Forskarnatt i Førde

Fredag 29. september arrangerte Høgskulen Forskarnatt. Høgskulen inviterte 10.klassingar til ein heil aftan med forsking, pizza, og konkurranse.  Dei fekk mellom anna programmera roboten vår, vera sjukepleiar for ein kveld og sjå på forskingsresultat om den psykiske helsa til sunnfjordingar. Studentane på Høgskulen stilte som guidar og instruktørar.

Professor Christian Moltu fortel elevane at det er normalt å væra trist og nedstemt

Firda kom også. Saka frå Firda kan du lesa her (betalingsmur)

På Forskarstand-up gav tre forskarar ved Høgskulen elevane ei kort innføring i forskinga si. Her fekk elevane svar på kvifor ein skal gidda å læra matematikk av førsteamanuensis Preben Gråberg Nes. Førsteamanuensis Kjetil Magne Dørheim Hals fortalde om den nye teknologien spintronikk, som  kjem til å endra smarttelefonane våre. Ikkje minst fekk elevane  vita at sykling er litt farleg, men fram for alt sunt, av professor John Roger Andersen. Han stilte på scena med både tights, sykkelhjelm og sjukepleiarfrakk .

Forskarnatt er eit internasjonalt arrangement som skjer samtidig over heile Europa. Meir enn 300 byar i 30 land er med. I år var Førde med for fyrste gong. Arrangementet skal visa fram forskingas samfunnsbetyding på ein engasjerande og interaktiv måte, og samtidig oppmuntre til utdanning og mogleg forskarkarrierar.

Klare ein å sleppa eit egg frå andre etasje. Er det mogleg?

 

Vinner av beste poster i klassen forskingsposter

Under Drop-in seminaret vart vinnaren av beste poster i klassen forskingsposter delt ut. Stipendiat Solveig Nordengen vart vinnar med posteren «Preliminary data of cycling form a natural experiment – Førde Active Transport Study (FACT). Posteren kan du sjå på Høgskulen, campus Førde eller her, Poster. 

Juryens bedømming var: «Juryen trekkjer fram at vinnaren har eit godt fagleg innhald, klårt språk og presentabel utforming. Posteren har tilfredsstillande mengde figurar, bilde og tekstdelar og syner vitskapleg tyngde. Juryen berømmer også tematisk relevans. Posteren viser «baseline» målingar av pendlar sykling i Førde før utbygging av sykkelvegar og samanliknar dette med nasjonale sesongdata.»

Senter for helseforsking gratulerar vinnaren!

Snakk med oss om kliniske studiar!

Gjennom forsking får vi tilgang til ny kunnskap om kreftbehandling og kreftmedisin. Visste du at pasientane sjølv kan be om å få delta i kliniske legemiddelstudiar, og på den måten få tilgang til ny og utprøvande behandling?

Kreftavdelinga i Helse Førde tilbyr nemleg pasientar å delta i kliniske studiar som testar ut nye behandlingar, både her og ved andre sjukehus.

I samband med Forskingsdagane 2017 kan du fredag 29. september klokka 10.00 til 13.00 treffe tilsette ved Kreftavdelinga i vestibylen på Førde sentralsjukehus. Der kan du få meir generell informasjon om kva det inneber å vere med i eit klinisk forskingsprosjekt, og korleis ein klinisk forskingsstudie går føre seg.

Ved kreftsjukdom vil den som er råka få tilbod om behandling basert på nasjonale retningsliner. Dei nasjonale handlingsprogramma for kreft inneheld tilrådingar om diagnostikk, utgreiing og behandling. Desse retningslinene frå Helsedirektoratet er å betrakte som tilrådingar, basert på oppdatert fagleg kunnskap utvikla nettopp gjennom klinisk forsking. Målet med forskinga er kunne å gje tilbod om betre og tryggare behandling. Dette kan vere i form av behandling som kan kurere, bremse sjukdomsutvikling eller gje betre lindring og livskvalitet.

