Motiverer til trening i ei virtuell verd
Ny publikasjon: Trening med VR gjev motivasjon og betring for hjerneslagpasientar.
– Alle pasientane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Dei gjekk inn i si eiga boble der tid og stad blei noko utanfor det normale.
Det fortel Jeanette Svarstad, spesialfysioterapeut i Helse Førde. Ho har saman med Stine Solvik, spesialfysioterapeut same stad og Runar Tengel Hovland, forskingskoordinator i Helse Førde og førsteamanuensis ved HVL fått publisert ein vitskapleg artikkel i Fysioterapeuten.
Her har dei undersøkt korleis pasientane opplever å trene opp balanse, hurtigheit, koordinasjon og armfunksjon ved bruk av VR-teknologi, og om dette bidreg til å styrke motivasjonen for trening.
– Rehabilitering etter akutt hjerneslag krev høg motivasjon til intensiv trening, og for mange pasientar er dette ein utfordrande og tidkrevjande prosess, seier Svarstad.
Åtte pasientar i alderen 35 til 79 år vart intervjua etter fullført treningsperiode med kombinert VR-trening og vanleg fysioterapioppfølging. VR-treninga gjekk ut på at pasientane spelte eit virtuelt spel medan dei hadde på seg VR-briller, og brukte handkontroller for å slå boksar i takt med musikk.
Motivert av konkurranse og opplevd framgang
Pasientane opplevde meistring og framgang som var synleg for dei sjølve og behandlarane.
– Til dømes spelte alle sitjande under den første økta, og hadde vanskar med å meistre oppgåva. Til slutt spelte alle utanom to oppreist og kjende at dei kunne stole på balansen, seier Svarstad.
VR vekka også konkurranseinstinktet hjå mange av pasientane.
– Dei blei motiverte av å konkurrere mot sin eigen poengsum. Det som likevel betydde mest var å sjå ein reell endring i rørsleevne, seier Svarstad.
Opplevinga av tida blei endra i VR, noko som gjorde det mogleg å trene med høg intensitet over lengre tid.
– Med VR inviterer vi pasientane inn i ei ny og virtuell verd og tilbyr ei flukt frå sjukehusveggane og ein krevjande situasjon. Dette aukar motivasjon, engasjement og kjensla av å kjenne seg frisk, fortel Svarstad.
Eller som ein av pasientane uttrykte det:
– …du får ei verkelegheitsflukt, ikkje sant, sånn som på kino der du er heilt vekke ein time, og det er det her og. Du er vekke frå alt. Du er inne i ei ny verd og får nye impulsar, og du blir jo eigentleg lurt til å gjere ting som ligg djupt i deg.
Les artikkelen i Fysioterapeuten her.
Les også: Brukar VR til opptrening av hjerneslagspasientar
Video: Rakkar