Helse Førde lanserer app for lungesjuke

Ein app som visualiserar enkle og viktige pusteøvingar er no klar for lansering. Spesialfysioterapeut Elin Johnsen i Helse Førde har i to år arbeidd med appen som skal gje kronisk lungesjuke eit verktøy for å følgje opp si eiga helse. Dette er ei stor pasientgruppe både nasjonalt og internasjonalt.

Spesialfysioterapeut, idéhavar og prosjektleiar Elin Johnsen (biletet) i Helse Førde har sidan våren 2018 jobba med dette innovasjonsprosjektet. I lag med teknologiselskapet Haptiq har ho utvikla konsept og programvare til verktøyet som skal lette kvardagen til denne sårbare pasientgruppa. I Norge er det 400 000 personar som har ei eller anna form for lungesjukdom. Dette er pasientar som strevar med slim og tung pust i kvardagen, og som også er ekstra sårbare for infeksjonssjukdommar.

Innovasjon i helsesektoren

– Denne digitale løysinga gjer krevjande informasjon tilgjengeleg på ein mykje meir pedagogisk og motiverande måte. Målet er at kronisk lungesjuke skal vere betre rusta til å gjere viktige øvingar for å handtere plagsame symptom på eiga hand, fortel Elin Johnsen.

Helse Førde er opptekne av å finne gode innovative løysingar for sine pasientar og tilsette. Dei ser eit stort potensial i å ta i bruk teknologi på nye måtar. Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, fortel at «Pust deg bedre»-prosjektet er eitt av fleire pågåande innovasjonsprosjekt i helseføretaket.
– Slikt innovasjonsarbeid er naudsynt for oss i helsesektoren. Vi må ta i bruk helsefagleg kunnskap på nye måtar i framtida, og dette prosjektet retta mot lungesjuke har vi eit ekstra varmt hjarte for, seier, Arve Varden.

Koronaviruset

Varden poengterer det viktige i at Helse Førde i lag med Helse Vest IKT kan tilby dette hjelpemiddelet akkurat no, når Norge er i ein heilt spesiell situasjon grunna koronaviruset.
– Det er mange personar som er råka av lungesjukdom i Norge og pasientgruppa er ekstra sårbar for smitte av koronaviruset. «Pust deg bedre» kan vere med å skjerme denne risikogruppa mot konsekvensane av koronasmitte. Med appen legg vi til rette for at lungesjuke får eit ekstra hjelpemiddel til å halde seg så friske dei kan på eiga hand, og unngå unødig kontakt med andre, seier Varden.
Appen er utvikla i godt samspel mellom fageksepertisen innan lungefysioterapi og spelteknologikompetansen til Haptiq.
– Dette prosjektet til Helse Førde har vore veldig gjevande for hele Haptiq-teamet. Spel er underhaldning, og det må vi også ha, men det er utrolig gjevande å bruke vår kreativitet, ekspertise og erfaring til å skape software-applikasjoner som hjelper menneske, seier Arve Øverland, dagleg leiar i Haptiq AS.

Fagkunnskap i ny drakt

Pusteøvingane i appen er basert på anerkjend fagkunnskap i fysioterapi, og syner dei mest effektive og skånsame pusteteknikkane som lungesjuke skal nytte for slimmobilisering. Det innovative i løysinga er måten spelteknologi blir nytta for å hjelpe pasientane til å forstå kompliserte øvingar som kan vere vanskelege å hugse, om ein berre får dei forklart i møte med sin fysioterapeut. No kan pasientane ta med seg rettleiinga heim, og kan ta ho fram kvar gong dei skal gjere øvingane.

Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) – lokalt og nasjonalt – har vore og er ein viktig medspelar i utviklingsarbeidet. Brukarrepresentantar, både fysioterapeutar og lungesjuke har vore delaktig med viktige innspel og brukartesting i utviklingsarbeidet. Johnsen har også tett samarbeid med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Helse Vest IKT.
Arbeidet har motteke avgjerande økonomisk støtte frå Helse Vest og Stiftelsen Dam, ei stifting som gjev pengar til helse- og forskingsprosjekt.

Stor etterspurnad i fagmiljøa

Johnsen har ved fleire høve presentert applikasjonen for fysioterapiforbundet sine medlemmer. Appen har vore testa i fleire omgangar, og fleire brukartestar er planlagde.
Helse Førde og Helse Vest IKT har framskunda lanseringa til påska 2020, for å kunne tilby verktøyet til pasientgruppa hjelpemiddelet no i koronakrisa. I tillegg til å kunne yte hjelp til sjølvhjelp for dei som kan klare det, vil ein kunne førebygge innleggingar i ei tid kor helsevesenet er satt på prøve på grunn av koronaviruset.

Appen er ikkje knytt til spesifikke diagnosar, men symptom. Den kan difor også brukast for pasientar med Covid-19 som har slimplagar som ein del av sine symptom. Desse pasientane har også minimalt med kontakt med helsevesenet og andre, og vil derfor kunne ha glede av appen for å kunne hjelpe seg sjølv.

– Sjølv om det ikkje er fare for å gjere noko skade ved å laste ned appen på eigen hand, ber vi alle pasientar om å kontakte fysioterapeut før dei tek i bruk verktøyet. Det beste resultatet får pasienten ved individuell fagleg vurdering og tilpassing til den einskilde, presiserer spesialfysioterapeut Elin Johnsen. Først då vil behandlinga imøtekome kvalitetskriteria i lungefysioterapi: at behandlinga blir effektiv, skånsam, motiverande og sjølvstendiggjerande, seier Johnsen.

For meir informasjon om appen og arbeidet kontakt:

Elin Johnsen, spesialistfysioterapeut og prosjektleiar,
901 98 605, pustdegbedre@helse-forde.no

Terje Ulvedal, kommunikasjonsdirektør Helse Førde,
951 29 355, terje.ulvedal@helse-forde.no