Streven etter verdig omsorg

Frå venstre: Førstelektor Gro Hovland, Berit Ullebust frå Utviklingssenteret Sogn og Fjordane, Professor Maj-Britt Råholm og Høgskulelektor Bente Egge Søvde,

Pårørande opplevde at kompetansen til helsearbeidarar i heimesjukepleia og på sjukeheimar er varierande. Dette er utfordrande, då pårørande er avhengig av å kunne stole på tenesta dei får. Desse funna kom fram gjennom at forskarar ved HVL, campus Førde gjennomførte intervju med pårørande til pasientar i heimesjukepleia og på sjukeheimar.

I september deltok Professor Maj-Britt Råholm, Høgskulelektor Bente Egge Søvde, Førstelektor Gro Hovland frå HVL og Berit Ullebust frå Utviklingssenteret Sogn og Fjordane på konferansen «International ethics in care conference» i Belgia. Der presenterte dei funna i delstudie i NursComp, dette arbeidet skal munne ut ein artikkel.

Vidare viser forskinga deira at helsearbeiderar har mangelfull relasjonskompetanse. Med andre ord, det var manglande tillit og tryggleik i samspelet mellom pasient, pårørande og helsearbeidar. Dette er utfordrande for dei pårørande. Pårørande opplevde hendingar som dei meinte var uverdige, samstundes som dei såg at helsearbeidaren gjorde så godt dei kunne.

Pårørande synest det er vanskeleg å klage på tenesta dei får, då dei er heilt avhengig av den. Dei ser også at det er lite resursar tilgjengeleg og dermed vanskeleg å krevja det dei meiner er tilfredsstillande tenester. Vidare såg dei at nokre helsearbeidar får det til. Det dei opplevde var at dei som fekk det til hadde tilstrekkeleg helsefagleg kompetanse, samtidig som dei hadde relasjonskompetanse.

Innlegget på konferanse er eit produkt av samarbeid mellom Utviklingssenteret i Sogn og Fjordane og HVL. Forskingsprosjektet NursComp skal gjere ei kartlegging av fagleg kompetanse hjå sjukepleiarar i Sogn og Fjordane. Studien fangar opp både korleis sjukepleiarar, leiarar, pasientar og pårørande oppfattar kompetansen til sjukepleiarar i eldreomsorga.

Bente Egge Søvde fortel at det var spennande å delta på internasjonal konferanse, her fekk ein innblikk i korleis heimesjukepleietenesta var organisert i andre land. Søvde, trek særleg fram presentasjonen til Fateme Goudarzi frå Iran, der er heimesjukepleietenesta heilt fråverande og det er familien, som overtar ansvaret for dei eldre i familien. Både Hovland og Egge Søvde synest det var særleg positivt at det på konferanse var det lagt til rette for deling av erfaringar og gode diskusjonar.