tillegg til andre heimelekser, fekk elevane i forsøket ei «aktiv heimelekse», som å springe rundt huset fem gonger eller hoppe sju-gongen med tau.

Kontrollgruppe

Halvparten av elevane gjorde ingen av desse tinga. Medan elevane som tok del i forsøket spratt rundt på skuleplassen, sat dei andre i klasserommet som vanleg.

– Skilnaden var at ungane vi studerte, fekk 90 minutt meir fysisk aktivitet på skulen i veka enn resten, pluss fem minuttar kvar dag der dei var aktive i klasserommet, seier prosjektkoordinator Geir Kåre Resaland.

Resaland understrekar at aktivitetane i skulegarden var fagleg kopla til undervisinga som føregjekk i klasserommet.

– Opplegget elevane hadde ute var ein del av ein større fagleg heilskap, leia av lærarar som er etterutdanna og som sjølv har bidrege til å utvikle  ASK-opplegget, forklarer han.

Såg på rekning

For mange rektorar og politikarar er det skuleprestasjonane som i siste instans gir svaret på om nye læringsformer har livets rett. ASK-studien har vore følgt med stor interesse frå foreldre, skuleleiarar, organisasjonar, media og partia på Stortinget.

For å granske kor vidt elevane som rørte meir på seg gjorde det betre i dei teoretiske skulefaga, undersøkte forskarane kor godt elevane gjorde det på nasjonale prøver. Ei av ferdigheitene dei fokuserte på, var rekning.

Snart to år etter at forskarane gjekk i gang, har dei oversikt over elevane sine resultat på nasjonale prøver. I tillegg har dei mellom anna analysert tiåringane sine tilbakemeldingar om trivsel, studert data frå aktivitetsmålarar og sett på  kor godt elevane løyste ulike oppgåver. Særleg eitt av resultata er gledeleg.

Dei svakaste vart flinkare

Ved Vassenden skule i Jølster la lærarane merke til at elevar som strevde med matte, strålte på ein ny måte etter aktivitetar som mattestafett. Men også dei typisk «skuleflinke» var tydeleg nøgde når laget deira gjorde det bra.

– Vi opplevde at medan dei som var gode i matte vart engasjerte av faget, fekk dei som var mindre flinke i matte innpass fordi dei var viktige for laget, forklarer Anne Cecilie Kapstad, rektor ved skulen.

Nettopp denne effekten har forskarane dokumentert: Elevane som strevde mest med rekning, viste stor framgang på nasjonale prøver i rekning i løpet av forsøket.

Forskarane forklarar funnet med at dei svakaste elevane kan ha spesielt stort utbyte av å vere i aktivitet når dei skal lære.

– Barn lærar på ulike måtar. Vi har auka kunnskapen om ein av desse måtane – å lære medan ein er fysisk aktiv, seier Resaland.

Alle gjorde det ikkje betre

Med dei kriteria forskarane hadde pålagt seg sjølve, greidde dei ikkje å slå fast at dei aktive læringsformene førte til at elevane samla sett gjorde det betre på skulen.

– Noko av forklaringa ligg truleg i at kontrollgruppa var like fysiske aktive som forsøksgruppa, seier professor Sigmund A. Anderssen ved Norges idrettshøgskole, som har vore prosjektleiar for ASK-studien.

– Fordi elevane i kontrollgruppa òg gjekk med aktivitetsmålar rundt livet, veit vi at dei var omtrent like aktive som deltakarane i forsøket, både i skuletida og på fritida, seier Anderssen.

Dermed var premissen for endring på gruppenivå svekka.

Forsøk i feil fylke?

Forskarane har fått åtvaringar om at Sogn og Fjordane var eit farleg forsøksfylke. For sjølv i ei tid der paradis og løkkefotball tapar mot sosiale medium og skjermbruk, held den gamle statistikk-vinnaren i vest stand. Fylket er mindre råka av den passive livsstilen enn landet elles.

– Dette var truleg hovudgrunnen til at det ikkje let seg gjere å dokumentere nokon skilnad i skuleprestasjonar for elevane under eitt, seier Resaland.

Mange skular held fram

Det forskarane set størst pris på når studien nærmar seg slutten, er at læringsmetodane frå ASK-studien ser ut til å få eit langt liv på norske skular.

