Fedmeopererte har eit betre liv ti år etter

Menneske med alvorleg fedme får eit mykje betre liv etter fedmeoperasjon, også etter ti år. Det viser den første norske langtidsstudien av livskvalitet etter slike operasjonar.

Viss han ein sjeldan gong måtte ned på golvet etter noko han hadde mista, måtte han tenke seg nøye om: Hadde han fleire ærend der nede? Og fanst det noko å støtte seg i når han skulle reise seg att? Så strevsamt var det å bøye ryggen, det verkande kneet, kjenne blodet pumpe i tinningen og sveitten piple fram i panna – for ikkje å snakke om den lange vegen opp att.

Kvardagen til mange menneske med alvorleg fedme er tøff – innestengde i ein stor kropp, utestengde frå fellesskapet. Før 2001 fanst det ikkje noko anna behandlingstilbod i Noreg enn kurs i omlegging av livsstil.

Men for dei aller tyngste var ikkje gulrøter og joggesko ein realistisk utveg.

Forskar i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane Anny Aasprang har sett på livskvalitet etter fedmeoperasjon, der ho har følgt opp pasientar over ein 10-års periode. Les heile saka på forsking.no.