Friske midlar til barn og eldre

To av våre flinke forskarar har fått forskingsmidlar frå Helse Vest til spennande prosjekt om angstførebygging hos barn, og pasienttryggleik for eldre.

Kirsten Flaten har fått tildelt nær 400 000  til prosjektet «Cool little kids –angstforebyggande program for foreldre til 4 årige barn med engstelse».

Helsedirektoratet anbefaler å byggje ut  førebyggjande lavterskeltilbod innan psykisk helse, og Cool little kids er eit slikt tilbod.  Cool little kids er utvikla i Australia, men ikkje tidlegare nytta i Norge.  Flaten har i samarbeid med eit nasjonalt og internasjonalt miljø oversett manualar og arbeidsbok for foreldre, og  ho skal no gjennomføre ei pilotutprøving av programmet i Norge.

Flaten har delt stilling Helse Førde, Psykisk helsevern for barn og unge, Sogndal BUP og Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for lærarutdanning og idrett.

Kristin A. Laugaland har også fått nær 400 000 for å sluttføre doktorgradsarbeidet sitt,  «Quality and safety within elderly health and care services – the role of transitions and interactions”

Doktorgradsprosjektet har fokus på korleis pasienttryggleik vert ivaretatt når eldre pasientar vert skrivne ut frå sjukehus til oppfølging i kommunehelsetenesta. Prosjektet vektlegg perspektiva til både helsepersonell, pasientar og pårørende. Doktorgradsarbeidet er ein del av eit større prosjekt som har finansiering frå Norges Forskningsråd og Universitetet i Stavanger. http://seros.uis.no/category.php?categoryID=7392

Laugaland er PhD-stipendiat i Helse Førde og ved Universitetet i Stavanger.