– Mange forskarar, stipendiatar, studentar og anna testpersonale har gjort ein stor jobb for å gjennomføre ASK. No er det opp til skulane, kommunane og politikarane å vidareføre og utvikle opplegget, og gjere det til ein del av norsk skulekvardag, seier Resaland. Fagmiljøet hans òg vil halde fram med å forske på temaet.

Forskarane veit at elevar, lærarar, foreldre og rektorar har lagt sin elsk på ASK. Nesten alle skulane deltok i forsøket vil gå vidare med dei fysisk aktive læringsformene.

– Som forskar er det gledeleg å sjå at mange av skulane held fram med ASK, og – ikkje minst – at dei utviklar konseptet vidare, seier Resaland.

Om ASK-prosjektet

Forskingsprosjektet Active Smarter Kids (ASK) har sett på kor vidt auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle skulefaga påverkar læring, trivsel og helse.

I skuleåret 2014-15 følgde forskarane 1200 elevar i 5. klassetrinn i Sogn og Fjordane.

ASK er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Helse Førde, Norges idrettshøgskole, dei fire skuleregionane i Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. I tillegg kjem nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.

Effects of physical activity on schoolchildren’s academic performance: The Active Smarter Kids (ASK) cluster-randomized controlled trial

 

Barnelege deltek på Forsker grand prix

Barnelege ved  barneavdelinga på Førde sentralsjukehus Hege Kristiansen deltek på årets Forsker grand prix, som vert arrangert i samband med Forskingsdagane.

Trykk her for å sjå klippet.

Som barnelege behandlar Kristiansen barn med fedme og overvekt. I Norge utviklar kvart femte barn overvekt eller fedme. Kvifor skjer det? Ser dei for mykje fjernsyn og er for lite aktive? Kan det vere at barna som er trassige og sinte utviklar dårlegare etevanar enn dei som er blide og fornøgde? Er foreldra for snille, eller kanskje for strenge?

Tidlegare studiar har funne overraskande liten samanheng mellom fysisk aktivitet og vektutvikling. Kan årsaka vere at ein har brukt kroppsmasseindeks som metode for å måle overvekt?

I Forsker grand prix vil Hege fortelje meir om desse problemstillingane. Ho er doktorgrandsstipendiat ved Klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen.

Foto: Øyvind Ganesh Eknes

Kva er Forsker grand prix:

Forsker grand prix er ein lystbetont formidlingskonkurranse for doktorgradskandidatar, der stipendiatane vert utfordra til å presentere forskinga si på ein lettfatteleg måte.

Deltakarane er godt i gang med doktorgradsarbeidet sitt, men har endå ikkje disputert. Dei får profesjonell hjelp både til stemmebruk, sceneopptreden og presentasjon i arbeidet fram mot dei regionale finalane.

Det vert arrangert regionale finalar i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger, der dei to beste formidlarane vert kåra. Vinnarane i dei regionale finalane møtest til ein nasjonal finale der noregs beste forskingsformidlar vert kåra. Finalen er i år 1.oktober i Bergen.

 

 

ASK-prosjektet med eige symposium på stor amerikansk konferanse

Ni tilsette frå HiSF/Helse Førde deltok på ACSM-konferansen (American College of Sports Medicine) i Boston i USA i juni. Dette er ein av dei største og beste konferansane på fagfeltet.

ASK-prosjektet  vart presentert på eit to-timars symposium, som blei av slutta med paneldebatt der Geir Kåre Resaland (HiSF/Helse Førde) og Sigmund Alfred Andersen (HiSF) deltok (sjå bilete). Andre på bilete er Heather McKay (Canada), Patti-Jean Naylor (Canada) og Joseph Donnelly (USA).

Les meir om konferansen her.

Livskvalitet i fokus på fedmekonferanse

Forskingsgruppa folkehelse, livsstil og overvekt (FLO) hadde eige symposium på ein større europeisk fedmekonferanse i Gøteborg (EOS 2016) i juni.

Symposiet hadde tittelen «Translating Health-Related Quality of Life (HRQOL) Research into Clinical Practice for Adults and Youth». Føredragshaldarar var Ronette L.Kolotkin (Helse Førde/HiSF), John Roger Andersen (Helse Førde/HiSF) og Margareth Zeller (USA). Ole Johannes Øvretveit (Gaular), deltok ved å fortelje om pasienterfaringar.

Forskar på farten

PhD-stipendiat ved avdeling for helsefag Irene Valaker presenterte abstrakt på internasjonal konferanse i Athen.

