Verdigheitsstudie i sjukeheimar

Eldre som bur på sjukeheimar er i ulike settingar eksponerte for situasjonar som kan assosierast med tap av verdigheit. For å hjelpe dei med å bevare verdigheita er det viktig å finne ut korleis dei sjølve ser på verdigheit. I denne skandinaviske studien har 28 bebuarar på seks ulike sjukeheimar delteke. Professor Maj-Britt Råholm ved avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er medforfattar.

«Maintaining dignity in vulnerability: A qualitative study of the residents» perspective on dignity in nursing homes»

Livskvalitet på nynorsk

Tusen 10-åringar testa eit spørjeskjema om livskvalitet. Resultata er publisert i «Health and Quality of Life Outcomes».

JR

John Roger Andersen

Spørjeskjemaet som måler fysisk velvære, psykisk velvære, kontakt med familie, vener og trivsel på skulen, bestod alle testane som vert krevd for å kunne seie at det kan brukast til livskvalitetsforsking. Skjemaet er også gjort tilgjengeleg på mange ulike språk rundt om i verda, noko som gjer komparative analysar mogleg, seier førsteforfattar av studien John Roger Andersen.

For første gong er det no tilgjengeleg eit solid uttesta spørjeskjema for måling av livskvalitet for barn og ungdom på nynorsk. Resultata som er publisert i tidsskriftet «Health and Quality og Life Outcomes», viser at den nynorske versjonen av «Kidscreen-27», fungerte svært godt for dei vel tusen 10-åringane som var med i studien.

-Vi kan no undersøke kva faktorar som er forbunde med god livskvalitet hos barn og ungdom med metodar vi veit held svært høg kvalitet. For oss er det dessutan svær viktig å kunne tilby gode spørjeskjema på nynorsk til dei som føretrekk dette, for det er ei mangelvare i dag, seier Andersen. Studien er ein del av forskingsprosjektet Active Smarter Kids, og i tillegg til John Roger Andersen er Gerd Karin Natvig, Turid Skrede, Kristin Haraldstad, Eivind Aadland og Geir Kåre Resaland forfattarar av artikkelen.

Psychometric Properties of the Norwegian Version of the Kidscreen-27 questionnaire

Menn har mykje dårlegare kolesterolprofil enn kvinner

Forskarar frå Fjordomics-prosjektet i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen har undersøkt fettsyre- og fettstoffnivåa i serum hos barn og voksne, med mål om å sjå korleis nivåa endrar seg gjennom livet. Dei inkluderte 91 friske 10-åringar og 136 friske voksne frå Sogn og Fjordane, og analyserte fastande blodprøvar for nivåa av 18 fettsyrer og 21 fettstoff av ulik karakter og størrelse.

Menn hadde langt meir ugunstig fettstoffprofil enn gutar, medan det var langt mindre som skilte fettstoffprofilane til jenter og kvinner.

Genfeil peikar mot Alzheimer-løysing

Forskarar har gjort eit viktig funn på vegen mot å løyse Alzheimer-gåta. Dei har oppdaga eit protein som er sentralt for å forstå korleis sjukdommen oppstår. 

– Funnet er både spennande og viktig, fordi denne studien for første gong viser at det faktisk er ein samanheng mellm mitokondriar og avleiringsprosessar i hjernen som er typsik for Alzheimer, seier professor Laurence A.Bindoff til vg.no

Overlege Wenche Telstad, som jobbar på nevrologisk seksjon i Helse Førde har vore med på studien.

Studentar set lys på lårhals og liggesår

Sjukepleiarstudentane Aleksandra Tefre og Sindre Grotle er sentrale i prosjekt «Trygg pleie» på medisinsk sengepost på sentralsjukehuset i Førde. Sjukehuset og Høgskulen samarbeider om å utføre risikovurdering i samband med pasienttryggleik.

Studentane henger posterar ved inngangen til kantina på sjukehuset. F.v: Marny, Aleksandra, Sindre Irene og Sissel

Aleksandra understrekar at dei er særleg årvakne på emna fall og beinbrot (les: lårhalsbrot), underernæring og trykksår (les: liggesår).

God økonomi

Sindre legg vekt på at prosjektet fører til færre sjukehusdøgn, og betre livskvalitet for mange pasientar. -Pasientar kan få det betre og det vert billegare for alle partar, avsluttar han.

Samarbeid

Dette er eit samarbeid mellom Helse Førde og HiSF der målet er å betre kvaliteten i helsetenesta og betre praksisopplæringa. Prosjektet er i tråd med eit satsingsområde i Det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet «I trygge hender 24-7». -Studentane har fått informasjon og opplæring i gjennomføring av kartlegginga på ein fagdag, der dei også har laga posterar for å promotere dette viktige arbeidet, seier prosjektleiar Sissel Hjelle Øygard ved Høgskulen.

