Sjølvmelding frå pasienten – før timen

På psykiatrisk klinikk i Helse Førde kan pasientane no møte opp og fylle ut eit elektronisk spørjeskjema i forkant av timen, og dermed gje behandlaren mykje nyttig informasjon før sjølve konsultasjonen.

– Systemet er først og fremst ei betre løysing for pasienten. Det set oss i stand til å gje ei meir individuelt tilpassa behandling og sikrar god dokumentasjon, meiner fagsjef Christian Moltu ved psykiatrisk klinikk.

NETTBRETTET PÅ PLASS I KLINIKKEN: Fagsjef Christian Moltu er tilliks med pasientane godt nøgd med det nye opplegget, som er det første i sitt slag her i landet.

45 minutt i forkant

Klinikken ber no pasientane om å møte opp 45 minutt i forkant til sin første time, og via eit nettbrett kan dei svare på ei rekke spørsmål rundt korleis dei har det og kva behov dei har knytt til behandlinga. Personleg pålogging skjer med  kodebrikka som ein brukar på nettbank, eller ved hjelp av BankID på mobil. Opplegget er utvikla i regi av psykatrisk klinikk i Helse Førde, og er det første i landet i sitt slag.

Grafisk og oversiktleg

Spørsmåla og tema på det elektroniske skjemaet er mykje dei same som pasienten elles samtalar med behandlaren om. Skilnaden er først og fremst at resultata kan framstillast for pasienten og behandlaren i form av grafiske, oversiktlege figurar, og at behandlingsforløpet betre og enklare kan overførast elektronisk inn i journalen. Denne dokumentasjonen blir dermed også lettare tilgjengeleg som data i forskingssamanheng.

Jamnar ut maktforskjellar

– Vi meiner at systemet vil opne for betre pasientmedverknad i behandlinga, og at det vil vere med på å utjamne maktforskjellane som ligg der i møtet mellom behandlar og pasient, seier Moltu.  – Mange kan få god hjelp hjå psykisk helsevern, men det finst også mange som ikkje får så god nytte av behandlinga. Men vi er sikre på at dette systemet bidreg til at vi no kan gje betre hjelp til den mest sårbare pasientgruppa som er vanskelegast å hjelpe.

Færre spørsmål etterkvart

Frå konsultasjon nummer to og utover i behandlinga får pasienten også svare på elektronisk spørjeskjema, men no er det færre spørsmål.  Dette på grunn av at dei spørsmåla som viste seg  mindre relevante for den einskilde pasient er tatt bort eller blitt færre. Såleis treng pasienten kortare tid enn ved første time, og blir beden om å møte ti minuttar før desse timane for å kunne svare elektronisk.

Den elektroniske, grafiske framstillinga i pasientens journal vil etter eit typisk pasientforløp normalt vise tilstand ved oppstart av behandlinga og tilstand etter at behandlinga er avslutta. I framtida vil dette kunne bli rapportert vidare til pasientens fastlege, og kan vere til stor nytte ved framtidige konsultasjonar her.

Gode tilbakemeldingar

– Dei elektroniske svara frå pasientane gjev oss raske tilbakemeldingar av høg kvalitet, seier Moltu. – Når vi skal ta dette inn i behandlinga, tyder det også at vi må utvikle ein kultur i klinikken for å kunne arbeide på basis av desse konkrete tilbakemeldingane.

Systemet er tatt i bruk ved Vaksenpsykiatrisk poliklinikk og DPS døgnpost i Førde, samt ved NPS døgnpost på Eid. Så langt har psykiatrisk klinikk brukt det elektroniske spørjeskjemaet mest på innlagte pasientar, og Moltu fortel at tilbakemeldingane frå pasientane har vore veldig gode. Framover vil også polikliniske pasientar kunne bruke det elektroniske spørjeskjemaet.

