Nytilsett forskingskoordinator
Førsteamanuensis og Postdoc John Roger Andersen er tilsett i ny stilling som forskingskoordinator i Helse Førde.
Andersen starta i stillinga 1 januar 2015. Han har 10% stilling som forskingsgruppeleiar for satsinga knytt til «Folkehelse, livsstil og overvekt» og 40% stilling som forskingskoordinator. Føremålet med tilsettinga av Andersen er at Helse Førde skal få auka kapasitet til å utvikle, skaffe ekstern finansiering til, og gjennomføre fleire gode forskingsprosjekt. – Dette er ei stilling eg har ønskt meg lenge, seier Andersen. – Eg har stor tru på at tilsette i Helse Førde sit inne med gode kliniske forskingsidear som kan vise seg å bidra til å auke kvaliteten på helsetenester, men at dei treng hjelp til vidareutvikling frå ide til prosjekt, finansiering og kopling til fagmiljø. – Eg vil bruke dette året til å aktivt oppsøke avdelingane i Helse Førde, men eg oppmodar samstundes alle til å ta kontakt om dei har ein forskingside eller behov for hjelp undervegs i eit prosjekt.
John Roger Andersen (f. 1968) har doktorgrad frå UiB i sjukepleievitskap frå 2011. Andersen har brei fagleg forskingsbakgrunn og omfattande erfaring med statistiske analysar. Han har jobba nært saman med både kirurgar, indremedisinarar, fysioterapeutar, idrettspedagogar og sjukepleiarar i ulike prosjekt, noko som har resultert i 44 publikasjonar dei seinaste åra.