Kvalitetsprisen 2017 til Kirsten Lerum Indrebø

Stomisjukepleiar Kirsten Lerum Indrebø vart tildelt Kvalitetsprisen 2017 for sitt systematiske arbeidmed forbetring av kvaliteten på tenestene til stomiopererte pasientar.

​Juryen fekk i år inn fem framlegg til verdige kandidatar, to av dei føreslegne to gonger.

SYSTEMATISK FORBEDRINGSARBEID GJENNOM 25 ÅR: Kirsten Lerum Indrebø (i midten) saman med kst. administrerande direktør Børge Tvedt og utviklingsdirektør Anne Kristin Kleiven. På Kvalitetskonferansen torsdag delte Tvedt ut prisen og heldt talen du kan lese under.

Kirsten Lerum Indrebø har vore tilsett i kirurgisk avdeling sidan ho blei utdanna sjukepleiar i 1982.
Vinnaren har arbeidd systematisk med forbetring av kvaliteten på tenestene til pasientar med stomi i om lag 25 år. Ho har auka den teoretiske kompetansen sin på området parallelt med praktisk arbeid.

Kirsten har blant anna
• teke master i sjukepleievitenskap med ei oppgåve som innebar å omsetje eit skjema frå engelsk til norsk og teste ut dette på stomiopererte i Norge.
• i mange år undervist i sjukepleie til stomiopererte ved sjukepleieskulen i Førde og ved vidareutdanninga i stomisjukepleie i Bergen.
• vore deltidstilsett ved Førde Medikal for rettleiing av stomiopererte i Sogn og Fjordane
• vore førelesar på mange ulike nasjonale kongressar og seminar
• hatt ein munnleg posterpresentasjon på verdskongressen i stomi m.m. i Sør Afrika i 2016
• vore medforfattar på fleire lærebøker
• gitt ut ei rekkje fagartiklar i nasjonale og internasjonale fagblad
• vore prosjektleiar/deltakar i mange ulike prosjekt i Helse Førde og Helse Vest
• vore leiar for NSF si nasjonale faggruppe av sjukepleiarar i stomiomsorg

I det siste har ho leia arbeidet med å utvikle ein metode for måling av meistring, helse og livskvalitet hos pasientar med stomi. Datainnsamlinga blir gjort elektronisk, og er teken i bruk på stomipoliklinikken ved FSS. Målet er betre persontilpassa rettleiing og betre meistring av å leve med stomi. I 2017 har prosjektet fått tildelt 2,1 million kroner frå NSF som skal nyttast til ei PhD-stilling.

Kirsten er nominert av to ulike forslagstillarar. Den eine legg mest vekt på omsorga, den andre på kompetansen.
Kirsten er hardtarbeidande, målbevisst og dyktig. Ho er eit førebilete for alle tilsette i Helse Førde. Ho har vist korleis ein kan bygge bru mellom klinikk og forsking på ein måte som er til nytte både for pasientane og sjukehuset. Ho er flink til å søkje eksterne midlar, og har fått store eksterne inntekter til Helse Førde.
Kirsten er ein veldig positiv kollega. Ho stiller gjerne opp på fritida for å hjelpe pasientar om nokon treng det. Pasientane kjenner seg sett og får fantastisk god hjelp av Kirsten. Kollegaene får gode råd og ho deler raust av sin kompetanse på området.
Kirsten arbeider i dag to dagar i veka på kirurgisk poliklinikk med oppfølging av pasientar som har stomi, gastrostomi og inkontinens. Resten av veka arbeider ho på sengeposten.

Prisen er eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås Eide. Kunstnaren er frå Stårheim i Eid kommune, og bur i Bergen. Ho driv Art Galleri. Dette er eit kunstverk med bilde av fyrstikkpikene som har tittelen: «Never walk alone». Her ser vi at fyrstikkpikene heng saman, og godteriskåla er full. Slik kan dette og vere eit bilde på arbeidet Kirsten gjer med pasientane. Kirsten er med pasientane heile vegen, pasientane skal sleppe å gå vegen åleine. Ho prøver å rettleie og hjelpe slik at dei skal meistre den nye situasjonen på best mogleg måte. Dette er draumen for oss alle, at når vi ein dag treng hjelp, så er der ei eldsjel som stiller opp og hjelper oss fram. Draumen er å sleppe å gå åleine. Kirsten er der for stomiopererte som treng det i Sogn og Fjordane.

Vi gratulerer med prisen!

Saken er henta frå Helse Førde

​​​​