Helse Førde lege med i stor studie som kan bidra til meir tilpassa kreftbehandling

Overlege Jostein Tjugum er medforfattar på ein stor stor studie med tittelen » DNA ploidy in curettage specimens identifies high-risk patients and lymph node metastasis in endometrial cancer».

Artikkelen er publisert i British Journal of Cancer saman med 19 andre forskarar.

Førestforfattar er TS Njølstad. Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon: kva veit eigentleg sjukepleiarar om smertebehandling med opiater?

Høgskulelektor Kurt Arild Krokmyrdal i Høgskulen i Sogn og Fjordane er ute med ein publikasjon med tittelen «Nurses» competence in pain management in patients with opioid addiction: A cross-sectional survey study».

Studien er publisert i Nursing Education Today saman med Randi Andenæs.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon om fysisk aktivitet og livskvalitet hos personar med fedme

Førsteforfattar på denne artikkelen er Randi Jepsen (PhD) som tidlegare jobba i Høgskulen i Sogn og Fjordane. Randi jobbar i dag i Danmark men arbeidet med denne artikkelen vart gjort medan ho jobba på Høgskulen. Artikkelen er publisert i tidsskriftet Journal of Obesity.

Tittelen er «Physical Activity and Quality of Life in Severely Obese Adults during a Two-Year Lifestyle Intervention Programme».

Medforfattarar er Eivind Aadland, Lesley Robertson, Ronette L. Kolotkin, John Roger Andersen og Gerd Karin Natvig.

Studien viser at å auke fysisk aktivitet hos desse personane var forbunde med betydeleg betre livskvalitet uavhengig av endring i kroppsvekt.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon: «The core of love when caring for patients suffering from addiction»

Professor Maj-Britt Råholm ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er ute med ny publikasjon i Scandinavian Journal of Caring Sciences.

Førsteforfattar er Kari Marie Thorkildsen  medan den ikkje heilt ukjende Katie Eriksson også er medforfattar.

Du kan lese artikkelen her.

 

Publikasjon: daglege rutinar i sjukeheim – hinder eller pragmatisk skjema?

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll og førstelektor Merete Johnsen Dale frå Høgskulen i Sogn og Fjordane er ute med ny publikasjon med tittelen «Daglege rutinar i sjukeheim – hinder eller pragmatisk skjema?

Studien er publisert i Michael Quarterly.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon: påverkar det å gi pasientar psykoterapi, erfarne terapeutar sitt privatliv?

Psykolog og førsteamanuensis Christian Moltu i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen er  ute med ny publikasjon med tittelen «How does practicing psychotherapy affect the personal life of the therapist? A qualitative inquiry of senior therapists’ experiences».

Studien er publisert i Psychotherapy Research.

Førsteforfattar er Marit Råbu frå Universitetet i Oslo. Andre medforfattarar er Per-Einar Binder og John McLeod.

Du kan lese samandraget her.

Publikasjon om flåttsmitte: er borrelia antistoff i blod forbunde med subjektive helseplager hos 1213 blodgiverar?

Overlege Reidar Hjetland frå Helse Førde er ute med publikasjon med tittelen» Subjective health complaints are not associated with tick bites or antibodies to Borrelia burgdorferi sensu lato in blood donors in western Norway: a cross-sectional study».

Studien er publisert i Public Health.

Medforfattarar er Harald Reiso, Camilla Ihlebæk, Roy M. Nilsen, Nils Grude and Elling Ulvestad.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon om patologi og telemedisin i Helse Førde

Overlege Aleksandar Vodovnik frå avdeling for patologi i Helse Førde, er ute med publikasjon med tittelen: “Distance reporting in digital pathology: A study on 950 cases». Studien er publisert i Journal of Pathology Informatics.

Artikkelen kan du lese her.

Publikasjon om vanskelege pleiesituasjonar

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll, som leiar forskingsgruppa “Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg», er ute med ny publikasjon med tittelen: “When care situations evoke difficult emotions in nursing staff members: an ethnographic study in two Norwegian nursing homes”.

Studien er publisert i BMC Nursing, saman med Ellen Karine Grov, Kjell Kristoffersen og Solveig Hauge.

Artikkelen kan du lese her.

Musikkterapi hjelper i traumearbeid med barn

Musikkterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved Førde BUP, Gunn Karoline Fugle held innlegg  på konferansen «The 8th Nordic Music Therapy Congress» i Oslo i sommar.

Tema for konferansen var «Music therapy across contexts». Fugle sitt innlegg handla om musikkterapi i traumearbeid med barn, med utgangspunkt i forsking innan faga utviklingspsykologi, nevrologi og musikkterapi.

Publikum fekk høyre korleis barn gradvis i løpet av ein musikkterapiprosess fekk hjelp til ulike  utfordringar, mellom anna soving, meistre å vere saman med andre born, læring, leik og å utvikle seg.

– Tilbakemeldingane frå publikum var svært bra, og nokon sa dei vart emosjonelt berørte av korleis barn og deira foreldre med store utfordringar fekk hjelp til samspel og å kunne uttrykke seg verbalt og ikkje-verbalt,  seier Fugle.

I haust skal Fugle bruke mykje av tida si på å utarbeide ein prosjektplan for eit framtidig PhD-prosjekt. Ho har fått midlar til dette arbeidet gjennom den tematiske forskingssatsinga psykisk helse og rus i Helse Førde.