Systematisering

Marny Pettersen er fagutviklar og sjukepleiar i Helse Førde. -Arbeidet med risikovurdering har alltid hatt prioritet, men prosjektet gir oss ekstra trykk i arbeidet. Vi får systematisert det vi gjer, fortel ho. -Statistikken syner at talet på risikovurderte pasientar aukar monaleg ettersom prosjektet skrid fram, seier prosjektmedarbeidar Irene Aasen Andersen ved Høgskulen.

Tekst: Hans Jakob Reite

Helse Førde har fått innovasjonsmidlar

Helse Førde fekk i år tilslag på to av søknadane om innovasjonsmidlar gjennom Helse Vest. Årleg vert det sett av ein pott i Helse Vest RHF til å stimulere til innovasjon i dei ulike foretaka. Prosjekta Samhandlingsbarometeret og NORSE fekk i år til saman 850.000 kroner. Dermed sikra Helse Førde seg ein solid andel av årets tildelingar.

Senter for helseforsking har tatt ein prat med dei to prosjektleiarane Christian Moltu og Emma Helene Bjørnsen.

– Gratulerer med tildelinga! Kva betyr desse pengane for ditt prosjekt?

Christian: Takk! prosjektet vårt har tatt fart i det siste. Både på heimebane, der mange ulike personar jobbar godt med å få det kliniske systemet inn i poliklinikk og sengepost, men også på bortebane, der vi møter både nasjonal og internasjonal fagleg interesse. Å få innovasjonspengar akkurat no gjer at vi kan løyse ut meir av potensialet som ligg i dette, for å betre tenestene til pasientane våre.

Emma: Takk, det var veldig kjekt at prosjektet vårt fekk pengar! Tildelinga betyr at vi har ressursar til å vidareutvikle Samhandlingsbarometeret både når det gjeld innhald og måten vi kan oppdatere og publisere data på. Dette er viktig for bruken av barometeret.

– Kan du på ein enkel måte forklare kva prosjektet ditt handlar om?

Christian: Sjølvsagt. Pasientane svarar på persontilpassa kliniske instrument om korleis dei har det, og om kva behov dei har i behandling, og om korleis behandlinga verkar, før timar, eller ein gang i veka når dei er innlagt. Ut frå desse svara lagar vi kliniske profilar og rapportar som behandlarar kan nytte saman med pasienten i behandlingsplanlegging- og gjennomføring. Det er synt at slike kliniske system kan gje betydeleg betre behandlingsresultat, spesielt for dei som har dei mest komplekse lidingane. Systemet som vi har utvikla er i tillegg dynamisk, det lærer aktivt, og tilpassar seg den einskilde pasient sin lidings- og ressursprofil. Dette er altså ei form for personalized medicine i Psykisk helsevern.

Emma: Samhandlingsbarometeret.no publiserer informasjon med føremål å styrke det felles kunnskapsgrunnlaget mellom Helse Førde HF, kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Samhandlingsbarometeret er èin portal inn i aktuell styringsinformasjon med relevante indikatorar der data blir henta frå ulike kjelder (NPR, KOSTRA, Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, særskilte undersøkingar mm.) Portalen formidlar relevant forsking frå eigne forskingsmiljø. https://www.samhandlingsbarometeret.no/webview/

Helse Førde har utvikla den første versjonen av barometeret ilag med kommunane og Høgskulen i Sogn og Fjordane. No har også andre delar av regionen og delar av Helse Nord teke i bruk verktøyet. Helse Bergen og Haraldsplass nyttar barometeret med nokre indikatorar, og er i gang med utviding. Det same gjeld Helse Nord ved Universitetssjukehuset i Nord-Norge (UNN), der målet er å kople på alle føretaka og kommunane i regionen. I vår region har også Helse Fonna synt interesse.

– Kva skal pengane brukast til?

Christian: Pengane skal brukast til å tilsette eit menneske som skal hjelpe oss med å utvikle prosjektet vidare, å drive med opplæring, og å koordinere alle tinga som skjer. Utlysinga kjem snart, og vi er ute etter ein høgt kvalifisert ressursperson som ønskjer å bidra til nytenking og utvikling. I første omgang ei full stilling i eitt år, med moglegheit for forlenging endå eitt år.

Emma: Det eine vi skal gjere er å legge indikatorar på folkehelseområdet inn i barometeret. Desse treng kommunane når dei lagar sine helseovervakingsdokument. Kommunane ønskjer eit utval av relevante data om demografi, oppvekst og levekår, og skader og ulykker mm, og at desse er tilgjengeleg ein stad. Dette er data som skal ligge i botn for planlegging og organisering av kommunale tenester for å fremme psykisk og somatisk helse i befolkninga, og som også skal bidra til å forbetre og styrke samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelseteneta. Vi kjenner ikkje til at slike data er samla andre stadar. Å bidra med kunnskap i folkehelsearbeidet er viktig også for spesialisthelsetenesta, og metodikken her vil kunne nyttast andre stader.

