Viktig konferanse om fedmen sin kompleksitet

Norsk og internasjonale klinikarar og forskarar var samla i Balestrand i juni for å drøfte fedmen sin kompleksitet. Syttifem deltakarar frå fem land deltok, der dei som hadde reist lengst kom heilt frå Qatar.

Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen står bak konferansen, som vart halden for andre gong på fasjonable Kviknes hotell i Balestrand.

Bakgrunnen for konferansen er at stadig fleire har fått augne opp for at måten vi har handterert fedme på fram til no har store manglar. Konferansen sette fokus på kor komplekse årsakene til fedme er og at løysingane difor må ta omsyn til dette. Sjå her for ein visuell modell av fedmen sin kompleksitet og som viser at individet sin åtferd berre kan forståast som ein del av eit større system:

Kompleksitetskart for årsakene til fedme

John Roger Andersen ledet arbeidet med konferansen.

Tilbakemeldingane fra deltakerane er at dette var ein svært lærerik konferanse, og mange kunne fortelje at dei var over seg av begeistring for naturen i Balestrand.

– Det er særleg gledeleg at mange unge klinikarar og forskerar deltok, saman med erfarne internasjonale forskerar, seier John Roger Andersen. Det gjev håp for framtida. Neste konferanse vert i 2016.