Tett oppfølging, godt ivaretatt

Kliniske forskingsstudiar handlar om å dokumentere effekt og tryggleik ved bruk
av nye behandlingar. Ein viktig del av den kliniske forskinga er utprøving av ny og mogleg betre medisin. Nøye overvaking av biverknader er ein like viktig observasjon som effekt på sjukdom.
– I ein del tilfelle er dette eit tilbod om behandling som elles ikkje er tilgjengeleg. Utgangspunktet for ein klinisk legemiddelstudie er at ein trur det medikamentet eller medikamentkombinasjonen ein vil prøve ut gir tilsvarande eller betre effekt enn standardbehandlinga, seier avdelingsoverlege Geirfinn Vagstad ved Kreftavdelinga i Førde.
– Pasientar som deltek i studiar rapporterer ofte at dei føler at dei får tettare oppfølging og blir godt ivaretatt. Samstundes kan det å vere deltakar i ein studie bety at ein eventuelt må ha litt fleire besøk på sjukehuset, seier kreftsjukepleiar og studiekoordinator ved Kreftavdelinga, Kristin Vassbotn Guldhav.
Kreftavdelinga i Helse Førde er per i dag med i forskingsprosjekt mellom anna innan lindrande behandling, brystkreft, myelomatose (beinmargskreft) og Myelodysplastisk syndrom (beinmargssvikt).

Snakk med legen din om forsking

– Målet er at vi på sikt skal kunne tilby studiar innan fleire kreftformer og behandlingar, slik at pasientar kan sleppe å reise ut av eige fylke for å delta i kliniske studiar. Det er ressurskrevjande å drive med forsking, så tilbodet må byggjast opp gradvis. På dei område der Kreftavdelinga ikkje sjølv deltar i forskingsstudiar, har ein eit samarbeid med andre sjukehus i landet, seier studiekoordinatoren.
– Det er viktig for oss på kreftavdelinga at folk er klar over at ein kan snakke med legen sin om forsking. Om ein har ei kreftform som ikkje er omfatta av forskinga som vi er med på i Helse Førde, så har vi oversikt over og vurderer forskingsprosjekt ved andre institusjonar. Pasienten kan få hjelp til å bli tilvist til andre sjukehus der det kan vere aktuelle forskingsstudiar og vidare bli vurdert for tilbodet der, fortel Kristin Vassbotn Guldhav.

Ei felles nettside med alle kliniske forskingsprosjekt er tilgjengeleg på www.helsenorge.no.
Det er også nyleg laga ei informasjonsbrosjyre om kliniske studiar.

Samanhangande tenestetilbod etter utblokking av koronararteriar

Irene Valaker (til høgre på biletet) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) Campus Førde, ser i sitt doktorgradsprosjekt nærare på pasientane sine behov for kontinuitet og samanhangande tenestetilbod etter utblokking av koronararteriar (PCI).

Ved hjelp av både kvalitative og kvantitative metodar undersøker ho erfaringar og sjølvrapportert helse hos pasientar som har gjennomgått utblokking av kransårane (PCI). Det er pasientane sine stemmer som skal fram i forskninga, og pasientrapporterte data blir kombinert med kliniske utkommemål.

Valaker sin første studie viste at pasientane var nøgde med den tekniske delen av behandlinga, men at nokre opplevde manglande informasjonsflyt, uklare ansvarsforhold og oppfølgingsavtalar. Valaker og medarbeidarane konkluderer med at det er behov for ei sterkere integrering av akuttbehandling og oppfølging/rehabilitering.

Valaker og hennar medforfattarar har publisert artikkelen «Continuity of care after percutaneous coronary intervention» i European Journal of Cardiovascular Nursing. Artikkelen blei valgt ut til ESC Virtual Journal (Link). Artikkelen har vidare fått omtale i UNIKARD som oppsummerar norske publikasjonar innan hjarte- og karforskning.

