Nytt Helse Vest-stipend til Førde

Psykolog Kristina Osland Lavik nådde opp i den svært tøffe konkurransen om doktorgradsstipend i Helse Vest. – Det er svært gledeleg at Lavik har fått tildelt dette stipendet. – Dette er eit trangt nålauge, og syner at Lavik sitt doktorgradsprosjekt har høg kvalitet både forskingsmessig og med klinisk relevans. Her er det berre til å seie gratulerer, og lukke til med viktig arbeid, seier klinikkdirektør for psykisk helsevern Børge Tvedt.

– Forskingsmiljøet rundt forskingsgruppa for psykisk helse og rus leverer stadig gode og relevante prosjekt, og dette er ei viktig anerkjenning både av denne forskingsgruppa, og det vi i lag med Høgskulen på Vestlandet har utvikla gjennom Senter for helseforsking. Det er viktig for oss å drive klinikknær forsking, og psykiatrisk klinikk i Førde har klart å leggje til rette for dette, sjølv i relativt små fagmiljø samanlikna med dei vi konkurrerer med, avsluttar Tvedt.

Berre 21% av dei som søkte midlar fekk tildeling. Senter for helseforsking gratulerer!