Veit helsepersonell for lite om tannhelse?

Eit samarbeid mellom HiSF og tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane har auka fokus på tennene i sjukepleiarutdanninga.

– Det er ei utfordring for oss at tannhelse ikkje alltid vert prioritert i tilstrekkeleg grad i institusjonane, kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta der studentane har klinisk praksis, seier Kurt Arild Krokmyrdal, høgskulelektor ved sjukepleiarutdanninga hos Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han fortel at sjølv om tannhelse alltid har stått på pensum for studentane i fyrste studieår, møter dei rutinar i praksis som fråvik frå det dei har lært i undervisninga. Når temaet og får mindre merksemd utover i studiet, er det lett å legge frå seg det ein har lært på skulen.

Ansvar for førebygging

Fylkeskommunen har ansvar for tannhelsetenesta og for å drive førebyggande folkehelsearbeid. I samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for helsefag, har dei utført eit prosjekt med fokus på informasjon og opplæring i oral helse og førebygging av sjukdom og skade i munnhola. Prosjektet byrja med ei kartlegging i 2013, og resulterte i ein rapport som kom med forslag til tiltak innan høgskulens undervisning, på klinikknivå, på behandlarnivå og administrativt i tannhelsetenesta.

Lagar film om tannhelse

Eit av desse tiltaka har vore å lage opplæringsfilmar som undervisningsmateriale retta mot tilsette i pleie- og omsorgstenesta i kommunane, samt til bruk i undervisninga på høgskulen. Medielinja på Firda VGS er engasjert i dette og arbeider med å ferdigstille ein film med fleire tema i ulike «kapittel», som skal distribuerast i kommunane og til sjukepleiestudentane.

Sjukepleiestudentane er ei målgruppe i prosjektet fordi ein ønskjer at ein kan forbetre praksis ved å gi grundigare undervisning om temaet til die som skal gå ut i helsetenestene. I det helsefremmande og førebyggande arbeidet med tannhelse kan høgskulen bidra med tilbod til enklare og betre undervisning.

Meir og betre undervisning

Frå og med våren 2013 har høgskulen utvida sin undervisning om tannhelse frå å berre inngå i «Grunnleggande sjukepleie» på første studieår til å nå og omfatte en time undervisning i medisinar og tannhelse i andre studieår, samt undervisning i tannhelse hos spesielle grupper (rus og psykiatri, heimebuande eldre) på tredje studieår. Det er tannlegar og tannpleiarar frå fylkestannhelsetenesta som undervisar i desse timane.

Ny kartlegging i 2015

I 2014 skal tannhelsetenesta jobbe med å følgje opp tiltaka som rapporten foreslår. Kartlegginga frå 2013 skal gjørast på nytt i 2015 for å sjå om prosjektet har ført til endringar i tenestene.