Oppsummert om overvekt

Forskingsmiljøet i Førde gjorde 7. juni opp status for overvekt-satsinga med ein serie føredrag i auditoriet på sentralsjukehuset.

Av: Lars-Petter Jevnaker
Foto: Runar Tengel Hovland

Seminaret romma i tillegg innlegg frå andre helseprosjekt og med andre spanande tema. Stipendiat Anny Aasprang var ordstyrar for seminaret som vart innleia av administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, forskingsleiar ved Senter for helseforsking, Marit Solheim og fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik.

Aasprang har, saman med andre frå fagmiljøet i Førde, nyss publisert ein artikkel i Obesity Surgery som syner kraftig betring i livskvalitet hjå pasientar etter fedmeoperasjon. Vesentleg færre av pasientane er deprimerte, men dei opererte slit framleis meir med angst enn gjennomsnittet for befolkninga. Føremålet med studiet var å evaluere resultata fem år etter fedmeoperasjon med metoden BPDDS. Denne artikkelen definerer nærast råma for forskingsseminaret då dette er den første studien i verda som granskar langtidsverknadane av den mest nytta operasjonsmetoden.

Programmet

Seminaret hadde eit variert fagleg innhald og omfatta ei tverrfagleg gruppe forskarar frå Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Hauglandsenteret, Universitetet i Bergen og Helse Bergen. Bjarte Fossen frå Hauglandsenteret presenterte korleis dei arbeidde med si pasientgruppe med omsyn til endring av livsstil. Dette arbeidet går føre seg i tett samarbeid med andre forskarar – blant anna Randi Jepsen og Eivind Aadland.

Aadland har dokumentert at fysisk aktivitet har positiv innverknad på helsa til pasientane utover vekttap medan Jepsen har sett på ei rekkje andre utfordringar for pasientane. Blant anna har ho vore oppteken av eksponering for fysisk aktivitet hjå pasientgruppa og korleis sosiale stigma kan vera krevjande for å oppnå betre helse og livskvalitet.

Det faglege programmet sette ikkje berre lys på livsstils-utfordringane for vaksne. Fleire prosjekt ser på risiko hjå born og unge. Geir Kåre Resaland presenterte status for prosjektet Active Smarter Kids (ASK), Hege Kristianssen snakka om risikofaktorar for barneovervekt og kva ytre faktorar som kan påverka dette.

Petur Juliusson frå Universitetet i Bergen/Helse Bergen presenterte idear frå Karolinska Institutet som no er overført til Haukeland universitetssjukehus. Bak dette ligg det studium som konstaterer at dei tyngste pasientane no har vorte enno tyngre. Ulrikke Hernæs snakka om pasientgruppa ut frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv og presenterte data kring arbeidslivsdeltaking for fedmeopererte pasientar.

Villy Våge, som starta opp aktiviteten i Førde, tok opp ei rekkje viktige spørsmål for pasientane i tillegg til å snakka om forskinga si innafor fedmekirurgi. Prioritering av pasientar med sjukleg overvekt er svært viktig og ein lyt truleg diskutera mange ulike aspekt framover – til dømes kva KMI-grense som skal ligga til grunn for operasjon. Sjukleg overvekt er ein …
kronisk progressiv sjukdom som ikkje er meir sjølvpåført enn til dømes idrettsskadar, rusmisbruk, lungekreft eller anna, sa Våge. Bakgrunn pregar kva synspunkt ein har på dette. Pasienten har rett på vurdering, og då ut frå helsetilstand og ikkje ut frå sjølve søknaden om vurdering. Våge sa avslutningsvis at personar med sjukleg overvekt har rett til helsehjelp, krav til behandling og med det rett til operasjon.

Gode råd på vegen vidare

Ein av dei siste på programmet var professor Gunnar Mellgren frå Universitetet i Bergen som har vore del av den viktige mentorgruppa i satsinga. Han rosa miljøet og synte til dei mange gode og interessante føredraga denne dagen. Miljøet i Førde har synt ei veldig god utvikling, og nivået er eit heilt anna i dag enn i starten. Satsinga kan difor karakteriserast som vellukka.

Fedme er ein folkesjukdom, men ein må skilja mellom fedme og sjukleg overvekt når ein diskuterer dette. Om nokre år vil ein ha enno fleire med fedmerelaterte sjukdomar, og i den samanheng dukkar det opp nye spørsmål. Skal ein gå lægre ned i BMI? Er endring av livsstil løysinga? Det kan vera vanskeleg å få til endring av livsstil, men kven kan få dette til? Ei kartlegging av kven som har motivasjon nok til å vera med på ein intervensjon kan vera fornuftig, og det er viktig å gripa tak i dei yngste og skapa betre system og struktur kring dette.

Korleis kan ein verta enno betre på dette forskingsfeltet? Framleis er forskingsmiljøet veldig sårbart – særskilt på seniornivå. Det er difor avgjerande at ein tek godt vare på desse! I Førde er ein like gode eller vel så det samanlikna med andre miljø regionalt eller nasjonalt.

Nasjonalt register for bariatrisk kirurgi er i full fart framover, og Mellgren nemnde her Villy Våge sitt målretta arbeid. Når det gjeld biobank-basert forsking så står miljøet i fylket heller ikkje attende for nokon. Men ein bør kombinera biobank-prosjekt saman med registerbaserte og livsstils-baserte studium.

Til sist snakka Mellgren kring søkjing om pengar. Det er eit eige kapitel der mange tunge forskingsmiljø har gått mange rundar før utteljinga har kome. Bodskapen her er at ein ikkje må gje seg!