Ny forsking: Kognitiv åtferdsterapi for barn og ungdom med åtferdsforstyrring og ADHD effektiv i vanleg behandling

Ein ny meta-analyse viser at terapiforma har stor effekt i vanleg behandling, at dei aller fleste fullførte behandlinga, og at terapiforma var like effektiv i vanleg behandling som under behandling i forskingsprosjekt.

–  Resultata er oppløftande og viser også at behandlinga er effektiv uavhengig av om den skjer individuelt eller i gruppe. I tillegg fann vi at den er effektiv både om det er barna, deira foreldre, eller begge som deltek, og med ulik grad av involvering frå foreldre.

Det seier Eili N. Riise, PhD og psykologspesialist i Helse Førde.

Saman med Gro Janne H. Wergeland, Urdur Njardvik og Lars-Göran Öst står ho bak ein meta-analyse publisert i Clinical Psychology Review. Der undersøker dei effektiviteten av kognitiv åtferdsterapeutiske (KAT) behandlingsprogram for ADHD og åtferdsforstyrring (CD og ODD) hjå barn og ungdom i vanleg poliklinisk behandling.

– KAT-behandling som har vist seg å vere effektiv inkluderer program for foreldre og lærarar og program som jobbar med barn si evne til sjølvkontroll og problemløysing, seier Riise.

Effekt i vanleg behandling
Mesteparten av forskinga på behandlingsmetodane og mesteparten av belegget for at dei fungerer mot desse lidingane kjem frå studiar frå spesialiserte forskingsmiljø. Der undersøker ein kor effektive behandlingane er under «ideelle» omstende.

I desse studiane er det strenge metodiske prosedyrar og strenge kriterium for kven som kan vere med i behandlinga. Terapeutane er ekspertar på behandlingsmetoden og kan bruke mykje tid på å behandle akkurat desse lidingane. Pasientar som har andre diagnosar i tillegg, som for eksempel depresjon, vert vanlegvis ikkje tekne med i slike forskingsprosjekt. I tillegg vert pasientane vanlegvis rekruttert gjennom annonser.

Dette skil seg frå behandling i det verkelege liv på mange måtar. På grunn av desse forskjellane, har det vore usikkert om den store effekten ein ser ved behandling av desse lidingane med kognitiv åtferdsterapi under «ideelle» omstende også er til stede ved vanleg behandling.

Derfor har Riise og medforfattarane undersøkt 51 studiar som nettopp undersøker kor effektiv terapiforma er i vanleg behandling i poliklinikk, der behandlarane har mange pasientar og behandlar mange forskjellige type lidingar. I tillegg blei barn og unge i desse studiane tilvist til den aktuelle klinikken på vanleg måte, det vil seie at dei ikkje blei rekruttert til eit forskingsprosjekt. Behandlarane var mellom anna psykologar og sosialarbeidarar.

Like god effekt
Etter å ha samanlikna resultata frå begge typar studiar, finn dei at behandlinga er like effektiv i «den verkelege verda» som i studiane der behandling blei gitt under ideelle omstende.

– Funna frå vår metaanalyse syner at det er god grunn til å forvente at behandlinga har like god effekt når den vert implementert i vanleg klinisk praksis, seier ho.

Resultata viser også at over halvparten av pasientane var betre då dei kom til oppfølgingstime og at pasientar og familien opplever behandlinga som noko det er greitt å vere med på.

– Med god opplæring i metoden og om metoden vert gjennomført som tilrådd, så vil behandlinga gje like god effekt på ein vanleg poliklinikk som ved ein «ekspertklinikk» og god behandling kan bli tilbydd lokalt, seier ho.

Viktig med gode behandlingsmetodar
Lidingane er blant dei vanlegaste årsakene til at barn og unge treng psykiske helsetenester. Lidingane er karakterisert av aggresjonsproblem, svekka impulskontroll og regelbrytande åtferd. Barn med desse lidingane strevar ofte med å fungere fagleg og sosialt. Dei har også auka risiko for vanskar seinare i livet, som emosjonelle vanskar, arbeidsledigheit, kriminalitet eller økonomiske problem.

– Difor er det viktig at vi har gode behandlingsmetodar for desse lidingane. Metaanalysen vår støttar effekten av KAT-program i vanleg klinisk praksis og syner at slik behandling bør vere ein del av behandlingstilbodet for barn og ungdom, fortel ho.

Ho legg til at det er viktig å understreke at ADHD er klassifisert som ei nevroutviklingsforstyrrelse medan åtferdsforstyrringar ikkje er det.

– Likevel har lidingane nokre fellestrekk som gjer at barn med slike problem kan ha nytte av den same type behandling, seier ho.

Effektivt for ein rekkje psykiske lidingar
Saman med Gro Janne Wergeland og Lars-Göran Öst, har Riise også nyleg publisert ei tilsvarande meta-analyse av studiar av KAT sin effektivitet i ordinær klinisk praksis på internaliserande lidingar hjå barn og ungdom. Dette omfattar angstlidingar, tvangsliding (OCD), post-traumatisk stressliding og depresjonslidingar. Også for dei internaliserande lidingane var det lik effekt i klinisk behandling som i studiar gjort under ideelle omstende.

– Saman syner dei to oppsummeringane at det er god grunn til å tru at kognitiv åtferdsterapi er effektivt for ei rekkje psykiske lidingar hjå barn og unge, også når behandlinga føregår i vanleg klinisk praksis, seier ho.

Begge studiane er fritt tilgjengelege, og du kan lese dei her:

Riise, Wergeland, Njardvik & Öst: Cognitive behavior therapy for externalizing disorders in children and adolescents in routine clinical care: A systematic review and meta-analysis

Wergeland, Riise & Öst: Cognitive behavior therapy for internalizing disorders in children and adolescents in routine clinical care: A systematic review and meta-analysis