Det blir søkt Datatilsynet om konsesjon for å lagre data i systemet, då dette blir svært nyttig i framtidig forsking i faget. Pasienten må samtykke på eige skjema for at Helse Førde over tid skal kunne lagre opplysningane for forsking.

Tekst og foto: Per Marifjæren.

Ny disputas i fedmesatsinga

 Eli Natvik disputerer 9.oktober for PhD-graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga «Carrying the weight of uncertainty: Patients’ long-term experiences after bariatric surgery».

Natvik er tilknytt den strategiske forskingssatsinga innan folkehelse, livsstil og overvekt.

Natvik har gjennomført djupneintervju med pasientar som har hatt fedmekirurgi, minst fem år etter inngrepet. Avhandlinga ser på korleis pasientar kan erfare behandlinga, og kva det inneber for livet på lang sikt.

Tid og stad for prøveforelesing:

9.10.2015, kl. 10.30. Oppgitt emne: «Alvorlig fedme: kroppslig erfaring, selv og samfunnsutfordring». Stad: Auditorium 1, BB-bygget, Jonas Lies Vei 91.

Tid og stad for disputas:

9.10.2015, kl. 12.30. Stad: Auditorium 1, BB-bygget, Jonas Lies Vei 91.

Artiklane i avhandlinga hennar finn du her

Senter for helseforsking gratulerer!

 

Her er vinnarane i posterkonkurransen under Forskingsdagane 2015

Mette Hjertaas, Gunn Strømsøy og Randi Mette Steen ved Kvinneklinikken vann prisen for beste poster i kategorien forskings -og kvalitetssikringsprosjekt, i samband med markeringa av Forskingsdagane 2015.

Dei hadde laga posteren: Kan varsel- og tiltakslinje redusere bruk av oksytocin? Randi Mette Steen var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Deltakarane konkurrerte i to klassar, ein klasse for forskings- og kvalitetssikringsprosjekt og ein for studentprosjekt.

Det var totalt 24 posterar med i konkurransen.

Førstepremien for beste studentposter gjekk til Mie Neumann og Mariell Hermansen for posteren: Prosjektering av distribusjonsnett i Storehaugen byggefelt.

I jyryen: Magne Arve Flaten, professor NTNU/HiSF, Siry Ytrehus, professor HiSF og Tarja Kvalheim, forskar Helse Førde.

I tillegg til heider og ære, var førstepremien for beste forskings- og kvalitetsposter på kr 2000,- ,og beste studentposter på kr 1000,-.

Senter for helseforsking gratulerer prisvinnarane!

Et fisk, gå tur og bli frisk

Forsking i Helse Førde forklarar kvifor du kan leve lenger ved å ta tran og ete sild.

Ved å analysere tusenvis av blodprøver dokumenterer Tarja og Olav Kvalheim korleis omega-3-feittsyrer er kopla til produksjonen av gode kolestrolpartiklar som transporterer feittsyrene rundt i kroppen. Tidlegare er det ført prov for at det å gå på tur har ein tilsvarande effekt.

 Lev lenge

– Ved å gå tur og ete fisk kan du påverke din eigen levealder med ti-tolv år, seier Olav Kvalheim til Firda som i dag har eit oppslag om forskinga til ekteparet.

Dei to professorane, som begge er knytte til forskingsprosjektet «Fjordomics» i Helse Førde, har nyleg fått publisert ein vitskapleg artikkel om emnet. Der påviser dei at marine feittsyrer er spesielt gunstige for hjarte/karhelse. Feit fisk som sild, makrell og sardiner er spesielt bra, men også andre fiskeslag gjer nytten. Eit godt alternativ er å ta tran.

 Eskimoane

Kunnskapen om at marine feittsyrer er godt for kroppen, er ikkje ny. Det blei oppdaga då eskimoar, som på 50- og 60-talet flytta til Danmark, raskt tok til å slite med same livvstilssjukdomar som danskane.  Fleire tok til å stille spørsmål ved om endringar i kosthald kunne vere forklaringa.

