Helse Førde-forskar medforfattar i studie i prestisjetungt tidsskrift

Pawel Franciszek Mielnik i Helse Førde er medforfattar av ein studie publisert i JAMA, eit av verdas mest anerkjende medisinske tidsskrift. Studien undersøkte effekten av skreddarsydd behandling med legemiddelet infliximab mot betennelsessjukdommar i ledd, tarm og hud.

Revmatologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har vore deltakar i den kliniske studien NOR-DRUM (The Norwegian Drug Monitoring Study) som blei publisert i JAMA (Journal of the American Medical Association) 4. mai. Dette er eit av verdas mest anerkjende medisinske tidsskrift, og det er sjeldan at norsk forsking vert publisert der. Mindre enn 2 prosent av innsende originalarbeid vert godkjende for publikasjon.

– Det er veldig kjekt. Alle som jobbar ved revmatologisk seksjon har vore involvert i arbeidet, seier Pawel Franciszek Mielnik, seksjonsleiar ved Revmatologisk seksjon, Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering i Helse Førde.

Bak studien ligg eit tverrfagleg forskingssamarbeid mellom sentrale miljø i dei tre kliniske faga gastroenterologi, dermatologi og revmatologi – i tillegg til eit laboratoriemiljø ved Radiumhospitalet. 21 avdelingar frå alle helseregionane i Noreg har vore involvert i studien.

– Den er eit døme på kor viktig det er med godt samarbeid på nasjonalt nivå, seier Mielnik.

Skreddarsydd behandling ikkje nødvendig
Biologiske legemiddel som infliximab dempar aktiviteten i immunsystemet  og vert brukt i behandlinga av mange vanlege kroniske betennelsessjukdommar i ledd, tarm og hud. Det store spørsmålet studien ønskte å svare på var om ein skal gi same dose av infliximab og andre biologiske legemiddel til alle pasientane, eller om ein skal justere dosen basert på legemiddelkonsentrasjonen i blodet (Sokalla Therapeutic Drug Monitoring, TDM) hos kvar enkelt pasient.

Studien set punktum for ein lang debatt både nasjonalt og internasjonalt når det gjeld bruk av TDM i oppstarten av behandling med infliximab. Den viser at slik skreddarsydd behandling ikkje er nødvendig for å oppnå god effekt av infliximab i oppstartsfasen av behandlinga.

Denne første delen av NOR-DRUM-studien har følgt 400 pasientar med kroniske betennelsessjukdommar (revmatoid artritt, psoriasisartritt, spondyloartritt, ulcerøs kolitt, Crohns sykdom eller psoriasis) som starta behandling med infliximab. Dei blei tilfeldig delt inn i to grupper. Den eine gruppa fekk justert dosen i henhold til legemiddelkonsentrasjonen i blodet, medan den andre gruppa fekk standard dosering.  Etter 30 veker hadde like mange i kvar gruppe oppnådd studiens endepunkt som var remisjon (få eller ingen teikn på sjukdomsaktivitet).

Del B av NOR-DRUM-studien undersøker no om slik skreddarsydd behandling er nyttig under vedlikehaldsbehandling med infliximab.

 

Les artikkelen her:
Effect of Therapeutic Drug Monitoring vs Standard Therapy During Infliximab Induction on Disease Remission in Patients With Chronic Immune-Mediated Inflammatory Diseases: A Randomized Clinical Trial

 

Om NOR-DRUM-studien

  • Leia frå Diakonhjemmet Sykehus
  • NOR-DRUM del A er ein randomisert, klinisk multisenterstudie av pasientar med immunologiske sjukdommar i ledd, tarm og hud som startar behandling med legemiddelet infliximab
  • Studien er den første randomiserte kontrollerte studien på dette feltet
  • Målet med studien var å undersøke om ein individualisert behandlingsstrategi basert på regelmessige målingar av konsentrasjon av infliximab i blodet ga betre effekt av behandlinga målt i andel pasientar med god respons (remisjon) etter 30 vekers behandling
  • Studien er finansiert gjennom forskingsmidlar frå Klinisk behandlingsforskning (KLINBEFORSK) og Helse Sør-Øst

Kjelde: Pressemelding, Diakonhjemmet Sykehus