Entries by mediebruketbot

Er du på jakt etter ei spennande stipendiatstilling?

Gjennom Høgskulen på Vestlandet utlyser PERSONFORSK ei stipendiatstilling knytt til alkoholbruksliding hjå pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi, med hovudmål å bidra med forsking av høg  kvalitet som fører til meir  persontilpassa helsetenester. Stipendiatstillinga inngår i prosjektet Førebygging og handtering av alkoholbruksliding hos pasientar som har gjennomgått fedmekirurgi. Stillinga vil inngå i ein tidsramme på tre år, […]

Høgskulen på Vestlandet utlyser 6 stipendiatstillinger innen akutt og kritisk sjuke

Høgskulen på Vestlandet utlyser 6 stipendiatstillinger innen akutt/ kritisk sjuke. Arbeidsplass vil enten vere Campus Førde, Bergen, eller Haugesund. Alle prosjekt skal ha rettleiar frå eit av dei tre helseforetaka: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna (Sjå lenker under for ytterligare informasjon om prosjekta og kontaktperson). Betre pasienttryggleik ved å inkludere pasientrapporterte data i kunnskapsgrunnlaget […]

Er du vår nye framtidsretta PhD-kandidat? Vi gir stipendgaranti!

Helse Førde utlyser PhD-stipend i 50% stilling over 6 år  Stillinga inngår i forskingsgruppa Persontilpassa helsetenester, og skal vere kombinert med klinisk/faglig arbeid i Helse Førde. Vi brenn for forsking av ypparste kvalitet og klinisk nytteverdi, og som bidreg aktivt inn i vårt forskingsmiljø. PhD-prosjektet skal passe tematisk og metodisk med det fokus som er […]

Kan ei «klokke» gje betre artrittbehandling? Det kan du hjelpe oss å finne ut!

Overlege Pawel Mielnik fekk interne forskingsmidlar frå Helse Førde til ein pilotstudie. No søkjer han frivillige deltakarar. – Vi ser etter friske personar over 18 år. Dei som er med blir del av eit viktig forskingsprosjekt som på sikt kan forbetre oppfølginga av, og kvardagen til, pasientar med artrittsjukdommane leddgikt, psoriasisleddgikt og spondyloartritt, fortel Mielnik, […]

Motiverer til trening i ei virtuell verd

Ny publikasjon: Trening med VR gjev motivasjon og betring for hjerneslagpasientar. – Alle pasientane opplevde VR-treninga som særs engasjerande, motiverande og nyttig. Dei gjekk inn i si eiga boble der tid og stad blei noko utanfor det normale. Det fortel Jeanette Svarstad, spesialfysioterapeut i Helse Førde. Ho har saman med Stine Solvik, spesialfysioterapeut same stad […]

Nasjonal helseatlasteneste hadde samling i Førde 2. og 3. mai

–  Det var både nyttig og nødvendig med eit fysisk møte etter korona-pandemien. Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) held til i Tromsø, og under pandemien har vi treft kvarandre berre på Teams. Det seier Marte Bale, leiar for atlastenesta i Helse Førde. Målet med samlinga var å starta opp ein felles utviklingsplan for […]

16 millionar til regionale innovasjonsprosjekt i Helse Vest

16 innovasjonsprosjekt får til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest. Helse Vest RHF lyste ut 16 millionar kroner til regionale innovasjonsprosjekt i dei to kategoriane «nye prosjekt» og «idéoverføring». Til søknadsfristen 25. oktober 2021 kom det inn totalt 44 søknadar, og det blei totalt søkt om 40 millionar kroner. Flest søknadar var det i kategorien […]