Tilskot av Omega 3 bør tilrådast etter fedmeoperasjon

Ein ny studie i Fjordomics-prosjektet viser at ein truleg bør tilråde regelmessig tilskot av omega-3 fram til vekta har stabilisert seg etter ein fedmeoperasjon.

Mange risikofaktorar for hjarte- og karsjukdomar vert redusert som følgje av fedmeoperason. Samstundes vert fettsyrenivå i blodet endra, mellom anna som følgje av at ein et mindre mat etter ein fedmeoperasjon. Studien indikerer at det er spesielt dei som går gjennom ei såkalla duodenal omkopling som er utsett for usunne endringar i fettsyresamansetjinga i blodet eit heilt år etter operasjonen, skriv UNIKARD.

Du kan lese publikasjonen her.