Valaker har vore med å utvikla ideen til prosjektet CONCARDPCI som blir leia av professor Tone Merete Norekvål (til venstre på biletet). Hovedstudien skal inkludere 3000 pasientar fra 6 PCIsenter. Prosjektet har breitt samarbeid med primærhelsetenesta, pasientorganisasjonar, læringsog mestringsnettverk i Sogn og Fjordane og i Hordaland, Senter for helseforskning i Førde og 6 store PCI senter i Norge og Danmark. Prosjektet er organisert i 4 arbeidspakkar som involverer fleire forskarar på ulike nivå.

Forskningsgruppa vil ha fokus på kontinuitet, medikamentetterleving, rehabiliteringsdeltaking, og helserelatert kompetanse hos brukarane. Prosjektet vil og undersøke bruken av helsetenester, kostnader og prediktorar for («å forutseie») kostnadar på tvers av sektorar. I tillegg vil det bli gjennomført ein randomisert kontrollert studie (RCT) i forhold til e- helse. Enkelt forklart kan RCT fortåast som at ein samanliknar med ei «kontrollbehandling».

CONCARDPCI fikk nyleg finansiering av Helse Vest RHF. Målet er å framskaffe forskningsbasert kunnskap for å kunne sikre betre ressursutnytting og samhandling, samt utvikle og evaluere metodar for å kunne redusere eit potensielt gap mellom forskning og klinisk praksis.

Valaker er ph.d – stipendiat ved Universitetet i Bergen, og doktorgradsprosjekt er finansiert ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Rettleier er Professor Maj-Britt Råholm ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde.

Saken er henta frå Samhandlingsnytt august/september 2017

Forskingsdagane

 2017 er i gang for fullt!

 

Posterutstilling:

I dag startar posterutstillinga som er eit samarbeid mellom fagmiljøa på Høgskulen og Helse Førde. Her får ein innsikt i forskinga som føregår på dei to institusjonane. Ein kan sjå posterutstillinga i Vestibylen på sjukhuset og i inngangspartiet på Høgskulen.

Tysdagsdebatten: «Vitskap utan formidling er ikkje vitskap»

Aldri før har det vore fleire forskarar i Sogn og Fjordane enn i dag. Desse forskarane utfører meir forsking og publiserer jamnare og oftare i internasjonale renommerte fagtidsskrift enn nokon gong. I Sogn og Fjordane bør vi vere både glade for og stolte av dette. Dyktige forskarar og framifrå forsking er i seg sjølv eit aktivum for fylket vårt.

Journalist Helge Johnsen og prorektor Bjørg Kristin Selvik vil innleie om forholdet mellom regionen, høgskulen og forskinga vår. Eit panel med fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Førde Olve Grotle, leiar i Sunnfjord næringsutvikling Rolf Sanne-Gundersen og konstituert viseadministrerande direktør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven diskuterer kvifor Høgskulen er så usynleg i samfunnsdebatten.

Tid: Tysdag 26.september kl 19–21
Stad: Biblioteket på Høgskulen, Førde (ved Sjukhuset)

Dropp-inn seminar 29. september 2017

Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde inviterer deg til ein twist-pose av eit seminar. Her får du med deg noko av det nyaste innan forsking frå helseforskingsmiljøet i Førde. Du berre «droppar inn» på dei føredraga DU synest er interessante!

Del 1. Stad: Førde sentralsjukehus, Auditoriet i 2.etasje.

Fredagsmøte
08:00 – 08:45 Maria Holsen: Om knesmerter, vernepliktige og kirurgi – presentasjon av avhandling om MR diagnostikk og langtidsresultat etter kirurgisk behandling.

Tema: Samhandling på kryss og tvers
09:00 – 09:20 Nyonga R. Amundsen: Innovasjon innanfor tolketenesta.
09:30 – 09:50 Tanja Strandheim: Det handlar om å bli kjent med kvarandre. Samhandling mellom primærhelsetenesta og døgnavdeling i distriktspsykiatrisk senter.

