Testar om elevane blir smartare av fysisk aktivitet

Skal det bli plass til meir fysisk aktivitet i skulen, så må gymmen inn i basisfaga. Då må forskarane dokumentere at aktivitet gjer elevane både friskare og smartare.

– For ti år sidan ville ein time dagleg fysisk aktivitet i skulen ha vore ein hårreisande tanke. Å stele frå timane i klasserommet kom ikkje på tale. Men no er tida inne for ei grunnleggjande endring i korleis vi tenkjer skule, meiner Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis innan idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Les meir om skuleintervensjonen som startar til hausten, og diskusjon om den på fedmekonferanse i Balestrand, på forskning.no: http://www.forskning.no/artikler/2014/juni/395071