Det andre vi skal gjere er å fremje samhandlingsbarometeret overfor dei andre helseføretaka i Helse Vest og i Helse Nord. I dag har Helse Bergen, Haraldsplass og Universitetssykehuset i Nord-Norge (UNN) teke i bruk barometeret med eigne data, og målet er altså at alle føretaka skal bruke det.

– Kor viktig er det for Helse Førde at vi når opp i konkurransen om slike innovasjonsmidlar?

Christian: Ein svært viktig ting for oss i Helse Førde er å trekke til oss dyktige fagfolk, og å involvere desse i å utvikle faget her, slik at arbeidet vert vedvarande meinigsfullt. Då får vi den skapande kompetanseorganisasjonen vi treng. Å få regional, nasjonal og internasjonal anerkjenning er viktig for å oppnå dette. Å få anerkjenning for innovasjonar, og å byggje på aktiv forsking på godt nivå, er også del i dette. Slik sett er det viktig.

Og heilt konkret: pengar ser ikkje ut til å vekse på tre lenger, nokon stad. Å hente inn utanfrå gjer oss dermed i stand til å tilsette eit menneske vi elles ikkje ville hatt. Og det er det det heile står og fell på til slutt. Å få tak i dyktige menneske og stille høge faglege krav til dei.

Emma: Eg tenkjer det er veldig viktig, både fordi prosjekta som får tildelinga treng pengane for å kunne realiserast, men også fordi ein motiverer andre om å søkje seinare. Dessutan seier tildelinga mykje om kvaliteten på prosjektet vårt fordi søknadsmassen er stor og nålauget trangt: berre dei beste prosjekta når opp!

Senter for helseforsking gratulerer og ønskjer lukke til med det vidare arbeidet!

Omega-3-fettsyrer fra planter kan ikke erstatte omega-3-fettsyrer fra sjømat

Resultater fra Fjordomicsprosjektet i Helse Førde understreker hvor viktig sjømat er for å redusere risikoen for hjerte- og karsykdom.

Klokare saman enn kvar for seg

Sidan 2014 har sjukepleiar- og legestudentar hatt praksis i lag ved HiSF, noko som ikkje er vanleg elles i landet. Ordninga bør utvidast, meiner forskar. Les meir på HiSFs sine sider her.

Betre behandling med bruk av tilbakemeldingar

Den første nasjonale konferansen om bruk av tilbakemeldingssystem i klinisk praksis vart arrangert på Gardermoen i november. Helse Førde hadde innlegg om vårt eige kliniske tilbakemeldingssystem, som no er i bruk i psykiatrisk klinikk.

Bruk av tilbakemeldingssystem i klinisk praksis er stadig aukande, og det er mange forskjellege system i bruk. For å samle klinikarar som brukar slike system, og for å hauste erfaringar, vart den første nasjonale konferansen om bruk av slike tilbakemeldingssystem arrangert i november.

– Det er stimulerande at det er så mykje fagleg energi kring denne nyvinninga innan psykisk helsevern. Vår lokale satsing her er godt framme og gjer oss til naturleg fagleg part i nasjonale drøftingar om klinisk feedback, seier fagsjef i psykiatrisk klinikk Christian Moltu. Han hadde innlegg om tilbakemeldingssystemet Helse Førde har utvikla, og som no er i bruk i psykiatrisk klinikk.

Det var mellom anna deltakarar frå Tyskland, Storbritannia, USA og Belgia. Dette gav ein fin moglegheit til å danne internasjonale nettverk også.

Celebert besøk frå USA vitja Førde

I slutten av oktober hadde forskingsgruppa for psykisk helse og rus ein av verdas leiande psykoterapiforskarar på besøk.

Louis George Castonguay er professor i klinisk psykologi og psykoterapi ved Pennsylvania State University i USA. Han jobbar klinisk med kognitiv adferdsterapi, og forskar også mykje innan dette feltet. Dei to siste tiåra har han vore ein av verdas leiande psykoterapiforskarar.

-Eg er særskilt nøgd med å kunne samle fagfolk, klinikarar og forskarar, frå både Høgskulen si Avdeling for Helsefag og Psykisk Helsevern i Helse Førde HF, til eit slikt seminar med ein internasjonalt leiande forskar. Drøftingane var svært inspirerande, seier Fagsjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde, Christian Moltu.

På seminaret i Førde foreleste Castonguay for klinikarar som fokuserer på psykopatologi, endringsprinsipp og samarbeid mellom forsking og klinikk i å utvikle practicebased-evidence.

Han har vore forfattar og medforfattar av over 130 vitskaplege artiklar om psykisk liding, kognitiv terapi, effektforsking og integrasjon, og blant desse fleire som verkeleg har flytta forskingsfeltet framover. Castonguay er spesielt oppteken av korleis ein kan integrere verksame prinsipp mellom ulike terapitilnærmingar, og korleis forsking og praksis kan styrke kvarande i den verkelege kliniske verda.

Dersom du ønskjer å vite meir om arbeidet hans kan du lese her.