– Forsking viste at marine omega-3-feittsyrer i blodet til dei grønlandske eskimoane var ti gonger høgare enn hos etniske danskar og eskimoer som hadde flytta til Danmark.

Kvifor sunt

Det nye er med forskinga til Tarja og Olav Kvalheim er at dei har funne mange svar på kvifor marine feittsyrer er så sunt.  Når vi har ete, blir feittkomponentane transporterte med blodet til cellene for bruk eller lagring. Feitt er ikkje oppløyseleg i vatn, men blir omdanna til feittsyrer med ein del som løyser seg opp i vatn. Dei kan dermed transporterast til blodet, og tilbakeførast til levra og omdannast til energi når vi går tur eller driv annan fysisk aktivitet.

Eigen påverknad

Enkelt sagt så er det slik at det vi puttar i oss av mat,  slår av og på gena våre. Dermed blir kosthaldet viktig. Er du flink til å gå tur, får du altså i pose og sekk. Konklusjonen er at den enkelte i stor grad kan påverke risikoen for livsstilssjukdomar gjennom kosthald og aktivitet.

Tekst og bilete: Terje Ulvedal.

 

 

To postere på konferansen «Sykepleieforskning i tiden – betydning for fremtidens helsetjeneste»

Joanna Galek (HiSF), Dagrun Kyrkjebø (HiSF) og Bente Egge Søvde (HiSF)

På konferansen «Sykepleieforskning i tiden – betydning for fremtidens helsetjeneste» i Oslo den 8. jun. – 9. jun. 2015  var det presentert to postere:

  • «Konsensus på praktisk gjennomføring av legemiddelhåndtering i kommunehelsetjeneste i Sogn og Fjordane» av Joanna Galek (HiSF) og Michal Zukrowski (HF)
  • «Sjukepleiaren sitt abeid med fagleg oppdatering i kommunehelsetenesta» av Dagrun Kyrkjebø (HiSF), Bente Egge Søvde (HiSF) og Maj-Britt Råholm (HiSF)

Publikasjon: Sjukepleiarens arbeid med individuell plan for kreftramma

Førstelektor Solveig Sægrov har publisert ein artikkel i Sykepleien Forskning.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon: Sjukepleiaren si kompetanseutvikling i kommunehelsetenesta; samspel mellomutdanningsinstitusjon og arbeidsplass

Høgskulelektor Gro Hovland er ute med publikasjon i Nordisk Tidsskrift for Helseforskning. Medforfattarar er Dagrunn Kyrkjebø og Maj-Britt Råholm.

Du kan lese artikkelen her.

 

 

 

 

 

 

Publikasjon: Sjukepleiaren sitt mot fremmar tillit og styrkar livsmotet hjå alvorleg brannskadde pasientar

Høgskulelektor Irene Sjursen har publisert ein artikkel i Nordisk Sygepleieforskning. Medforfattarar er Eva Gjengedal og Kari Kvigne.

Du kan lese artikkelen her.

 

 

Publikasjon: What is covered by «cancer rehabilitation» in PubMed? A review of randomized controlled trials 1990-2011


Professor Ellen Karine Grov i Høgskulen i Sogn og Fjordane er sisteforfattar på ein studie publisert i Journal of Rehabilitation Medicine.

Førsteforfattar er Sævar Berg Gudbergsson medan dei andre medforfattarane er Alv A. Dahl, Jon Håvard Loge, Lene Thorsen  og Line M. Oldervoll.

Du kan lese artikkelen her.

 

 

Publikasjon: What Brings You Here? Exploring Why Young Adults Seek Help for Social Anxiety

Psykolog og førsteamanuensis Christian Moltu i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen er medforfattar på ein ny artikkel i Qualitative Health Research.

Førsteforfattar er Aslak Hjeltnes medan dei andre medforfattarane er Elisabeth Schanche og Per-Einar Binder.

Du kan lese artikkelen her.