Pioneren innan fedmekirurgi

Villy Våge, overlege og kirurg, er eit anerkjent namn innanfor satsinga på fedmekirurgi ved FSS. Han vert sett på som ein pioner innanfor dette feltet. Kva er bakgrunnen for kunnskapen på området?

Tekst og foto: Charlotte Eikefjord Holen

I følgje Våge er det gjort slik kirurgi i Noreg bolkevis sidan tidleg på 1970-talet. Metoden den gongen var at mesteparten av tynntarmen vart kopla ut. Ei ulempe med denne metoden var at det oppstod mykje biverknader og komplikasjonar.

I perioden 1997 til 2000 var Villy Våge på Haukeland Universitetssjukehus for å ta spesialistutdanninga si. Saman med ni andre personar, vart han hovudforskar i eit doktorgradsprosjekt med tittelen Jejunoileal bypass in the treatment of morbid obesity, -long term results. Dette prosjektet vart påbyrja i år 2000,  og ferdigstilt i 2005. I denne perioden vart interessa innan fedmekirugi vekt. –Gjennom forskingsprosjektet lærte eg mykje om fedmekirurgi, seier Våge.

Forskingsprosjektet bestod i å etterundersøke 36 pasientar som hadde blitt operert på midten av 1970-talet for sjukleg overvekt.  Prosjektgruppa visste at denne operasjonen gav ein del biverknadar, og derfor frykta dei at det var mange mislukka operasjonar. Dei frykta også at det var mange som hadde fått omgjort operasjonen. Kva vart så resultatet?

Ut av dei 36 pasientane, hadde dei datagrunnlag på 23 personar. 3 av pasientane var døde, og 10 pasientar hadde fått kopla attende tynntarmen grunna biverknader etter operasjonen. Dei personane som hadde fått kopla tilbake tynntarmen,  hadde gått vesentleg opp i vekt igjen. Mange av dei hadde utvikla tilleggssjukdomar til overvekta.

Dei fleste av dei 23 pasientane med intakt utkopla tynntarm, hadde opplevd eit stort vekttap som vedvarte. Frå ein gjennomsnitleg KMI på 41 før operasjonen, hadde dei etter eit år gått ned til ein KMI på 29, og etter 25 år hadde dei ein gjennomsnitleg KMI på 30. Dei pasientane som hadde alvorleg tilleggssjukdom som diabetes eller pustestopp under søvn, hadde gått ned til ein median KMI på 35. Normalområdet for KMI er mellom 18,5 og 25.

Når det gjaldt livskvalitet, var konklusjonen at dei fleste med intakt utkopla tynntarm hadde eit livskvalitetsnivå på linje med normalpopulasjonen, trass ulike biverknader.

I følgje Våge var dette den første publikasjonen som antyda at fedmekirurgi aukar overlevinga. Sidan datagrunnlaget ikkje var stort nok, kunne ikkje desse resultata sjåast på som statistisk signifikante. -Større studiar seinare syner at overlevinga aukar etter fedmekirurgi, seier Villy Våge.