Konferansen EuroHeartCare samla deltakarar med arbeid og interesse innan hjarteforsking. Irene hadde ein munnleg presentasjon om pasienten sitt behov for kontnuitet og samanhengande tenestetilbod etter utblokking av kransårer.

Kontinuitet og samanhengande tenestetilbod

I første del av PhD-studien sin, ser Irene spesielt på hjartepasienten si oppleving av tenestetilbodet etter utblokking. Helsevesenet går mot stadig meir spesialisering og oppsplitting, og dette påverkar tenestebehovet. Det er behov for kunnskap om kva som er god samhandling og korleis den kan bli meir effektiv og nyttig. Pasienten er den einaste som kjenner heile pasientforløpet, og kan gje oss viktig informasjon.

Pasienten si stemme skal fram

PhD-prosjektet er finansiert av HiSF, og knytt til Universitetet i Bergen. Prosjektet er ein del av PROCARD-forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus, leia av Tone M. Norekvål. I denne forskinga er det pasienten si stemme som skal fram. Pasientrapporterte data står sentralt, kombinert med kliniske resultatmål.

Norekvål er hovudrettleiar for prosjektet. Dei andre rettleiarane er Maj-Britt Råholm, professor ved AHF, Bengt Fridlund, professor ved helsefag ved Jönköping Universitet i Sverige, og Jan Erik Nordrehaug, professor ved UiB og kardiolog ved hjerteavdelinga i Stavanger.

 

Studentar presenterte velferdsteknologi i Polen

Tekst og bilete: Hans Jakob Reite

Fire av studentane ved ingeniørutdanninga på Høgskulen la fram bacheloroppgåvene sine på ein konferanse ved Silesian University of Technology forrige veke.

– Eg fekk nett melding frå Polen om at dei ville ha studentane våre med på ein ny konferanse, smiler ein stolt førstelektor Marcin Andrzej Fojcik, som underviser på ingeniørstudiet.

Simon Buvarp var aldri i tvil om at han skulle gripe sjansen til å delta, medan Hans Olav Tuften, Marius Nordnes Blom og Børge Godejord ikkje bestemte seg før dei såg at bacheloroppgåva nesten var i hamn.

– Eg la vekt på moglegheita for personleg utvikling, og kasta meg på i siste liten, seier Børge.

Polsk doktorgrad kontra bachelor frå Førde

Konferansen handla om medisin og teknologi. Presentasjonane til dei fire HiSF-studentane var prega av praktisk tilnærming og fagleg breidde, medan dei polske doktorgradsstudentane var fagleg smale og særs teoretiske.

– Det var som om vi presenterte alle prosessane langs samlebandet, medan dei polske stod på éin plass, forklarer Hans Olav.

Simon si oppgåve handlar om utvikling av ein teknologisk «stifinnar» for å finne fram på Sentralsjukehuset i Førde, medan dei tre andre skriv om rehabilitering ved hjelp av ein robotarm. Med på turen var også seksjonsoverlege Pawel Mielnik frå Helse Førde.

– Studentane var flinke å legge fram stoffet, og dei snakka slik at det tverrfaglege kom godt fram også for helsepersonalet på konferansen, skryt faglærar Marcin.

Inspirasjon og språkmeistring

– Det mest motiverande var å få presentere oppgåva si på engelsk. Vi opplevde at vi meistra det felles engelske fagspråket, seier Marius.

– Ja, hadde vi visst det vi no veit, så hadde vi spurd høgskulen om å få halde bachelorframlegginga på engelsk også i Førde, skyt Simon inn.

Studentane vart inspirert til å lære meir. Både til å gå vidare akademisk, og til å ta i vare den faglege breidda.

Sosialt på kveldstid

Studentane synest det var stas å diskutere fag med polakkane uformelt på kveldstid. Og når spenninga med presentasjonane var utløyst, vart det også tid til moro. – Vi vart tatt særs vel imot av arrangørane av konferansen, avsluttar studentane, og oppfordrar neste års avgangsstudentar til å gjere seg nytte av tilbodet om å få presentere seg utanlands.

Helse Førde opnar seg for næringslivet

Helse Førde inviterte til dialogkonferanse på Scandic Sunnfjord hotell for å bli betre kjent med næringslivet i fylket.

Helse Førde planlegg framtidas spesialisthelseteneste, og ser at det kan vere nyttig å strekke ut ei hand til næringslivet for å få hjelp til å løyse framtidige utfordringar. – Vi blir stadig fleire eldre i fylket, og færre yrkesaktive. For å kunne løyse framtidas utfordringar er det difor nødvendig og tenke nytt og arbeide med tenesteutvikling og innovasjon, seier utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven.