Tema: Psykisk helse – Verdiar og verdighet
10:00 – 10:20 Trond Aarre: Kva praktisk nytte har vi av dagens psykiatriske diagnostikk? (videooverf)
10:30 – 10:50 Stig Magne Solstad: Kva er viktig for deg? Eit lynkurs om meininga med livet.

Tema: Kunnskapsbasert praksis
11.00 – 11:20 Helga Osvold: Prøvetaking til blodkultur – myter og ny kunnskap. Slik jobbar vi med å utvikle kunnskapsbaserte fagprosedyrer på nasjonalt nivå.

Del 2. Stad: Høgskulen, Campus Førde, Auditorium Sogn

Tema: Pårørande
11:30 – 11:50 Marianne Fjose: Eldre kreftpasientar i palliativ fase og dei næraste familiemedlemmane sitt behov for hjelp og støtte.
12:00 – 12:20 Bente Egge Søvde og Gro Hovland: Streben for å oppretthalde eit verdig liv. Kommunale helsetenester sett ifrå pårørande si side.
12:30 – 12:50 Toril Terum: Samanhengen mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande.

Tema: Verdiar og verdighet
13:00 – 13:20 Lars Kyte og Ole T. Kleiven: Sjukepleieverdiar under press
13:30 – 14:00 Wenche H. Vallestad og Marit Anita Sunnarvik: Verdigheit til siste andedrag – ein fenomenografisk studie av intensivsjukepleiarens oppfatningar.

Første disputas nokonsinne i Førde

Fredag 15. september disputerer overlege og avdelingssjef Reidar Hjetland over si avhandling om flåttoverførte infeksjonar i Sogn og Fjordane. Dette er første gong ein slik disputas er lagt til Førde, og seansen er open for alle interesserte.

Sjølve eksamenen er ein diskusjon der kandidaten må presentere og deretter forsvare avhandlinga si mot kvalifiserte og ofte svært nærgåande spørsmål frå tre opponentar.

Reidar Hjetland er overlege og avdelingssjef ved Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde. Han har i fleire år forska på flåttrelaterte infeksjonar, og skal no forsvare forskingsarbeidet sitt. Han blir ikkje den første med doktorgrad i Helse Førde, men han blir den første som gjennomfører den munnlege eksamenen – disputasen – i Førde.

Dette skjer fredag 15. september, i auditoret ved Førde sentralsjukehus. Dagen før er det prøveførelesingar over to emne; eitt sjølvvald og eit oppgjeve emne.

– Det er stort for Helse Førde og fylket vårt at ein av våre avdelingssjefar har gjort dette forskingsarbeidet i tillegg til store daglege oppgåver, seier klinikkdirektør Olav Hesjedal.   – Hjetland har gjennomført heile forskingsarbeidet utan anna frikjøp enn overlegepermisjon.

Disputasen er eit offentleg arrangement med gratis inngang,  og er ope for alle.

– Ein disputas er ein vaksine mot «Fake News», sidan ein ope og kritisk granskar forskinga. Ved å følgje disputasen vil du lære mykje om både emnet og korleis akademisk forsking skjer, seier forskingsleiar Marit Solheim ved  Senter for helseforsking.

Dagen før sjølve disputasen skal Reidar Hjetland halde to prøveforelesingar.

Reidar Hjetland er fødd i Høyanger i 1956. Han tok medisinsk embetseksamen i Bergen i 1982. Han er spesialist i medisinsk mikrobiologi, og er overlege og avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde.
Tidspunkt og stad for disputasen 15. september:
Kl. 10.00, auditoriet, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus.
«Tick-borne infections in Sogn og Fjordane, western Norway: Seroprevalence, risk factors and subjective health complaints in blood donors».

1. opponent:  Ph. d. Ram Dessau, Syddansk Universitet, Danmark
2. opponent:  Dr. med. Ingeborg S. Aaberge, Folkehelseinstituttet
3. opponent: Professor Harald G. Wiker, Universitetet i Bergen
Disputasen vert leia av professor Audun Nerland.

