Take-off for Forskingsdagane

Stor suksess da «Forsking i farta» ga morgonpassasjerar på Bringeland flyplass ein helsesjekk.

Studentar frå Avdeling for helsefag og Avdeling for ingeniør og naturfag tok med forsking til folk i farta på flyplassen.

HiSF spl studentar med mini helseundersøking på flyplassen under forskingsdagane. Profesjonelle og med glimt i auga. pic.twitter.com/yNZdQzsD7P

— John R Andersen (@johnrande) September 23, 2014

Som del av Forskingsdagane inntok sjukepleiestudentane i dag flyplassen i Førde og Florø i lag med ingeniørar og hygienesjukepleiarar under tittelen «Forsking i farta». Førsteamanuensis John Roger Andersen var med studentane opp på Bringeland tidlig tysdag morgon, der dei tilbød passasjerane ein helsesjekk med ei maskin som vanlegvis brukast i helseforsking.

Vart scanna på lufta

Den første scanninga vart dokumentert på direktesent radio av NRK i aktualitetsprogrammet «God morgon Sogn og Fjordane», og deretter vart det travelt i helsesjekken. Passasjerane sto i kø for å scanne seg og sjekke Body Mass Index (BMI), feittprosent og andre indikatorar på korleis det sto til med helsa.

– Vi har berre scanna folk i eitt i hele dag, det var ein kjempesuksess, fortel Andersen. På Twitter skryt han av studentane sine: «Profesjonelle og med glimt i auga», skriv ein fornøgd forskar og førelesar.

Innovasjon til folket

Medan sjukepleiestudentane sjekka helse, viste ingeniørstudent Andrii Petrychak ein smakebit av den teknologiske framtida. Saman med andre studentar ved høgskulen har han vore med på å utvikle ein app som kan samkøyre ulike elektroniske innretningar i heimen. Om appen blir produsert for sal kan du kanskje skru på kaffitraktaren med telefonen om få år.

Hygienesjukepleiarar frå Helse Førde var og med for å sjekke håndhygienen blant passasjerane, men dei vart sjekka sjølv – og stoppa i sikkerheitskontrollen! Årsak: mykje antibak får ein ikkje lov til å fly med.