Speed-dating

Det er første gong Helse Førde har arrangert ein slik konferanse, og målet med dagen var å bli betre kjent, og kunne utforske moglegheiter for framtidig samarbeid. Difor vart det sett av tid til speed-dating, der ein kunne snakke saman i ein meir uformell setting.

Helse Førde nytta også sjansen til å lansere Idémottaket sitt, som er ein nettportal der alle som ønskjer kan melde inn sine idear om forbetringar.

Samarbeid

Konferansen var eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, NHO Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og Helse Førde. – Denne konferansen er eit første steg på vegen mot å kunne samarbeide tettare med framtidige prosjekt, seier rådgjevar i NHO Sogn og Fjordane Marit Gjerstad.

Robot i rehabilitering etter hjerneslag

Kan kopling mellom teknologi og helse hjelpe slagpasientar? Tre ingeniørstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å utvikle samarbeidet mellom menneske og maskin.

– Folk har ein skepsis til robotar i utgangspunktet. Dette kan til og med gjelde for ingeniørar, smiler dei tre studentane Børge, Hans Olav og Marius. Dei er inne i avslutningsfasen av bacheloroppgåva si, der dei har utvikla ein robot som skal brukast i arbeidet med slagpasientar.

For å menneskeleggjere roboten, har dei programmert den til å handhelse. Dei har fylt ein arbeidshanske med akryl for å simulere kjensla av å ta i ei menneskehand. Slik blir det lettare for pasient og fysioterapeut å ta roboten i bruk.

Å måle krefter gir motivasjon

Roboten trenar opp gripeevna i den skada armen. Den kan innstillast på ulike styrkenivå, og vil yte auka motstand dess sterkare pasienten er. Ein viktig faktor i studentprosjektet, er å finne ut om roboten kan arbeide i kontakt med menneske på ein trygg måte. Difor valde dei ein følsom robottype som ikkje kan skade pasienten.

Logg og leik

Fordelen med å bruke robot i rehabiliteringa, er at ein får nøyaktig logg på treningsprestasjonane og kan følje desse over tid. Studentane ser for seg at  det kan utviklast dataspel som del av treninga, slik at aktiviteten blir kjekkare. Roboten kan også programmerast til å kome med overraskande rørsler. Dette kan vere med på å gjere treninga meir variert og spennande.

Helsepersonell må meir inn i neste fase

Denne oppgåva har hovudvekt på robot og programmering, men studentane har også rådført seg med fysioterapeut Eli Natvik ved høgskulen. Resultata så langt gir god von om bruk av denne teknologien i velferdssektoren.

– Vi håpar det kjem mange sjukepleiestudentar og anna helsepersonell og høyrer på presentasjonen vår i slutten av mai, seier studentane. Dei kan gi oss nyttige innspel til praktiske område der teknologien kan takast i bruk.

Tekst og foto: Bente Kjørstad Walaker

Frå Førde til Cape Town

Stomisjukepleiar i Helse Førde Kirsten Lerum Indrebø presenterte studien ho held på med på Verdskongressen for stomisjukepleiarar i Cape Town.

Å tilpasse seg til å leve med stomi kan vere ei utfordring både fysisk og psykisk. Stomiopererte blir difor følgde opp poliklinisk hjå stomisjukepleiar ca 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen.

Indrebø er no i gang med ein studie for å sjå korleis ein kan få endå betre individuell tilpassing av oppfølgjinga. Dette skal skje gjennom bruk av eit klinisk tilbakemeldingssystem som måler resultatet av pasienten sin framgang i behandlinga over tid. Målet med denne studien er å evaluere effekten av eit klinisk tilbakemeldingssystem når det gjeld stomiopererte si tilpassing til å leve med stomi og å evaluere pasientane sine vurderingar av det kliniske tilbakemeldingssystemet.

Intervensjonen inkluderer sjølvrapporterte data relatert til tilpassing til å leve med stomi. Målingane vert gjennomført elektronisk før kvar kliniske kontroll 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen. Pasienten sine svar vert analyserte og grafisk framstilte for bruk i konsultasjonen, der pasienten og stomisjukepleiar drøftar svara.

Eit slikt klinisk tilbakemeldingssystem er allereie i bruk i psykiatrisk klinikk, og ein ønskjer no å også teste det ut i andre avdelingar med andre pasientgrupper.