God tone når Berit Rokne (rektor HVL) og Arve Varden (AD Helse Førde) signerer den overordna avtala for samarbeid mellom desse to institusjonane.

Vellukka samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet vert vidareført

Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet har lenge hatt eit formalisert samarbeid om forsking, innovasjon og utdanning. Erfaringa frå samarbeidet er svært positiv, og begge partar ønskjer å jobbe vidare i lag for å styrke kvarandre. Tidlegare i år signerte rektor på HVL og adminstrerande direktør i Helse Førde ei ny overordna samarbeidsavtale med mål om å vidareutvikle det forpliktande og langsiktige samarbeidet mellom institusjonane.

 

Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet er gjensidig avhengige av kvarandre. I Sogn og Fjordane har utviklinga til desse institusjonane gitt gode synergiar i over 40 år, og har soleis mange års erfaring med å spele kvarandre gode. I februar 2020 møttes toppleiinga i dei to organisasjonane og signerte ny overordna avtale for vidare samarbeid. Avtalen skal sikre god kvalitet og breidde innanfor forsking, innovasjon og utdanning. Les innhaldet i avtala her: Overordna samarbeidsavtale mellom Helse Førde og HVL – institusjonelt samarbeid om forsking, innovasjon og utdanning 2019

 

Utdanning av helsepersonell

Sentralsjukehuset og campus til Høgskulen vart på 70 talet vedteken samlokalisert på Vie fordi utdanning av kvalifisert helsepersonell er avgjerande for god pasientbehandling. Campus Førde har no 700-800 studentar innan helsefag.

Kvart år samarbeider institusjonane om utdanning av ergoterapeutar, fysioterapeutar, radiografar, jordmødre, bioingeniørar, sjukepleiarar, sosionomar, spesialsjukepleiarar, barnevernspedagogar og spesialpedagogar. I 2019 gjennomførte nærare 500 studentar frå Høgskulen på Vestlandet delar av utdanninga si i Helse Førde.

 

Helseforsking Sogn og Fjordane

Under Helseforsking Sogn og Fjordane er det tilknytt 25 personar. Mange i delte stillingar mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, medan andre er tilsett i ein av organisasjonane. Felles forskings- og innovasjonsmiljø og samlokalisering under paraplyen Helseforsking Sogn og Fjordane er ein nøkkel til suksess.

Dei tilsette er ei blanding av forskarar, støttepersonell, og personar frå inn –og utland som har bistillingar i vårt miljø. Helseforsking Sogn og Fjordane har som mål å stimulere til forsking og innovasjon i nærregion Sogn og Fjordane.

 

Samarbeidsavtalen

Målet med avtalen er å vidareutvikle det forpliktande og langsiktige samarbeidet mellom HVL og Helse Førde, samt bidra til å skape framifrå fagmiljø og god kvalitet og breidde innanfor forsking, innovasjon og utdanning.

Avtalen skal bidra til å skape gjensidig føreseielege forhold, og leggje til rette for synergieffektar, utvikling og god ressursutnytting for begge partar også i framtida.