Når feittet blir ein protest mot sunnheitstyranniet

Helseeliten og den sunne middelklassen føreset at dei tyngste blant oss bør lære å leve annleis. Men nokre vil slett ikkje det.

«Al Dente» av kunstnaren Iiu Susiraja

“Alt under hundre kilo er homo”.

Denne påstanden fekk professor ved Universitetet i København, Lotte Holm, høyre då ho studerte haldningar til kropp og livsstil blant danske, mannlege renovasjonsarbeidarar. Holm var blant deltakarane på konferansen «The Complexity of Obesity» i Balestrand i juni, organisert av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Helse Førde.

– Det finst sterke føringar i våre dagar for korleis kroppen skal sjå ut. Særleg i middelklassen. Men vi må vere medvitne om at desse normene ikkje blir delte av alle, seier sosiolog Lotte Holm. Forskinga hennar viser at feitt tyder heilt ulike ting i ulike delar av samfunnet.

Les heile artikkelen på forskning.no:

Feittet som protest mot sunnheitstyranniet