Tidspunkt og stad for prøveforelesingane 14. september:
kl. 15.30. Sjølvvald emne: «Bioterror».
kl. 16.30. Oppgitt emne: «Sammenligning av patogenese og immunreaksjoner ved infeksjon med de flåttbårne organismene Borrelia og Anaplasma».
Stad: Auditoriet, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus

Ny vitskapleg publikasjon!

Pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde

The relationship of specific items on the Neuropsychiatric Inventory to caregiver burden in dementia: a systematic review.

Det er i dag godt dokumentert at pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde, ofte med negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv og helse. Forsking viser at nevropsykiatriske symptom ved demens (NPS) er den pasientvariabelen som i størst grad forklarar auka stress blant pårørande.

Den aktuelle artikkelen er ein systematisk litteraturgjennomgang, der ein undersøkjer samanhengen mellom spesifikke NPS og stress blant pårørande. Totalt 13 studiar vart inkludert. Storparten av pårørande er kvinner, deriblant flest barn og ektefelle. Funna indikerer at irritabilitet, agitasjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar er symptom hos pasienten som pårørande opplever mest belastande. Mangfald i statistiske metodar gjer det imidlertid vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.

Toril Marie Terum er stipendiat og er 50 % finansiert frå Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) med midlar frå Norsk forskingsråd. Lokalt er Toril finansiert  25 % Førde kommune / USHT, Sogn og Fjordane, 12.5 % Høgskulen på Vestlandet og 12.5 % Helse Førde.

The relationship of specific items on the Neuropsychiatric Inventory to caregiver burden in dementia: A systematic review

Gründerbedrift med fokus på pasientbehandling

Mental Health Informatics AS er et nystartet selskap som skal videreutvikle NORSE, et elektronisk databehandlingssystem for mer effektiv og bedre pasientbehandling. Systemet er utviklet av Christian Moltu og hans kollega Sam Nordberg ved Helse Førde og i første omgang rettet mot pasienter med psykiske lidelser.

NORSE vil på bakgrunn av tilbakemeldinger fra en pasient, lage rapporter og profiler av pasientens symptomer og ressurser.  Disse rapportene kan så benyttes i behandlingen og være viktige supplement og støtte til klinisk skjønn og faglige vurderinger.

Les heile saka her!

Kommersialisering av forskningsresultat

Kunnskapsparken er kommerslialiseringsaktør for Helse Førde og Høyskolen på Vestlandet i Sogn og Fjordane, og skal aktivt arbeide for å kommersialisere ideer og forskningsresultat fra miljøene. For bedre å få ut potensialet så har partene gått sammen om en felles toårig prosjektstilling med lokalisering i Førde på Vie. Gjennom dette arbeidet så ønsker en å skape et miljø for nyskaping der forskningsresultat og gode ideer blir til livskraftige vekstbedrifter. Stillingen ligger administrativt under Kunnskapsparken, men partene deler på utgiftene.

Joachim Vie er tilsatt i stillingen. Han starter  i august og skal jobbe med innovasjon og forretningsutvikling innenfor miljøene. Joachim Vie kommer fra stillingen som daglig leder og prosjektleder i reklamebyrået Rein Design. Han er utdannet journalist, og har en bachelorgrad i økonomi og organisasjon med spesialisering innen regnskap og forretningsutvikling. I tillegg så har han bred erfaring innen markedsføring og prosjektutvikling.

Kunnskapsparken ser et stort potensiale i samarbeidet og gleder seg til arbeidet videre.

Saken er henta frå Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2018

Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2017.

Her finn du link til utlysing.

Måndag 21. august var det informasjonsmøte i samband med utlysinga av midlane, under finn du power point presentasjonane som vart vist på informasjonsmøte:

Intro av fagdirektør ved Helse Førde Kristine Lonfellow

Helse Vests forskningsmidler – informasjonsmøter august 2017